Ot.prp. nr. 57 (2004-2005)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

16 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

16.1 Endringar i opplæringslova

Til § 2-3 nytt andre ledd

Føresegna er ny, og slår fast at grunnskolen er delt i eit barnetrinn og eit ungdomstrinn. Omgrepet «klassetrinn» er endra til «årstrinn» i heile opplæringslova. Forslaget pålegg ikkje kommunane å gjere endringar i skolestrukturen. Skoleeigarane kan framleis fastsetje inndelinga i årstrinn ved den enkelte skolen.

Noverande andre til fjerde ledd blir tredje til femte ledd. Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 2.4.

Til § 2-3 tredje ledd

Tidlegere andre ledd er blitt tredje ledd. Nytt første punktum i tredje ledd gir departementet heimel for å gi forskrifter om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 4.4.

Til § 2-3 fjerde ledd

Tilvisinga i tredje punktum er endra som følgje av at det er tilføydd eit nytt andre ledd, med den følgje at dei etterfølgjande ledda blir forskyvde.

Til § 2-4 fjerde ledd

Orda «på småskoletrinnet» er erstatta med «på 1.-4. årstrinn». Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 2.4.

Til § 3-1 tredje ledd

Endringane i tredje ledd inneber at ungdomsretten blir utvida til å gjelde fram til utgangen av det året vedkommande fyller 24 år. Føresegna om tidsavgrensinga på fem år eller seks år når opplæringa heilt eller delvis blir gitt i lærebedrift, blir ført vidare. Det inneber at retten til vidaregåande opplæring gjeld i fem (seks) år frå det tidspunktet vedkommande begynner på opplæringa. Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 7.4.

Til § 3-1 sjette ledd

Sjette ledd er endra som følgje av at det blir innført nye nemningar i vidaregåande opplæring. Endringane inneber ingen endringar i den retten som i dag følgjer av sjette ledd. Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 3.4. Heimelen for departementet til å gi forskrifter er ført vidare i siste punktum, men heimelen for departementet til å fastsetje kvotar for inntak til særskilt grunkurs er ikkje ført vidare. Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 13.1.

Til § 3-3 andre ledd

I første punktum er orda «grunnkurs og vidaregåande kurs i fleire steg» erstatta med «vidaregåande trinn 1, vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3». I andre punktum er ordet «kurs» erstatta med «trinn». Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 3.4.

Til § 3-4 første ledd

Tidlegare første punktum er erstatta med eit nytt. Nytt første punktum gir departementet heimel for å gi forskrifter om trinn og programområde, om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 4.4.

Til § 3-6 første ledd

Føresegna inneber i hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett. Etter gjeldande rett skal fylkeskommunen ha ei oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1, noko som inneber eit pålagt ansvar for fylkeskommunen fram til ungdommen er om lag 21 år. Fylkeskommunens oppfølgingsteneste skal ikkje utvidast tilsvarande utvidinga av ungdomsretten, jf. § 3-1 tredje ledd. Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 7.4.

Til § 3-8 andre ledd

Orda «grunnkurset eller vidaregåande kurset» er erstatta med «skoleåret» i første punktum. I andre punktum er «for resten av lengda på kurset» erstatta med «for resten av skoleåret». Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 3.4.

Til § 3-9 tredje ledd

Ordet «kurstilboda» er erstatta med «utdanningsprogramma og programområda». Departementet viser til vurderingane og forslaget i 3.4.

Til § 4-2 fjerde ledd

Tilvisinga i føresegna er endra som følgje av dei endringane som er gjorde i kapittel 5 i lova. Sjå vurderingane og forslaget under punkt 5.4.

Til § 4-4 første ledd

Tilvisinga i første ledd andre punktum er endra som følgje av dei endringane som er gjorde i kapittel 5 i lova. I fjerde punktum er orda «grunnkurs» og «vidaregåande kurs 1» erstatta med « vidaregåande trinn 1» og «vidaregåande trinn 2». Sjå vurderingane og forslaget i punkt 3.4 og 5.4.

Til § 4A-2 tredje ledd

Tilvisinga i føresegna er endra som følgje av dei endringane som er gjorde i kapittel 5 i lova.

Til ny overskrift i kapittel 5

Overskrifta er endra til «Spesialundervisning». Den tidlegare overskrifta var misvisande.

Til § 5-1 andre ledd

Føresegna her har fått eit nytt punktum, der det blir slått fast at reglane for mål og innhald i opplæringslova og i forskrifta til lova gjeld for spesialundervisninga så langt dei passar. Dette er ei vidareføring av det som i dag er regulert i § 5-5 første ledd første punktum. Føresegna gir heimel for å gjere unntak frå elles bindande læreplanar der pedagogiske omsyn tilseier det.

Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 5.4.

Til § 5-2

Føresegna er ny, men inneber i hovudsak ei vidareføring av det som i dag er regulert i §§ 5-3, 5-4 og 5-5. Endringane er dermed langt på veg ei omstrukturering av gjeldande føresegner, med sikte på å samle saksbehandlingsreglane for spesialundervisning i éin paragraf. Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 5.4.

Til første ledd

Vedtak som tek stilling til om det skal givast spesialundervisning, er enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2, og reglane i forvaltningslova kap. III-IV gjeld.

Det må gjerast enkeltvedtak både når det er nødvendig å gjere avvik frå reglane om mål og innhald i opplæringa, og når det er nødvendig å setje inn andre særskilde tiltak på individuelt grunnlag for at ein elev skal få forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til dei føresetnadene eleven har. Med «særskilde tiltak» er meint tiltak som går utover ordinær tilpassa opplæring i § 1-2 femte ledd. Slike tiltak kan vere nødvendige både når eleven fullt ut følgjer dei alminnelege læreplanane, og når det blir gjort avvik frå desse ved at det blir fastsett andre, individuelle mål.

For lærlingar må det gjerast enkeltvedtak når det blir fastsett avvikande kontraktvilkår.

Enkeltvedtaket må vere så klart og tydeleg at det ikkje er tvil om kva spesialundervisningstilbodet skal gå ut på. Det er derfor presisert i lova at enkeltvedtaket skal opplyse om kva som skal vere mål for og innhald i opplæringa, og kva dei særskilde tiltaka for eleven elles skal gå ut på, under dette omfanget av tiltaka. Eit vedtak som berre tildeler eleven ein viss timeressurs utan nærmare å fastsetje krava til innhaldet i eller til den organisatoriske gjennomføringa av opplæringa, er ikkje nok.

Sidan innhaldskrava til enkeltvedtaket no blir presiserte i lova, blir enkeltvedtaket å sjå på som ein individuell opplæringsplan. Dette går fram av lovteksten.

Skolen skal leggje til rette opplæringa innanfor ramma av den individuelle opplæringsplanen. Det betyr at det også kan vere behov for å konkretisere denne planen, slik at opplæringa så langt som mogleg kan tilpassast til dei behov eleven har. Det er derfor fastsett i lova at så langt det er nødvendig, skal den individuelle opplæringsplanen konkretiserast ytterlegare av skolen. Ei slik konkretisering må da skje innanfor dei rammene som er gitt i vedtaket.

Etter andre ledd skal det utarbeidast sakkunnig vurdering når det er nødvendig for å få opplyst saka, eller når eleven eller foreldra ber om det. Dette inneber ei endring i forhold til gjeldande rett ved at lova ikkje lenger krev at det skal utarbeidast sakkunnig vurdering i alle saker om spesialundervisning. Føresegna må sjåast i samanheng med forvaltningslova § 17 første ledd første punktum, om at saka skal vere så godt opplyst som mogleg før det blir gjort vedtak. I dei tilfella da det skal utarbeidast sakkunnig vurdering, opplyser føresegna om innhaldet i denne vurderinga. Dette er ei vidareføring av § 5-3 andre ledd. Dagens heimel for departementet til å gi forskrifter om den sakkunnige vurderinga blir ikkje ført vidare.

Både andre, tredje og fjerde ledd bruker formuleringa «eleven eller foreldra». Om eleven sjølv eller foreldra til eleven kan be om at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering etter andre ledd, må avgjerast etter lov av 8. april 1981 om barn og foreldre. I den vidaregåande opplæringa skal ein likevel i alle tilfelle hente inn samtykke frå eleven, og det er ikkje nødvendig med samtykke frå foreldra. Det heng saman med at § 3-1 første ledd andre punktum om at ungdom som har fylt 15 år, sjølv søkjer om inntak til vidaregåande opplæring. Det same gjeld der eleven er gitt rettar etter tredje og fjerde ledd i § 3-1. Regelen i fjerde ledd andre punktum gjeld all lov- eller forskriftsfesta teieplikt.

I tredje ledd blir skolen pålagd eit sjølvstendig ansvar for å ta opp spørsmålet om spesialundervisning og eventuelt kva slags opplæring eleven treng. Føresegna er i hovudsak ei vidareføring av § 5-4 første ledd, men gjer skolens plikt tydelegare enn gjeldande føresegn. Vidare inneber føresegna at eleven eller foreldra kan krevje at skolen gjer dei undersøkingar som er nødvendige for å avklare spørsmål om spesialundervisning. Siste punktum i tredje ledd er ei vidareføring av § 5-4 tredje ledd.

Fjerde ledd er ei vidareføring av § 5-4 andre ledd.

Femte ledd er ei justering av det kravet om grunngiving som følgde av tidlegare § 5-3 tredje ledd.

Føresegna i sjette ledd er ny. Føresegna opnar for at det i tillegg til å kunne klage på vedtak gjort i medhald av første ledd, også kan klagast på at det ikkje blir gjort enkeltvedtak innan rimeleg tid. Klagebehandlinga følgjer dei reglane som gjeld for klage på enkeltvedtak. Det er departementet som er klageinstans, jf. opplæringslova § 15-2. I praksis er dette delegert til fylkesmennene.

Sjuande ledd er ei vidareføring av tidlegare § 5-5 andre ledd.

Noverande § 5-6 blir ny § 5-3.

Noverande § 5-7 blir ny § 5-4.

Til § 5-4 andre ledd

Tilvisinga i andre ledd er endra som følgje av dei endringane som er gjorde i kapittel 5 i lova. Sjå vurderingane og forslaget i punkt 5.4.

Noverande § 5-8 blir ny § 5-5.

Noverande § 5-9 blir ny § 5-6.

Til § 6-3 andre ledd

Ordet «klassar» er erstatta med «grupper». Endringa er ein konsekvens av at klasseomgrepet vart oppheva ved ei endring i opplæringslova som vart sett i kraft 1. august 2003. Lovteksten er formulert litt annleis, men meiningsinnhaldet er det same som før. Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 2.4.

Til § 9-1 andre ledd

Siste punktum er nytt og opnar for at skoleeigaren sjølv kan velje om rektorar skal tilsetjast i faste stillingar eller på åremål. Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 9.4.

Til § 9-4 andre ledd

Lovteksten er omformulert som ein konsekvens av endringane i § 2-3 tredje ledd og § 3-4 første ledd, sjå vurderingane og forslaget under punkt 4.4. Sjølv om lovteksten er formulert noko annleis, er meiningsinnhaldet det same som før.

Til § 9a-6 første ledd

Endringa består i at skolemiljøutvalet får den same retten som dei andre utvala og råda i skolen har til å uttale seg m.m. Sjå premissane under punkt 11.4.

Til § 10-8

Føresegna presiserer det ansvaret skoleeigaren har for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Føresegna gir skoleeigaren pålegg om å ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver i skoleverket høve til å få nødvendig kompetanseutvikling. Formålet med slik kompetanseutvikling er å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde seg orientert om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet. Departementet viser elles til vurderingane og forslaget i punkt 8.4.

Til § 10-9 tredje ledd

Tredje leddi føresegna er nytt og stiller som krav at den som skal tilsetjast i den vidaregåande skolen, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller domfelt for seksuelle overgrep. Både overgrep mot vaksne og overgrep mot barn skal gå fram av attesten.

Det gjeld ikkje tilsetjingsforbod i den vidaregåande skolen for dei som har slike forhold på attesten sin. Det blir overlate til tilsetjingsmyndigheita å avgjere om personen kan tilsetjast eller ikkje.

Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 12.4.

Tidlegare tredje ledd blir fjerde ledd.

Til § 11-1a

Første leddslår fast at skolemiljøutval er påbode ved kvar grunnskole.

For å sikre kravet om representasjon og at elevar og foreldre skal vere i fleirtal, må utvalet vere samansett av minst 2 representantar for elevane, 2 for foreldra, 1 representant for dei tilsette, 1 for skoleleiinga og 1 for kommunen. Ut over dette står kommunen fritt til å ha fleire representantar for dei ulike gruppene, så lenge representantane på brukarsida er i fleirtal. Etter departementet sitt syn bør kommunane og fylkeskommunane sjølv velje sine representantar i utvalet. Det opnar mellom anna for at ein frå skolehelsetenesta kan representere kommunen eller fylkeskommunen.

Kommunen regulerer nærmare korleis elevane skal velje representantane sine til skolemiljøutvalet.

Skolemiljøutvalet vel sjølv leiar, nestleiar og sekretær, slik dei andre organa i skolen gjer.

Skolemiljøutvalet kan invitere andre til å delta på møte, til dømes på grunnlag av særlege kvalifikasjonar. Utvalet kan kalle inn til dømes skolehelsetenesta og den pedagogisk-psykologiske tenesta som sakkunnige. Desse vil verken ha stemmerett, møteplikt eller møterett.

Andre leddpresiserer at kommunen kan velje å la samarbeidsutvalet vere skolemiljøutval. Lova opnar ikkje for at skolemiljøutvalet kan erstatte samarbeidsutvalet. Når samarbeidsutvalet skal vere skolemiljøutval, må det supplerast med ekstra representantar, slik at elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Dersom andre enn representantane i samarbeidsutvalet skal utgjere skolemiljøutvalet, skal foreldrerådet, tilsette, skoleleiinga og kommunen sjølv velje sine respektive representantar.

Tredje leddslår fast at elevrepresentantane i grunnskolen må forlate møtet når skolemiljøutvalet behandlar saker eller opplysningar som er omfatta av teieplikta.

Når elevrepresentantane ikkje er til stades, kan foreldrerepresentantane givast dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av stemmene frå elevrepresentantane. Alternativt kan talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande, til dømes ved at foreldre som er vararepresentantar, tiltrer utvalet. Det er opp til foreldrerådet å avgjere korleis manglande elevrepresentasjon skal erstattast i desse tilfella.

Etter fjerde leddskal skolemiljøutvalet ha eit særleg ansvar for å halde seg orientert og uttale seg om skolemiljøet. Skolemiljøutvalet er eit rådgivande organ for skolen i arbeidet med skolemiljøet, og har ikkje vedtakskompetanse. Utvalet skal arbeide for å auke deltakinga frå elevane, foreldra, skolen og dei tilsette i arbeidet med skolemiljøet.

Til § 11-5a

Første leddslår fast at det skal vere eit skolemiljøutval ved kvar vidaregåande skole.

For å sikre kravet om representasjon og om at elevane skal vere i fleirtal, må utvalet vere samansett av minst 4 representantar for elevane, 1 representant for dei tilsette, 1 for skoleleiinga og 1 for fylkeskommunen. Utover dette står fylkeskommunen fritt til å ha fleire representantar for dei ulike gruppene, så lenge representantane på brukarsida er i fleirtal. Etter departementet sitt syn bør kommunane og fylkeskommunane sjølv velje sine representantar i utvalet. Det opnar mellom anna for at ein frå skolehelsetenesta kan representere kommunen eller fylkeskommunen.

Elevrådet vel sjølv sine representantar til utvalet.

Andre leddpresiserer at kommunen kan velje å la skoleutvalet vere skolemiljøutval. Lova opnar ikkje for at skolemiljøutvalet kan erstatte skoleutvalet. Når skoleutvalet skal vere skolemiljøutval, må det supplerast med ekstra representantar, slik at elevane i fleirtal.

Dersom andre enn representantane i skoleutvalet skal utgjere skolemiljøutvalet, skal dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen sjølv velje sine respektive representantar.

Tredje ledd

Departementet viser til merknadene til § 11-1a fjerde ledd.

Til § 13-3 tredje ledd

Føresegna fører vidare den gjeldande føresegna om at departementet kan gi forskrifter, eller pålegg i enkelttilfelle, om kven som skal reknast som busett i fylkeskommunen. Det nye i føresegna er at departementet har heimel for å gi forskrifter, eller pålegg i enkelttilfelle, om det ansvaret heimfylket har for å refundere utgifter i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke. Heimelen er avgrensa slik at heimfylket berre i rimeleg grad vil ha ansvaret for refusjon.

Til § 13-4 tredje ledd

Siste del av tredje ledd er ny og gir departementet heimel for å gi forskrifter om skoleskyss, skyssgodtgjersle og heimfylket sitt ansvar for å refundere utgifter til skyss i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke.

Til § 15-2

Endringa i første ledd første punktum er ei vidareføring av gjeldande praksis og inneber at departementet er klageinstans for enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder etter § 5-4. Departementet viser til vurderingane og forslaget under punkt 13.4.

Endringa i andre ledd inneber at departementet er klageinstans for enkeltvedtak om fysiske og psykososiale miljøforhold som blir gjorde etter §§ 9a-2 og 9a-3. Departementet viser til vurderingane og forslaget under punkt 13.2.

I tredje ledd er endra som følgje av at det er innført nye nemningar i vidaregåande opplæring. Orda «grunnkurs eller vidaregåande kurs» er erstatta med «utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller programområde på vidaregåande trinn 2 og 3», og «særskilt grunnkurs» er erstatta med «særskilt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1». Departementet viser til vurderingane og forslaga under punkt 3.4.

16.2 Endringar i friskolelova

Til § 3-1 fjerde ledd

Ordet «vidaregåande kurs 1» er erstatta med «vidaregåande trinn 2».

Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast til heimkommunen til eleven. Melding om inntak til vidaregåande skolar skal sendast til heimfylket til eleven. Skolen skal melde frå til heimfylket om behovet for læreplass når eleven er teken inn på vidaregåande trinn 2.Departementet viser til vurderingane og forslaga under punkt 3.4.

Til § 3-6 første ledd

Tilvisinga i føresegna er endra som følgje av dei foreslåtte endringane i opplæringslova kapittel 5.

Til § 3-10 andre ledd

Orda «resten av det kurset eleven er teken inn på» er erstatta med «for resten av skoleåret» i første punktum. I andre punktum er «lengda på kurset» erstatta med «resten av skoleåret». Departementet viser elles til vurderingane og forslaget i punkt 3.4.

Til § 4-3 tredje ledd

Endringa består i at § 4-3 får eit nytt tredje ledd som stiller krav om at den som skal tilsetjast i den vidaregåande skolen, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller domfelt for seksuelle overgrep. Både overgrep mot vaksne og overgrep mot barn skal gå fram av attesten.

Det gjeld ikkje tilsetjingsforbod i den vidaregåande skolen for dei som har slike forhold på attesten sin. Det blir overlate til tilsetjingsmyndigheita å avgjere om personen kan tilsetjast eller ikkje.

Tidlegare tredje ledd blir no fjerde ledd.

Departementet viser elles til vurderinga framanfor under punkt 12.4.

Til § 5-2

Føresegna i andre ledd bokstav i) er ny i høve til gjeldande rett. Føresegna presiserer det ansvaret styret har for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Føresegna gir styret pålegg om å ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver i skoleverket høve til å få nødvendig kompetanseutvikling. Formålet med slik kompetanseutvikling er å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde seg orientert om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet. Departementet viser elles til vurderingane og forslaget i punkt 8.4 og til det tilsvarande forslaget i opplæringslova § 10-8.

Endringa i fjerde ledd inneber at dei oppgåvene styret har etter § 5-2 tredje ledd, ikkje kan delegerast. Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 13.3.

Til § 6A-8 nytt første ledd

Første ledd inneber ingen innhaldsmessige endringar, men er ei vidareføring av føresegna slik ho går fram i § 6-4 første ledd i gjeldande lov. Noverande første til tredje ledd blir andre til fjerde ledd. Departementet viser til vurderingane i punkt 13.5.

Til forsida