Ot.prp. nr. 62 (2001-2002)

Om lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for forslaget

2.1 Innleiing

For ei tid sidan sette departementet i gang ei evaluering av ervervslova. I evalueringsarbeidet har departementet særleg lagt vekt på kva behov det er for den type regulering som ervervslova gir. Erfaringane med ervervslova gjennom sju år, og med konsesjonssaker både etter industrikonsesjonslova frå 1917 og konsesjonslova frå 1974 før det, viser at det reelle behovet for å kontrollere eigarskifte er lite fordi det sjeldan er knytt dramatiske endringar til eigarskifte. Dei strukturelle endringane i næringslivet skjer først og fremst som følgje av endringar i marknadsforhold o.l. og uavhengig av eigarskifta. Behandling av ervervsmeldingane etter lova inneber betydelege kostnader både for næringslivet og det offentlege. Departementets vurdering etter evalueringa er at kostnadene i samband med meldeplikta langt overstig nytta av lova. Departementet har vidare vurdert alternative lovreguleringar til eksisterande lov, men utan at ein kunne tilrå nokon av desse, jf. kapittel 8.6. Det har og vore reist spørsmål om ervervslova er i strid med EØS-avtalen og dei pliktene Noreg har teke på seg i medhald av avtalen.

Resultatet av evalueringsarbeidet munna ut i eit høyringsbrev der ein foreslo at lova bør opphevast.

2.2 Høyring

Nærings- og handelsdepartementet sende 11. desember 2001 ut eit høyringsbrev med forslag til oppheving av ervervslova til desse institusjonane og organisasjonane:

  • Departementa

  • Akademikerne

  • Aksjespareforeningen

  • Advokatfirmaet Bugge, Arentz-Hansen & Rasmussen

  • Advokatfirmaet Thommessen Krefting Greve Lund

  • Advokatfirmaet Wiersholm Mellbye & Bech

  • Den Norske Advokatforening

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Handelens- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Kommunenes Sentralforbund

  • Konkurransetilsynet

  • Kredittilsynet

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Norges Forskningsråd

  • Norges Ingeniørorganisasjon - NITO

  • Norske Finansanalytikeres Forening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Oslo Børs

  • Riksrevisjonen

  • Verdipapirsentralen

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

Høyringsinstansane blei bedne om å leggje fram forslag om oppheving av lova for underliggjande etatar m.v. som saka kunne ha betydning for. Departementet har såleis teke imot svar frå Forbrukerrådet, Direktoratet for sivilt beredskap og Forsvarets overkommando - Sikkerhetsstaben.

Høyringsfristen blei sett til 3. februar 2002. Departementet har fått desse høyringssvara:

Barne- og familiedepartementet, Helsedepartementet, Utdanningsdepartementet, Utanriksdepartementet, Samferdsledepartementet, Den Norske Advokatforening, Forbrukerrådet og Kredittilsynet har ikkje merknader til forslaget om å oppheve ervervslova.

Olje- og energidepartementet, Fiskeridepartementet, Forsvarsdepartementet, Finansdepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Landbruksdepartementet, Justisdepartementet, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH), Oslo Børs, Norges Forskningsråd, Konkurransetilsynet, Advokatfirmaet Wiersholm, Mellbye & Bech, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH), Landsorganisasjonen i Norge (LO), Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) og Norges Ingeniørorganisasjon - NITOhar alle hatt merknader til forslaget. Dei viktigaste merknadene blir kommenterte nedanfor under dei relevante kapitla.

Sosialdepartementet, Kulturdepartementet, Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Riksrevisjonen, Verdipapirsentralen, Akademikerne, Aksjespareforeningen, Norske Finansanalytikeres Forening, Advokatfirmaet Bugge, Arentz-Hansen & Rasmussen og Advokatfirmaet Thommessen Krefting Greve Lund har ikkje svara på høyringsbrevet. Kommunenes Sentralforbund ønskjer ikkje å gi høyringssvar.

Berre LO, YS og NITO går imot forslaget om å oppheve ervervslova.

2.3 Utkast til lovproposisjon

Utkast til lovproposisjon har vore lagt fram for alle departementa. Vidare har utkastet vore til lovteknisk gjennomgang i Justisdepartementet.

Til forsida