Ot.prp. nr. 57 (2004-2005)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

9 Forslag om åremåltilsetjing av rektorar

9.1 Gjeldande rett

Opplæringslova har i dag ingen føresegner om åremålstilsetjing. Etter opplæringslova § 9-1 skal kvar skole ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing. Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar. Dei skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar.

I samsvar med arbeidsmiljølova § 58 A punkt 1 kan den øvste leiaren i verksemda tilsetjast på åremål. Etter kommunelova § 24 nr. 3 kan kommunestyret og fylkestinget bestemme at tilsetjingar i leiande administrative stillingar skal skje på åremål. Verken arbeidsmiljølova eller kommunelova gir nokon generell heimel for å tilsetje rektorar på åremål.

Føresegna i kommunelova avgrensar høvet til å etablere åremålsstillingar til « ledende administrative stillinger».I forarbeida til føresegna (Ot.prp. nr. 42 (1991-92), side 92-93 og side 278) går det fram at ved vurdering av innhaldet i ordlyden i lova er det naturleg å rette blikket mot omgrepet «leder av forvaltningsgren»etter kommunelova § 14 nr. 1 b). I lovutvalet (NOU 1990:13) er det presisert at åremålstilsetjingar berre kan skje i stillingar som er tillagde kvalifisert leiaransvar på høgt nivå, og det blir vidare vist til Hovudkomiteen for lokalforvaltninga (NOU 1988:38), som uttaler at åremålstilsetjingar bør avgrensast til etatssjef- og andre overordna stillingar. Det heiter vidare i forarbeida at det i vurderinga må takast omsyn til korleis den enkelte kommunen og fylkeskommunen er organisert, når ein skal avgjere kva for stillingar som kan vere åremålsstillingar.

Kvar friskole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing, jf. friskolelova § 4-1 første ledd. Vidare heiter det i friskolelova § 4-1 andre ledd at «Skolen skal ha ein dagleg leiar». I friskolar kan dagleg leiar tilsetjast i åremålsstilling, jf. arbeidsmiljølova § 58 punkt 1.

9.2 Høringsutkastet frå departementet

I høringsutkastet vart det vist til at departementet i St.meld. nr. 30 (2003-2004) m.a. uttalte at det vil bli teke initiativ til nødvendige regelendringar som opnar for at kommunane kan tilsetje skoleleiarar i åremålsstillingar dersom dette blir sett på som formålstenleg. Spørsmålet om åremålstilsetjing vart ikkje omtalt i innstillinga frå komiteen.

Departementet uttalte i høringsutkastet at det er eit sentralt mål å skape positiv utvikling i skolen, der gode læringsresultat, tilpassa opplæring og godt arbeidsmiljø blir sett i høgsetet. Dette er viktig for det enkelte individet og samfunnet. I denne samanhengen har rektorstillinga ein nøkkelfunksjon. Dette taler for at også desse stillingane bør stillast likt med andre leiarstillingar der det ut frå den overordna karakteren stillingane har, er opna for åremålstilsetjing.

På denne bakgrunnen foreslo departementet at det blir gjort ei tilføying i opplæringslova § 9-1 om leiing, slik at rektorar kan tilsetjast anten i faste stillingar eller i åremålsstillingar.

9.3 Høringsinstansane

Eit klart fleirtal sluttar seg til forslaget i høringsutkastet om at det bør vere mogleg å tilsetje på åremål. Utdanningsforbundet er blant dei instansane som ikkje støttar forslaget. Fylkesmannen i Rogaland har reist spørsmålet om det er rett og nødvendig å regulere dette i særlov. Dei andre høringsinstansane har ikkje uttalt seg til om det bør regulerast i særlov.

Det er reist spørsmål om lengda på åremålsperiodane og om høve til å sitje i stillinga i meir enn éin periode. Likeeins blir det stilt det krav frå arbeidstakarorganisasjonane om rett til retrettstilling som ikkje er ei ordinær lærarstilling. Skoleleiarforbundet uttrykkjer bekymring for at dette kan medføre at arbeidsgivarar sluttar å investere i etter- og vidareutdanning for rektorane.

Ei rekkje kommunar (særleg mindre kommunar) hevdar at forslaget vil kunne medverke til enda dårlegare rekruttering til rektorstillingane. I tillegg blir det vist til at forslaget kan vere kostnadsdrivande fordi åremålsstillingar gjerne må lønnast høgare enn faste stillingar på ordinære lønnsvilkår.

Arbeids- og sosialdepartementet viser til at forslaget relaterer seg til utgreiinga frå Arbeidslivslovutvalet, NOU 2004:5, og uttaler at det er teke sikte på å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget i løpet av vinteren. Arbeids- og sosialdepartementet uttaler at grunngivinga for forslaget om høve til åremålstilsetjing bør utdjupast noko.

9.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet viser til høringsbrevet og foreslår at det blir lovfesta ein regel i samsvar med høringsforslaget. På bakgrunn av høringsfråsegnene har departementet desse kommentarane:

Som departementet framheva i høringsbrevet, har rektorstillinga ein nøkkelfunksjon i skolen. I opplæringslova § 9-1 er det lovfesta eit krav om at «opplæringa i skolen skal leiast av rektorar». Rektor er pedagogisk, fagleg og administrativ leiar i skolen. Dette inneber eit sjølvstendig ansvar for dei plikter og mål for verksemda som i lov og forskrift er lagde direkte til skolen. Mange skolar har etter kvart fått eit betydeleg tal lærarar og elevar. Rektorar ved slike skolar har eit omfattande leiaransvar for tilsette og elevar, for fagleg innhald, for gjennomføring av kommunal politikk og eit betydeleg budsjett. Dette gjer at rektors ansvar kan samanliknast med ansvaret til dei øvste leiarane av verksemder i mange kommunar og med ansvaret til leiarar av private verksemder. Dei store krava til omstilling som gjer seg gjeldande i skolen no, tilseier også behov for at arbeidsgivarane skal kunne vurdere skifte av rektorar etter kvart som krava om omstilling stiller nye krav til dei som skal sitje i rektorstillingane. Samla tilseier dette at det bør vere same høve til å tilsetje rektorar på åremål som det er for tilsvarande leiarstillingar som hittil er blitt definerte som «øvste leiar» i kommunar og private verksemder.

Departementet legg vekt på betydninga av denne stillinga og meiner det er eit særleg behov for at rektorar kan tilsetjast i åremålsstillingar for å signalisere den overordna karakteren ved rektorstillingar og at dei blir stilte likt med andre leiarstillingar. Vidare er det eit omsyn som taler for åremålstilsetjing av rektorar at skoleleiarar i friskolar kan tilsetjast i åremålsstillingar. Omsynet til konsekvens i lovene taler for like reglar for friskolar og andre skolar, sidan skoleleiarar i friskolar og rektorar har mykje av dei same funksjonane.

I departementet sitt arbeid for å heve kvaliteten i skolen er tiltak for å betre leiinga viktige. I tillegg til tydelegare ansvar for rektor, og kompetanseheving, er høvet til åremålstilsetjing eit verkemiddel.

Opplæringslova har i dag særlege føresegner om krav om kompetanse hos den som blir tilsett som rektor. Det er naturleg at det særlege høvet til å bruke åremålstilsetjing for rektorar står i tilknyting til denne føresegna.

Til forsida