Ot.prp. nr. 62 (2001-2002)

Om lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd

Til innhaldsliste

6 Forholdet til anna lovgiving

6.1 Innleiing

Departementet gir i dette kapittelet ein nærmare presentasjon av anna lovgiving, og om opphevinga av ervervslova vil få konsekvensar for denne. Nedanfor vil det bli gjort greie for mellom anna sektorlovgivinga, konsesjonslova frå 1974, konkurranselovgivinga og reguleringar i andre land. Forholdet til arbeidsmiljølova vert ikkje omtala i dette kapittelet, men vert omtala i kapittel 8.4 om forholdet til dei tilsette.

6.2 Sektorlovgiving - unntaka i ervervslova § 2

Før ervervslova vart vedteken, eksisterte det fleire lover som direkte eller indirekte regulerte erverv av næringsverksemd innanfor enkelte bransjar. I førearbeida til ervervslova er det uttrykt at konsesjonslovgivinga på desse områda har fullgode heimlar til å ta dei omsyn styresmaktene ønskjer å ta i slike situasjonar. For å unngå dobbeltbehandling vart desse derfor uttrykkeleg unnatekne frå meldeplikt etter ervervslova.

Det gjeld regulering etter følgjande lover:

  • lov 24. mai 1961 nr. 1 om sparebanker,

  • lov 24. mai 1961 nr. 2 om forretningsbanker,

  • lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond,

  • lov 14. juni 1985 nr. 68 om oppdrett av skalldyr, fisk o.a. (fiskeoppdrettslova),

  • lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet,

  • lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet,

  • lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning og fordeling av energi (energilova)

  • lov 26. mars 2000 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakarlova).

Etter at ervervslova tok til å gjelde har det i enkelte bransjar kome nye lover, som ikkje er unnatekne frå meldeplikt etter ervervslova. Dette gjeld lov 13. juni 1997 nr. 53 om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting og lov 2. juni 2000 nr. 39 om apotek.

I høyringsbrevet la departementet til grunn at bransjereguleringane ikkje ville bli påverka av ei oppheving av ervervslova då desse bransjereguleringane vil gjelde vidare. Også høyringsinstansane som har uttala seg om dette, støttar vurderingane til departementet.

6.3 Lov 31. mai 1974 nr. 19 om konsesjon og om forkjøpsrett for det offentlege ved erverv av fast eigedom (konsesjonslova)

6.3.1 Generelt

Av same grunn som nemnt i kapittel 6.2 vart det i den allmenne konsesjonslova gjort endringar for å frita meldepliktige erverv frå konsesjonsplikt etter konsesjonslova. På det tidspunktet då ervervslova tok til å gjelde, var erverv av bebygd fast eigedom over 15 dekar og tomter over 5 dekar konsesjonspliktig etter den allmenne konsesjonslova. Det innebar at ein del bedriftsoppkjøp utløyste konsesjonsplikt fordi bedrifta òg åtte fast eigedom. Konsesjonsplikt vart utløyst når eigedommen vart erverva direkte eller indirekte ved overtaking av minst 20 prosent av eigardelane i det føretaket som åtte eigedommen. Grensa for når det blir konsesjonsplikt for bebygd eigedom, er i dag heva til 20 dekar.

Mange føretak som kjem over terskelverdiane i ervervslova, har òg eigedom som utløyser konsesjonsplikt etter konsesjonslova. I samband med at ervervslova vart vedteken, vart det vedteke eit nytt femte ledd i § 2 i konsesjonslova. Saker som utløyste meldeplikt etter ervervslova, vart unnatekne frå konsesjonsplikta etter konsesjonslova. Det vart rekna som lite formålstenleg og tidkrevjande at oppkjøpssaker vart behandla etter to regelverk som i hovudsak skulle dekkje dei same formåla. § 4 i konsesjonslova om aksjeerverv vart endra slik at grensene for når konsesjonsplikt tek til å gjelde, samsvarer med § 4 første ledd i ervervslova. Unntaket frå konsesjonsbehandling etter konsesjonslova gjeld ikkje ved erverv av landbrukseigedommar. Meldepliktige bedriftsoppkjøp som òg omfattar landbrukseigedommar, har derfor vore behandla både etter ervervslova og konsesjonslova.

6.3.2 Konsekvensar ved opphevinga av ervervslova - høyringsfråsegn

Ved ei oppheving av ervervslova fell unntaket i konsesjonslova § 2 femte ledd bort. Dette inneber at konsesjonsplikta etter lova på nytt tek til å gjelda ved aksje- og bedriftsovertakingar i dei tilfella bedrifta eig fast eigedom som vil utløyse konsesjonsplikt. I all hovudsak vil erverva etter ervervslova òg innebere ei indirekte overtaking av fast eigedom som kan vere konsesjonspliktig dersom eigedomane er over 20 dekar. Departementet har ikkje oversikt over kor mange av dei meldepliktige erverva som vil vere konsesjonspliktige etter konsesjonslova, men det er grunn til å tru at det er få av dei rundt rekna 2 100 ervervsmeldingane som vil kome over arealgrensa på 20 dekar.

Advokatfirmaet Wiersholm, Mellbye & Bech peikar på spørsmålet i si høyringsfråsegn og uttalar at:

«For å unngå usikkerhet i forhold til erverv av næringsvirksomhet som eier konsesjonspliktig fast eiendom, så bør konsesjonsloven av 1974 endres samtidig som man opphever ervervsloven. Dette omfattes etter hva vi kan se ikke av Næringsdepartementets forslag. I forbindelse med en eventuell opphevelse bør således den alminnelige konsesjonslovens § 2 femte ledd samtidig endres. Vår oppfatning er at det ikke bør være konsesjonsplikt for erverv av næringseiendom i det hele tatt, uansett næringseiendommens størrelse, dersom et slikt direkte eller indirekte erverv av næringseiendom, skjer i forbindelse med erverv av hele den næringsvirksomhet eiendommen er knyttet til. Begrunnelsen for dette er ganske enkelt at det synes lite hensiktsmessig å oppheve en lov om kontroll med erverv av næringsvirksomhet for så å la andre regler tre i stedet.»

Landbruksdepartementet har ansvaret for konsesjonslova og uttaler til dette at:

«Etter Landbruksdepartementets syn er det ikke ønskelig at konsesjonslovens regler endres slik at erverv av konsesjonspliktig eiendom unntas fra konsesjon ved bedriftsovertakelse, samtidig som tilsvarende erverv ellers utløser konsesjonsplikt. En slik løsning fremstår etter departementets vurdering som uforståelig for dem som må søke konsesjon, og det vil kunne åpne for omgåelser av konsesjonsplikten.

I Sem-erklæringen foreslås en betydelig økning i arealgrensen ved erverv av bebygd eiendom. Landbruksdepartementet arbeider for tiden med dette spørsmålet. En arbeider dessuten med en generell gjennomgang av resten av konsesjonsloven, og alt peker i retning av at langt færre erverv enn i dag vil bli omfattet av konsesjonsplikt etter lovrevisjonen. Endringene vil imidlertid ikke foreligge innen den tidsplan som er lagt opp for endringene i ervervsloven. I arbeidet med konsesjonsloven vil en være oppmerksom på det ønskelige i å etablere regler der konsesjonskontrollen ikke skal føre til unødige hindringer ved omsetning av bedrifter eller parter i bedrifter.

I tiden etter at ervervsloven er opphevet og før endringene i konsesjonsloven foreligger, antar Landbruksdepartementet at det ved enkelte aksje- og bedriftsoverdragelser kan ligge til rette for å behandle eventuelle søknader om unntak for konsesjonsplikt, jf. konsesjonsloven § 2 siste punktum, noe lempeligere enn i dag.»

Departementeter vidare kjent med at Landbruksdepartementet i samband med revisjon av konsesjonslova tek sikte på å sende ut eit høyringsnotat i løpet av våren 2002, og at lovendringar truleg kan tre i kraft frå 1. januar 2004. Landbruksdepartementet meiner at det i perioden frå opphevinga av ervervslova og fram til 1. januar 2004 vil føre med seg store omstillingskostnader, både for dei private aktørane og for samfunnet, å etablere ei mellombels løysing. Landbruksdepartementet meiner derfor at det er betre å avvente dei nye reglane som vert førebudd.

Nærings- og handelsdepartementet er etter omstenda samde med Landbruksdepartementet i dette. Sjølv om konsesjonsplikta vert utløyst for nokre av dei erverva som i dag er meldepliktige, vil det vere eit fåtal tilfelle, og med dei signala som Landbruksdepartementet har gitt om ei lempelegare praktisering av unntaksføresegna som allereie er i konsesjonslova, bør det ikkje innførast ei mellombels føresegn. Både revisjonsarbeidet som er sett i gang, og at det vil bli ein forholdsvis kort mellomperiode fram til ei ny konsesjonslov er på plass, taler for ei slik løysing. Samstundes vil dette òg føre til ein meir oversiktleg rettstilsand for dei involverte, enn om det vert innført ei ny føresegn. Ei ny føresegn vil føre til avgrensingsproblem og vil kunne innebere ein uklar rettstilstand for dei involverte.

6.3.3 Vilkår etter konsesjonslova av 1974

Avgjerdene etter konsesjonslova var delt mellom det tidlegare Industridepartementet, Næringsdepartementet og Nærings- og energidepartementet og Landbruksdepartementet. Avgjerdene i konsesjonssaker etter konsesjonslova var avgrensa til søknader om konsesjon frå utanlandske statsborgarar og rettssubjekt, medan Landbruksdepartementet behandla søknader frå norske statsborgarar og rettssubjekt.

Departementet foreslår i høyringsbrevet at konsesjonsvilkår som departementet har gitt i konsesjonar både etter industrikonsesjonslova frå 1917 og konsesjonslova frå 1974 fell bort når ervervslova vert oppheva.

Landbruksdepartementetuttaler følgjande om vilkåra etter konsesjonslova:

«Vilkår etter konsesjonsloven bør imidlertid ikke sees løsrevet fra spørsmålet om konsesjonsplikt. På tilsvarende måte som for konsesjonsplikten bør en avvente endringene i konsesjonsloven før det kan sies noe sikkert om vilkårene. I denne forbindelse vil Landbruksdepartementet peke på at Næringsdepartementets avgjørelser i konsesjonssaker etter konsesjonsloven i henhold til kgl.res. 13. desember 1974, 2 var begrenset til søknader om konsesjon fra utenlandske statsborgere og rettsubjekter som ville drive næringsvirksomhet på den aktuelle eiendommen. Forslaget om opphevelse av konsesjonsvilkår i høringsnotatet vil følgelig føre til at vilkår fastsatt overfor utenlandske statsborgere og utenlandske selskap vil falle bort. Tilsvarende vilkår fastsatt av Landbruksdepartementet for norske statsborgere og norske selskap vil imidlertid bli stående.»

Departementetforstår Landbruksdepartementet slik at fastsette konsesjonsvilkår bør bli ståande inntil ny konsesjonslov trer i kraft. Vi er ikkje samd med Landbruksdepartementet i dette. Etter vår vurdering bør det ikkje vere noko til hinder for at konsesjonsvilkåra fell bort. Omsyna som er lagde til grunn for at konsesjonsplikta trer inn att når ervervslova fell bort, gjeld etter departementets meining ikkje i høve til dei gamle konsesjonsvilkåra som er sett for utanlandske oppkjøp.

Som Landbruksdepartementet syner til var avgjerdene etter konsesjonslova som departementetsette, avgrensa til søknader frå utanlandske eller utanlandskkontrollerte rettssubjekt som ville drive næringsverksemd på den aktuelle eigedommen. Konsesjonsvilkåra som vart fastsett ved behandlinga av desse søknadene var av ein annan karakter enn dei som vert fastsett av Landbruksdepartementet for norske rettssubjekt. For det fyrste sette vi alltid vilkår, såkalla standardvilkår, i desse sakene. I særlege tilfelle vart det sett tilleggsvilkår.

Standardvilkåra hadde føresegner med krav til at det norske selskapet skulle ha sete i Noreg, og at halvparten av styret, medrekna styreformannen, skulle vere norske statsborgarar, og det var fastsett kor stor del av aksjekapitalen i selskapet som kunne vera eigd av det utanlandske rettssubjektet. Føresegner i mellom anna vedtektene i det norske selskapet kunne ikkje innehalde noko som var i strid med dette. Departementet skulle òg informerast om endringar i desse. Vidare var det vilkår om at føretaket skulle drivast etter sunne forretningsmessige prinsipp og ikkje drive anna verksemd enn det dreiv på konsesjonstidspunktet utan løyve frå departementet. Det var òg eit vilkår om at forretningsforbindelsen mellom selskapet og den utanlandske eigaren og utanlandske rettssubjekt som han hadde tilknyting til, skulle vere basert på prisar og vilkår som ville vore avtala mellom uavhengige selskap (det såkalla armlengdeprinsippet). I tillegg til desse vilkåra var det fastsett to sanksjonsvilkår. Det mest brukte tilleggsvilkåret var salsvilkåret. I meir sjeldne tilfelle vart det sett vilkår om konsernfagleg samarbeid. Felles for alle desse vilkåra er at dei rettar seg mot føretaket eller verksemda i føretaket. Dei same vilkåra vart òg sett i konsesjonar etter industrikonsesjonslova frå 1917. I samband med departementets behandling av konsesjonssøknader etter industrikonsesjonslova og konsesjonslova, vart det ikkje gjort nokon skilnad korkje i høve til vurderingstemaet eller ved fastsetjing av vilkår. Det var storleiken på eigedomen som var avgjerande for om det var den eine eller andre lova søknaden skulle behandlast etter.

Departementetvil òg peike på at fleire av standardvilkåra som var i bruk fram til ervervslova tok til å gjelda, er i strid med pliktene Noreg har teke på seg etter EØS-avtalen. Dette gjeld dei vilkåra som inneheld diskriminering av utlendingar og utanlandske rettssubjekt. Av denne grunn er det berre vilkåret som fastset armlengdeprinsippet, og sanksjonsvilkåra knytt til det, som framleis faktisk har ein realitet i seg. Vidare gjeld dei tilleggsvilkåra som er fastsett i særs få konsesjonar. I tillegg kan departementet i medhald av ervervslova § 24 fjerde ledd, etter søknad, oppheve eller endre vilkår og føresetnader som er fastsett i konsesjonar både etter industrikonsesjonslova og konsesjonslova. Ein slik søknad vil då gjelde dei vilkåra som ikkje er i strid med EØS-avtalen.

Konsesjonsvilkåra som Landbruksdepartementet fastset er av ein heilt annan karakter, mellom anna av di vurderingstemaet er annleis. Standardvilkår blir ikkje nytta, og i mange saker blir det ikkje sett vilkår i det heile. I dei tilfella ein set vilkår er dei meir knytt til kva eigedommen skal nyttast til og ikkje til sjølve verksemda til konsesjonssøkjaren. Departementet legg til grunn at Landbruksdepartementet ikkje vil gå vekk i frå den praksis som har vore, slik at det for kommande saker som tidlegare ville vore meldepliktige ikkje vil vere aktuelt å setje vilkår som regulerer verksemda.

I høve til å oppheve tidlegare vilkår etter konsesjonslova, er det ikkje noko avgjerande som talar imot å oppheve vilkåra fastsett av departementet for utanlandske rettssubjekt, medan vilkåra fastsett av Landbruksdepartementet for norske rettssubjekt framleis gjeld.

Ei oppheving av vilkåra vil ikkje føre til vanskelege avgrensingsspørsmål, eller på annan måte verke urimelig all den tid både vurderingstemaet og vilkåra fastsett for utanlandske og norske rettssubjekt er så forskjellige som dei er. Det vil vidare oppstå ein merkeleg skilnad om berre vilkåra etter industrikonsesjonslova fell bort, medan vilkåra etter konsesjonslova ikkje gjer det, når både vilkårsfastsetjinga og vurderingstemaet var lik etter båe lovene.

Om vilkåra ikkje vert oppheva vil det føre til at departementet må setje av ressursar til å vurdere om vilkåra vert haldne. Departementet ønskjer ikkje å setje av ressursar eller leggje opp til ein beredskap for å følgje opp gamle konsesjonsvilkår fordi det ikkje vil vere formålstenleg ut frå dei røynslene ein har med slike saker. Departementet vil derfor foreslå at vilkåra etter konsesjonslova frå 1974 fastsett av det tidlegare Industridepartementet, Næringsdepartementet og Nærings- og energidepartementet fell bort ved opphevinga av ervervslova. Også vilkåra etter industrikonsesjonslova frå 1917 fell bort, sjå omtale i kapittel 9.

6.4 Konkurranselovgivinga

I høyringsbrevet vart konkurranselova omtala. Konkurranselova (lov 11. juni 1993 nr. 65) byggjer på eit ynskje om å sikre konkurranse i marknadene som fører til ei effektiv ressursutnytting i samfunnet (velferdsmaksimering). Konkurranse gjer dermed sitt til at samfunnet får mest mogleg ut av dei tilgjengelege ressursane.

I konkurranselova § 3-11 er det ein inngrepsheimel i forhold til bedriftserverv. Konkurransetilsynet kan gripe inn mot bedriftserverv dersom tilsynet meiner at det aktuelle ervervet fører til eller forsterkar ei vesentleg avgrensing av konkurransen i strid med formålet i lova. Det er inga lovpålagd meldeplikt av erverv til Konkurransetilsynet, men ei frivillig ordning. Dei som inngår avtalar som kan få konkurransemessige verknader, kan melde avtalen for å få avklart om tilsynet vil gripe inn. Konkurransetilsynet kan gripe inn innan seks månader etter at det er inngått endeleg avtale om erverv. I særlege tilfelle kan inngrep skje innan eit år etter endeleg avtale. Det er no teke inn ei ny føresegn i lova om at tilsynet kan leggje ned eit mellombels forbod mot å gjennomføre oppkjøpet, for å sikre at det verkeleg er mogleg å setje i verk tiltak.

Konkurransetilsynet viser i si høyringsfråsegn til at dei rutinemessig har fått melding frå Nærings- og handelsdepartementet om bedriftserverv som blir meldt i medhald av ervervslova. Konkurransetilsynet seier vidare at ei oppheving av ervervslova vil vere uproblematisk for arbeidsoppgåvene til tilsynet, men peikar på at det etter opphevinga ikkje vil finnast institusjonaliserte meldingsrutinar for bedriftserverv som kan få konkurranseavgrensande konsekvensar for Noreg. Elles viser dei til at bedrifter med stor omsetning vil vere meldepliktig etter EU/EØS-reglane, og at det vil vere naturleg for Konkurranselovutvalet å vurdere behovet for meldeplikt til nasjonale konkurransemyndigheiter. Konkurransetilsynet konkluderer med å gi tilslutning til forslaget om å oppheve ervervslova.

Andre høyringsinstansar har ikkje kome med fråsegn i tilknyting til konkurranselovgivinga. Departementet legg derfor til grunn at opphevinga av ervervslova ikkje får negative verknader for konkurransemyndigheitenes oppgåver etter konkurranselovgivinga.

6.5 Reguleringar i andre land

6.5.1 Innleiing

Konsesjonsordningar slik vi kjenner dei i Noreg, og iallfall ein generell myndigheitskontroll med oppkjøp i næringslivet på linje med ervervslova, er det få av. Også i dei få land som har hatt reguleringar av dette slaget, har utviklinga dei siste åra gått i retning av deregulering av denne typen regelverk. Dette er ei utvikling mellom anna som følgje av meir opne økonomiar med auka handel og auka investeringar over landegrensene der nasjonale «stengsel» blir bygde ned. Overvaking av konkurransen i marknadene er derimot eit område som styresmaktene i aukande grad fører kontroll med, jf. både nasjonal lovgiving og til dømes EUs regelverk på området.

6.5.2 EØS-området

I EØS-området er det berre Noreg som har ein generell myndigheitskontroll med eigarskifte i næringslivet. Sverige hadde tidlegare ei liknande lovgiving, men den vart oppheva i 1992 som ei følgje av tilpassinga til EU-regelverket. Det er dermed fri tilgang til å investere i svenske føretak.

I nokre EU-land er det reguleringar innanfor enkelte bransjar. For eksempel er det i Frankrike krav om notifikasjon til styresmaktene ved utanlandske investeringar, både frå EU-borgarar og tredjeland 1 i saker som påverkar forsvaret i landet, den offentlege tryggleiken eller den offentlege helsa. Hellas har avgrensingar for utanlandske og nasjonale investeringar innanfor visse typar forsyningsselskap (elektrisitet, buss og sporvegar osb.).

EØS-avtalen har ei eiga forordning om kontroll med grenseoverskridande verksemdssamanslutningar (fusjonar) EØF 4064/89. Forordninga gir høve til å kontrollere verksemdssamanslutningar som hindrar den frie konkurransen på fellesmarknaden. Forordninga er ein del av EUs konkurranseregulering. Føresegnene er ein del av norsk rett gjennom forskrift av 4.12.1992 nr. 964 om materielle konkurransereglar i EØS-avtalen kap. XIV og forskrift av same dato nr. 966 om prosessuelle konkurransereglar i EØS-avtalen kap. XIII og XIV.

Etter forordninga skal føretakssamanslutningar som anten har ein såkalla fellesskaps- eller EFTA-dimensjon, ikkje gjennomførast før dei er melde til det kompetente overvakingsorganet (anten EU-kommisjonen eller ESA). Dei aktuelle føretaka må anten ha ei omsetning på verdsmarknaden på meir enn 5 milliardar ECU, eller omsetninga innanfor fellesmarknaden for minst to av føretaka må vere meir enn 250 millionar ECU. Samanslutninga har likevel ikkje fellesskapsdimensjon dersom kvar av dei impliserte føretaka har meir enn to tredelar av den samla omsetninga si innanfor eit og same medlemsland. Ei føretakssamanslutning som fell innanfor dette regelverket, kan erklærast i strid med EØS-avtalen dersom ho skaper eller styrkjer ei dominerande stilling som fører til at effektiv konkurranse i stor grad blir hindra på territoriet for EØS-avtalen. Transaksjonen kan likevel godkjennast, eventuelt på vilkår som kan vere med på å redusere dei negative konkurransemessige verknadene av samanslutninga.

6.5.3 Andre land

Departementet har hatt ein gjennomgang av reguleringar i andre land som det er naturleg for Noreg å samanlikne seg med, for å finne ut om andre land har tilsvarande lovverk som ervervslova. Så langt vi har kunna finne ut, er det berre Canada som har denne type regulering. I Canada er det restriksjonar på nye eller auka utanlandske investeringar innanfor visse sektorar gjennom «The Investment Canada Act». Sektorane er energi, forlagsverksemd, telekommunikasjon, transport, film, musikk, kringkasting og kabelfjernsyn.

Den føderale reguleringsstyresmakta, Investment Canada, går gjennom utanlandske direkte og indirekte erverv av kanadisk verksemd av ein viss storleik, eller etablering av ei ny kanadisk verksemd som vedkjem Canadas kulturarv eller nasjonale identitet. Det må sendast melding til Investment Canada om alle ikkje-kanadiske investeringar for å etablere ny kanadisk verksemd (uavhengig av storleik).

Fotnotar

1.

Altså land som ikkje er ein del av EU- eller EØS-området.

Til forsida