Ot.prp. nr. 72 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa

Til innhaldsliste

3 Rettstilstanden i nokre naboland

3.1 Dansk rett

I Danmark har elevane fått ei eiga lov om elevers og studerendes undervisningsmiljø, som tro i kraft 01.08.2001. Lova gir elevar og studentar rett til godt undervisningsmiljø, «slik at undervisningen kan foregå sikkerheds- og sundhedsmæssigt fuldt forsvarligt». Etter lova skal elevane medverke til å skape og halde oppe eit godt undervisningsmiljø, og dei har rett til å velje «undervisningsmiljørepresentanter» til å vareta sine interesser og til å la seg representere i tryggleiksgruppa (arbeidsmiljøutvalet) til skolen. Skoleleiinga har ansvaret for å utarbeide ei skriftleg undervisningsmiljøvurdering (jf. norsk internkontroll) av tryggleiks- og helsetilhøva og det psykiske og estetiske miljøet. Denne skal vere tilgjengeleg for elevane og andre interesserte. Vurderinga skal reviderast minst kvart tredje år.

Det er ikkje knytt sanksjonar til brot på lova. Men lova opprettar Dansk Center for Undervisningsmiljø, eit kompetansesenter som har til formål å gi råd og rettleiing til elevane og styremaktene og å ta opp aktuelle spørsmål som gjeld undervisningsmiljøet.

3.2 Svensk rett

I Sverige er elevane omfatta av krava til arbeidsmiljø i Arbetsmiljölagen . Frå juli 1990 har elevane frå ungdomstrinnet og oppover dessutan hatt eigne «elevskyddsombud», to per klassetrinn/linje. Dette ombodet skal medverke i det organiserte vernearbeidet på skolen «om det är rimligt med hänsyn til utbildningens art och utbildningsperiodens längd». Ombodet har rett til den informasjon som er nødvendig for oppdraget, og skolen skal sjå til at ombodet får tilstrekkeleg med fritimar og nødvendig opplæring i vernearbeid.

Når det gjeld det psykososiale miljøet, pliktar alle som arbeider i skolen å «aktivt motverka alla former av kränkande behandling såsom mobbning och rasistiska beteenden» (skollagen 1. kap. 2. §). Etter læreplanen pkt. 2.8 har rektor «et särskilt ansvar för att (...) upprätta, genomföra, följa upp och utvärdera skolans handlingsprogram för at förebygga och motverka alla former av kränkande behandling, såsom mobbning och rasistiska beteenden bland elever och anställda.

Barneombodet og elevorganisasjonen i Sverige har peikt på at arbeidsmiljølova gir elevane stor makt i teorien, men at det i røynda er vanskeleg for dei å påverke arbeidsmiljøet i skolen. Dei har mellom anna teke til orde for å gi «elevskyddsombuden» ei sterkare rolle i skolen.

Til forsida