Ot.prp. nr. 62 (2001-2002)

Om lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd

Til innhaldsliste

3 Norsk konsesjonslovgiving og ervervslova

3.1 Historisk bakgrunn

Inntil 1888 hadde både utlendingar og innlendingar fri tilgang til å erverve eigedomsrett og bruksrett til fast eigedom her i landet. Det året fekk vi den første konsesjonslova vår - statsborgarrettslova - som innførte ei generell konsesjonsplikt for utanlandske enkeltpersonar og selskap som erverva fast eigedom. Bakgrunnen for lova var først og fremst frykta for at framande land og statsborgarar skulle kjøpe opp store område i Noreg. Motiveringa som låg til grunn for statsborgarrettslova, kom snart i bakgrunnen til fordel for eit ønske om å bevare viktige naturressursar som vassfall, mineralførekomstar og skogeigedommar for landet sine eigne borgarar. Dette vart også gjort synleg i lover frå byrjinga på 1900-talet.

Ved ein omfattande lovrevisjon i 1917 vart konsesjonsreglane for erverv av vassfall, bergverk og annan fast eigedom stramma inn. Innstramminga vart gjennomført ved at det vart gitt ei ny konsesjonslov i 1917 (industrikonsesjonslova). Ei viktig endring som følgde med industrikonsesjonslova, var at erverv av aksjar og partar i selskap vart underlagt konsesjonsplikt dersom selskapa hadde eigedomsrett eller bruksrett som kom til å utløyse konsesjonsplikt ved direkte erverv.

Konsesjonsplikta etter industrikonsesjonslova gjaldt berre for utanlandske rettssubjekt som erverva fast eigedom, anten det var snakk om eit direkte erverv av fast eigedom eller indirekte gjennom erverv av aksjar i selskap som hadde eigedoms- eller bruksrett til fast eigedom. Erverv av større eigardelar i bedrifter var òg konsesjonspliktig for nordmenn, dersom bedrifta hadde eit forhold til fast eigedom som utløyste konsesjonsplikt etter konsesjonslova frå 1974. Ervervslova avløyste konsesjonsbehandlinga etter føresegnene i industrikonsesjonslova av 1917 om erverv av fast eigedom og konsesjonsbehandling av bedriftserverv etter den allmenne konsesjonslova av 1974.

3.2 Lov om erverv av næringsverksemd (ervervslova)

Ervervslova tok til å gjelde 1. januar 1995. Etter at Noreg slutta seg til EØS-avtalen, var det ikkje lenger lovleg å halde ved lag eit diskriminerande regelverk med berre konsesjonsbehandling av utanlandske bedriftsoppkjøp i Noreg. I tillegg hadde det gamle konsesjonsregelverket vorte umoderne, mellom anna fordi det var tilknyting til fast eigedom som utløyste konsesjonsplikta. Det var derfor behov for å lage eit nytt og moderne lovverk som var betre tilpassa reguleringsbehovet i forhold til eigarskifte i næringslivet. Resultatet vart ervervslova. Ervervslova innebar ein viss grad av nyregulering av bedriftsovertakingar med norske kjøparar. Før ervervslova måtte norske kjøparar søkje konsesjon etter den allmenne konsesjonslova (lov 31. mai 1974 nr. 19) dersom dei erverva rett til fast eigedom over ein viss storleik. Dette er omtala nærmare i kapittel 6.3.

Ervervslova har ikkje eit klart definert formål verken i lova eller i førearbeida. Det følgjer av førearbeida at lova først og fremst skal dekkje dei behova styresmaktene har for kontroll og styring med eigarskifte i norsk næringsliv, vere preventiv overfor useriøse investorar, vere med på å halde ved lag sysselsetjing og busetjing i distrikta og sikre informasjon om eigarstrukturen i norsk næringsliv.

Ervervslova er basert på eit meldepliktssystem. Meldeplikt gjeld for dei som ervervar meir enn ein tredel, eller minst ein halvdel, eller minst to tredelar av alle eigardelar i eit norsk føretak. Erverv av aktiva som inneber overtaking av ei verksemd, medfører òg meldeplikt. Meldeplikta blir utløyst berre dersom det erverva føretaket har over 50 tilsette, eller ei omsetning siste år på over 50 millionar kroner, eller har motteke offentleg støtte til forsking og utvikling på over 5 millionar kroner til minst eit enkeltprosjekt gjennom dei siste åtte åra.

Ervervet skal meldast til departementet innan 30 dagar etter at bindande avtale om erverv er inngått. Meldinga skal innehalde opplysningar både om kjøpar og det oppkjøpte selskapet (målselskapet). I meldinga skal ervervar òg gi ei grunngiving for ervervet og gjere greie for kva ervervet kjem til å bety for framtidig verksemd og sysselsetjing.

Dei tilsette har rett til å uttale seg til departementet innan 30 dagar etter at departementet har motteke ervervsmeldinga. Ervervslova gir ervervar pålegg om å informere dei tilsette om ervervet, og at dei har rett til å uttale seg til departementet.

Etter at melding om erverv er motteken, har departementet ein frist på 30 dagar til å vurdere ervervet. Dersom styresmaktene ikkje finn grunn til å gripe inn overfor ervervet, vert ervervet rekna som godkjent når fristen har gått ut. Departementet har høve til å be om ytterlegare opplysningar dersom det er behov for det. 30-dagarsfristen skal først reknast frå det tidspunktet då departementet reknar ervervsmeldinga som fullstendig.

Dersom departementet har grunn til å tru at ervervet kan få vesentlege negative verknader for verksemda, bransjen, dei tilsette eller samfunnet elles, kan ervervet takast opp til ei nærmare prøving. Ei nærmare prøving inneber ein grundigare gjennomgang. I tillegg til at det vert innhenta ytterlegare informasjon frå ervervar, får dei tilsette, kommunen og fylkeskommunen der føretaket ligg, rett til å uttale seg til departementet. Etter at nærmare prøving er gjennomført, kan departementet godkjenne ervervet. §§ 16 og 17 i ervervslova gir departementet heimel til å setje vilkår, eller i yttarste konsekvens å nekte ervervet.

I meldepliktsperioden har ervervar avgrensa råderett over bedrifta. § 23 i ervervslova gir ervervar rett til berre å gjere disposisjonar som er i samsvar med forsvarleg drift, og å utøve passive eigarfullmakter i selskapet. Disposisjonar ut over dette kan ikkje setjast i verk utan dispensasjon frå departementet. Avgrensing av råderetten gjeld ikkje lenger når ervervet er godkjent av Nærings- og handelsdepartementet.

Til forsida