Ot.prp. nr. 72 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det lovforslaget som er lagt fram i denne proposiosjonen, inneber inga innhaldsmessig endring av dagens krav til det fysiske og psykososiale skolemiljøet, og legg derfor ingen nye økonomiske plikter på kommunane og fylkeskommunane.

Departementet vil likevel peike på at det framleis er heller store skilnader mellom dagens krav og dei faktiske fysiske miljøtilhøva, særleg når det gjeld inneklimaet. Dette kjem mellom anna av eit stort etterslep i vedlikehaldet, og manglande fagkunnskap på området. For å avhjelpe denne situasjonen har Stortinget i budsjettet for 2002 etablert ei ordning med rentefrie lån som skal gjere det lettare for kommunane å setje skolane i forskriftsmessig stand. Omfanget av denne ordninga vil bli vurdert i samband med dei årlege statsbudsjetta.

Forslaget inneber at det statlege tilsynet med skolemiljøet blir styrkt. Primært skal dette gjerast i form av informasjon og rettleiing, men endringane kan medføre at sjølve kontrollverksemda aukar noko. Det kan også bli fleire klagesaker. Dette vil bli dekt innanfor dagens økonomiske rammer. Departementet vil samtidig peike på dei innsparingane ein reknar med å oppnå ved å integrere utdanningskontora og fylkeslegane i fylkesmannsembeta.

Forslaget omfattar også skolefritidsordninga, medan dagens forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar berre gjeld skolefritidsordningar som held til i skolebygg. Det er ikkje utgreidd om dette vil føre til auka økonomiske plikter for kommunane, men etter det departementet kjenner til, held dei fleste kommunale skolefritidsordningane til i skolebygg. Departementet reknar derfor med at ei utviding først og fremst vil gjelde private skolefritidsordningar.

Til forsida