Ot.prp. nr. 62 (2001-2002)

Om lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei enkelte føresegnene

9.1 Kommentarar til § 1 og § 4

Departementet foreslår i § 1 at ervervslova vert oppheva og i § 4 at dette skjer frå den tid Kongen fastset. Departementet meiner at lova bør kunne opphevast så raskt som mogleg og tek sikte på at ho kan opphevast med verknad frå 1. juli 2002.

Hovudregelen er at lovendringar trer i kraft frå eit årsskifte, men endringar kan òg tre i kraft frå andre tidspunkt, og det mest vanlege er då 1. juli. Departementet meiner det her er gode grunnar for å fråvike hovudregelen. Vi viser til at det ikkje er behov for særskilte informasjonstiltak, overgangsføresegner eller anna tilrettelegging i samband med opphevinga. I tillegg tilseier dei økonomiske og administrative innsparingane som umiddelbart vil kome når lova fell bort, jf. kapittel 10, at lova vert oppheva frå 1. juli 2002.

Erverv av næringsverksemd som det er inngått bindande avtale om før lova vert oppheva, skal det sendast melding om til departementet.

9.2 Kommentarar til § 2

Det eksisterer i tillegg til vilkår i medhald av ervervslova, òg vilkår i konsesjonar gitt av det tidlegare Industridepartementet og etterfølgjande departement med heimel i kapittel III i industrikonsesjonslova og den allmenne konsesjonslova. I samband med at ervervslova vart vedteken, vart diskriminerande vilkår som vart rekna for å stride mot EØS-avtalen, oppheva. Dei andre vilkåra stod ved lag. Etter søknad kan departementet oppheve vilkår, sjå ervervslova § 24 fjerde ledd. I høyringsbrevet foreslo departementet at alle vilkåra sette i medhald av desse lovene vart oppheva. Vi viser til kapitla 6.3.3 og 8.2.3 for ei nærmare utgreiing om bruken av vilkår etter konsesjonslovene.

Ei oppheving av ervervslova vil føre til at oppkjøp kan skje utan myndigheitsgodkjenning, og høve til å setje vilkår fell bort. Departementets grunngiving for å oppheve vilkåra var at dersom dei tidlegare gitte vilkåra skal stå ved lag etter at lova er oppheva, vil dette medføre ei forskjellsbehandling av investorane avhengig av når dei faktisk investerte i norske verksemder. Departementet meinte at det ikkje er grunn til å ha ei forskjellsbehandling basert på når eit oppkjøp faktisk skjedde. Når ein føreslår at systemet med myndigheitskontroll av bedriftsoppkjøp skal opphevast, bør det vere ei likebehandling av alle. Gamle vilkår kan dessutan gjere det vanskelegare for dei bedriftene det vedkjem, å gjennomføre nødvendige omstruktureringar i forhold til andre bedrifter som ikkje er bundne av konsesjonsvilkår. Å halde ved lag vilkår i gamle konsesjonar krev òg at departementet held ved lag ein beredskap for å kontrollere at konsesjonsvilkåra vert følgde.

I høyringsrunden har Justisdepartementet peikt på at ei oppheving av alle gamle vilkår kan føre til at fleire vilkår enn tilsikta vert oppheva. Departementet har derfor vurdert dette på nytt.

Departementetheld fast ved at det bør leggjast til rette for at alle aktørar blir behandla likt. Dette inneber at gamle vilkår bør opphevast. Dette vil i all hovudsak vere vilkår som er knytt til verksemda i føretaket og ligg på bedrifta som ei løpande, tyngjande (ikkje tidsavgrensa) plikt som avgrensar eigarens rådvelde over verksemda, slik som til dømes standardvilkåra og salsvilkåret.

I tillegg kan det i eldre konsesjonar gitt av Industridepartementet og dei etterfølgjande departementa vere sett vilkår av ein annan karakter ved tildelinga av konsesjonen. Dette vil gjerne vere vilkår som er avgrensa i tid og som gjeld ei spesiell plikt som må oppfyllast i samband med tildelinga av konsesjonen. Det kan til dømes vere plikt til avståing av ein del av eigedomen for å få konsesjon. Ei oppheving av slike «eingongsvilkår» en bloc kan skape utilsikta verknader og ein uklar rettstilstand. Departementet har ikkje ein fullstendig oversikt over slike vilkår som kan vere fastsett i eldre konsesjonar. Vi meiner derfor at departementet bør ha moglegheit til ei individuell vurdering av om vilkåret i slike tilfelle skal opphevast. Etter ei samla vurdering finn departementet at vilkår av ein slik karakter berre bør opphevast etter søknad til departementet. Vi foreslår derfor ei føresegn der løpande, tyngjande vilkår vert oppheva, medan andre vilkår kan opphevast etter søknad til departementet. Dette inneber at dei fleste vilkåra vert oppheva etter § 2 første ledd. Søknader etter § 2 andre ledd vil antakelig berre vere aktuelt i eit fåtal saker.

9.3 Kommentarar til § 3

Opphevinga av § 2 femte ledd i konsesjonslova frå 1974 er ein naturleg konsekvens av at ervervslova vert oppheva, jf. kapittel 6.3.

Til forsida