Ot.prp. nr. 62 (2001-2002)

Om lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd

Til innhaldsliste

4 Erfaringar med ervervslova

Sidan ervervslova tok til å gjelde (perioden 01.01.1995 til 31.12.2001) har departementet motteke melding om til saman 2147 1 erverv. I snitt er ca. 300 ervervssaker behandla kvart år. Færrast ervervssaker mottok departementet i 1995 med 151 og flest i 2000 med 425.

Dei erverva verksemdene fordeler seg slik når det gjeld geografi, bransjar og storleik:

Tal frå ervervsregisteret viser at eit klart fleirtal av dei oppkjøpte verksemdene er lokaliserte i det sentrale austlandsområdet 2 og dei større byane i Noreg 3. Det gjeld ca. 65 prosent av verksemdene.

Fordelte på bransje driv under halvparten av verksemdene som har vore med i ervervsbehandlinga, ca. 41 prosent, innanfor ulike kategoriar av produksjon. Dei andre 59 prosentane tilhøyrer tenesteytande næringar 4.

På dei sju åra lova har vore gjeldande, har departementet ikkje nekta å godkjenne nokon erverv. Totalt 13 erverv har vore oppe til nærmare prøving. I åtte av desse ervervssakene har det vorte stilt vilkår for godkjenninga.

Sakene som har vore oppe til nærmare prøving har fleire felles trekk, sjølv om det er stor variasjon både når det gjeld kjøpars verksemd og verksemda i dei oppkjøpte bedriftene.

Ti av tretten målselskap driv eksportretta industriell verksemd. I åtte av tretten saker var ervervaren utanlandsk 5. I sju saker vurderte departementet det slik at mykje var usikkert med omsyn til framtida, spesielt med tanke på å halde ved lag arbeidsplassar. I sju av åtte saker der det vart sett vilkår, vart det teke inn eit vilkår om reell prissetjing for å unngå tapping av den oppkjøpte verksemda (i dei andre berre føresetnader og ei «blank» godkjenning). I like mange saker vart det sett salsvilkår. Salsvilkåret går ut på at dersom heile eller vesentlege delar av verksemda skal leggjast ned, kan departementet påleggje eigaren å leggje forholda til rette for forhandlingar om sal til reelle interessentar. Ei eventuell overdraging skal skje på kommersielle vilkår slik at bedrifta ikkje skal seljast på «billigsal».

At berre 13 av godt og vel 2100 meldingar har vore gjennom nærmare prøving viser etter vår oppfatning at kontrollbehovet med eigarskifte i norsk næringsliv er lite. Erfaringane viser at dei strukturelle endringane i bedriftene først og fremst er knytte til andre forhold enn eit eigarskifte i bedrifta. Avgjerd om å leggje ned eller flytte norsk verksemd skjer først og fremst som følgje av marknadsendringar som tvingar fram strukturendringar. Ervervslova som har lagt kontrollmekanismen ved eigarskifte, treffer derfor dårleg i forhold til å fange opp større endringar i næringslivet som til dømes nedlegging og flytting av verksemd.

Det er òg berre i eit fåtal saker at dei tilsette har nytta retten sin til å uttale seg til departementet, noko som kan tyde at det er lite behov for han.

Meldepliktsystemet i ervervslova har gjort departementet til ein aktør ved større eigarskifte og dermed gjort det mogleg for departementet å kommunisere med ervervaren og vere deltakar i ein prosess rundt oppkjøpet for å avdekkje kva for intensjonar ervervar har for bedrifta han overtek. Samtidig har det gitt departementet god førstehandsinformasjon om endringar, trendar og dynamikken i næringslivet.

I kapittel 8 er det ei nærmare grunngiving for departementet sitt forslag om å oppheve lova.

Fotnotar

1.

Statistikken er basert på opplysningar frå ervervsregisteret, eit internt register departementet fører over opplysningar om dei innmelde erverva. Registeret har enkelte feilkjelder, men gir eit forholdsvis rett bilete av sentrale trekk ved dei erverva bedriftene i perioden 1995 til 2001. Opplysningane i registeret gir ikkje, og er ikkje meinte å gi, noko totalbilete av investeringar i norsk næringsliv.

2.

Oslo, Bærum, Asker, Lørenskog, Ski, Skedsmo, Oppegård, Lier.

3.

Bergen, Trondheim, Stavanger, Drammen og Kristiansand.

4.

Omgrepet tenesteytande næringar blir her brukt i ein vid forstand, som ei motsetning til typiske produksjonsbedrifter. Inkludert i omgrepet er for eksempel omsetning av fast eigedom og bygg- og anleggsverksemd.

5.

Med «utanlandsk» forstår ein her at det ervervande selskap er registrert i utlandet.

Til forsida