Ot.prp. nr. 55 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting og i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementets framlegg vil ikkje innebere administrative eller økonomiske konsekvensar for det offentlege.

For Norsk rikskringkasting vil framlegga på sikt kunne innebere auka inntekter. Det er ikkje mogleg på førehand å konkretisere nivået på dette moglege inntektspotensialet. Det er ein føresetnad at auka inntekter må førast attende til produksjon av program. Departementet vil orientere Stortinget om nivået på inntektene frå dei kommersielle aktivitetane i dei årlege budsjettproposisjonane.

Departementets framlegg om at det skal opnast for kommersielle innslag i NRKs tekstfjernsyn vil føre til auka konkurranse om annonseinntektene i dette mediet. På den norske marknaden er det i dag TV 2 som er den viktigaste aktøren. Inntektene frå annonsar i tekstfjernsyn utgjer ein liten del av TV 2 og dei andre kommersielle fjernsynsselskapa sine samla inntekter. Sjølv om det etter framlegget blir auka konkurranse om desse inntektene, reknar ikkje departementet med at framlegget vil få vesentlege verknader for dei kommersielle kringkastarane. Vi viser her også til omtalen under pkt. 3.1.

Departementets framlegg til endringar i lov om film og videogram får korkje konsekvensar for private eller det offentlege.