Ot.prp. nr. 72 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa

Til innhaldsliste

4 Høringsutkastet frå departementet

Departementet sende 23.04.2001 eit lovutkast ut på høring. Departementet gjorde her framlegg om at føresegner om det fysiske arbeidsmiljøet for elevane blir tekne inn i opplæringslova og privatskulelova. Etter framlegget skulle føresegnene plasserast i kapittel 13 i opplæringslova, om kommunens, fylkeskommunens og statens ansvar.

Framlegget tok utgangspunkt i dei skjønnsmessige standardane som i dag er fastsette i forskrift 01.12.1995 nr. 928 om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v. Det vart uttalt at lovframlegget derfor ikkje gjorde endringar i krava til arbeidsmiljøet, men var meint som eit bidrag til å gjere krava betre kjende og etterlevde. Framlegget skulle derfor ikkje ha økonomiske konsekvensar.

Det vart også presisert at meininga med føresegnene var å regulere skolens ansvar, utan at elevane fekk individuelle rettar. Framlegget inneheldt likevel ein rett for samarbeidsutvalet ved grunnskolar og skoleutvalet ved vidaregåande skolar, og elevrådet og foreldrerådet, til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som gjaldt arbeidsmiljøet på skolen.

Det vart elles uttalt at departementet ønskte å synleggjere kravet om at skolane må ha tilfredsstillande planar og rutinar for forvaltning, drift og vedlikehald.

Framlegget innebar at arbeidsmiljøet for elevane ville bli underlagt tilsyn av statleg mynde etter opplæringslova § 14-1 andre ledd, ikkje berre av kommunen sjølv, slik situasjonen er når det gjeld helselovgivinga.

Høyringsbrevet gjekk til følgjande instansar, med frist 15. august 2001:

  • Arbeids- og administrasjonsdepartementet

  • Barne- og familiedepartementet

  • Finansdepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Sosial- og helsedepartementet

  • Læringssenteret

  • Statens Utdanningskontorer

  • Fylkeskommunane

  • Kommunane

  • Barneombudet

  • Sametinget

  • Akademikerne

  • Akademikernes Fellesorganisasjon (AF)

  • Assistanse, foreldreforeningen for synshemmedes barns sak

  • Elevorganisasjonen

  • Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG)

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

  • Fylkeskommunene

  • Hørselshemmedes Landsforbund

  • Kommunenes Sentralforbund (KS)

  • Kristne Friskolers Forbund

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • LUFS - Landslaget for udelt og fådelt skole

  • Lærerforbundet

  • Lærernes Yrkesforbund

  • Læringssenteret

  • Norges Astma- og Allergiforbund

  • Norges Blindeforbund

  • Norges Døveforbund

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Kvinne- og Familieforbund

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU)

  • Norsk Foreldrelag for Funksjonshemmede

  • Norsk Forum for Bedre Innemiljø for Barn (NFBIB)

  • Norsk Lektorlag

  • Norsk Lærerlag

  • Norsk Montessori Forbund

  • Norsk Skolelederforbund

  • Norske Privatskolers Landsforbund

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Registrerte politiske partier

  • Rådet for fagopplæring i arbeidslivet (RFA)

  • Sametinget

  • Skolenes landsforbund

  • Statens råd for funksjonshemmede

  • Statens utdanningskontorer

  • Steinerskolene i Norge

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

Til forsida