Ot.prp. nr. 72 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa

Til innhaldsliste

8 Merknader til paragrafane

Til endringa av § 2-12 tredje ledd:

Endringa inneber at det nye kapittel 9a om elevane sitt skolemiljø også skal gjelde private grunnskolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12. Tilhøvet til privatskolar vil bli behandla i ei særskild lovsak.

Til ny § 7-1 tredje ledd og § 7-2 andre ledd (skoleskyssen):

Føresegna gir departementet heimel for å gi nærmare forskrifter om tryggleiken for elevane under skoleskyssen.

Til § 9a-1 Generelle krav

Føresegna inneheld eit såkalla funksjonskrav, der det avgjerande er kva verknad skolemiljøet - både enkelttilhøve og det totale miljøet - har på helsa, trivselen og læringa til elevane. At verknaden skal vere tilfredsstillande, vil seie at skolemiljøet ikkje skal forårsake eller forsterke helseplager eller mistrivsel, eller øydeleggje, hindre eller forstyrre læringa. Kravet gjeld både det fysiske og det psykososiale miljøet.

Kravet gjeld uavhengig av skolen si økonomiske stilling. Det kan ikkje dispenserast frå føresegna.

Om skolemiljøet har tilfredsstillande verknad på helsa, trivselen og læringa, må avgjerast etter konkret vurdering. Dette må gjerast ved å observere verknadene på elevane og ved å observere og måle sjølve miljøet. Begge delar er like viktige. Helseplager, mistrivsel og manglande konsentrasjon vil ofte kunne observerast direkte. Men ein må også vurdere sjølve miljøet for å kunne halde ute eventuelle ytre årsaker. Når det gjeld enkelte miljøfarar, som til dømes radongass, asbest og muggsopp, kan ikkje verknaden oppdagast før det er for seint, og offera er påførte alvorleg sjukdom. For å førebyggje dette er det viktig å kunne vurdere miljøtilhøva løpande. Eit slikt føre-vâr-prinsipp gjeld også innretningar og utstyr som har skadepotensial, og farleg åtferd hos elevane.

Statlege fagråd har gitt retningslinjer om skolemiljøet ut frå kunnskap om potensielle verknader av ulike miljøfaktorar på helse, trivsel og læring. Ved å følgje desse retningslinjene vil det vere mogleg å hindre at det oppstår sjukdom eller plager. Ein kan godt velje alternative løysingar, men da må skolen kunne dokumentere at effekten på helsa, trivselen og læringa likevel er tilfredsstillande.

Det må også understrekast at sjølv om ein følgjer rettleiingane, er ein ikkje friteken for det overordna kravet om at miljøet skal ha tilfredsstillande verknad på helsa, trivselen og læringa.

Til § 9a-2 Det fysiske miljøet

Det fysiske innemiljøet (inneklimaet) omfattar faktorar som luft, temperatur, lys- og strålemiljø, akustikk og mekanisk innemiljø. Utemiljøet refererer seg mellom anna til lokaliseringa, utforminga av utearealet, leikeapparata osv.

Føresegna må sjåast i samanheng med det overordna kravet i § 9a-1. Om det fysiske miljøet er tilfredsstillande, må avgjerast konkret etter fagleg skjønn. Føre-vâr-prinsippet tilseier at ein ikkje skal vente til ulykker, sjukdom eller andre plager oppstår. Gjennom observasjonar og målingar kan ein seie noko om den potensielle risikoen frå miljøet. Enkelte elevar vil på grunn av allergiar eller anna overfølsemd reagere raskare på negativ miljøpåverknad enn andre. Forutan at skolemiljøet ikkje vil vere tilfredsstillande for denne gruppa, vil medlemmene fungere som «røykvarslarar» som kan gi indikasjonar på at fleire elevar vil bli plaga på lengre sikt om tilhøva ikkje blir betra. Sjukdom og plager utviklar seg ofte over tid, og det er derfor viktig å ta også mindre plager på alvor.

Risikoen for mindre enkeltskadar som skrubbsår og anna som naturleg følgjer av leik og fysisk utfalding, kan skolen likevel vanskeleg gardere seg mot. Det er heller ikkje meininga med føresegna at skolen skal ha eit miljø der risikoen for slike småskadar er heilt eliminert. Derimot vil andre, mindre plager som skader konsentrasjonen til elevane, som til dømes å kjenne seg trøytt eller ha vondt i hovudet på grunn av feil temperatur eller dårleg luft, være uakseptabelt.

Etter første ledd rettar krava til det fysiske miljøet seg ikkje berre mot sjølve utforminga av skolebygget og skoleanlegget, men også til drifta av det. Sjølv om skolebygg og -anlegg er godkjende etter helseforskrifter og byggjeforskrifter, vil dei daglege rutinane være viktige for kvaliteteten på skolemiljøet. Departementet viser her til føresegnene i § 9a-4 om systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll).

Etter andre ledd bør det fysiske skolemiljøet vere i samsvar med dei faglege normene som fagstyremaktene anbefaler. Statlege helsefaglege og byggfaglege styremakter, som t.d. Statens helsetilsyn, Folkehelsa og Statens Byggtekniske Etat, har laga normerte retningslinjer for skolemiljøet. Retningslinjene byggjer på den kunnskapen desse fagstyremaktene har om dei potensielle verknadene frå ulike miljøfaktorar på helsa, trivselen og læringa hos elevane. Slike normerte retningslinjer er i utgangspunktet rettleiande og gjer greie for korleis krava kan oppfyllast. Det er mogleg å velje andre løysingar dersom desse vil gi same eller betre verknad. Etter andre ledd andre punktum må skolen da kunne dokumentere at dette er tilfelle.

Departementet understrekar at dersom skolen legg seg på minimumsnivået for alle miljøfaktorane, er det ikkje gitt at skolemiljøet samla sett vil ha tilfredsstillande verknad for skolemiljøet.

Tredje ledd første punktum svarer til dagens § 9-3 første ledd første punktum. Føresegna vil særleg ha betydning for elevar med ulike funksjonshemmingar. Etter andre punktum skal skolen innreiast slik at det blir teke omsyn til dei elevane ved skolen som har funksjonshemmingar. Føresegna gjeld for dei aktuelle elevane ved skolen. Når det gjeld krav til utforminga av nyare bygg, viser departementet til føresegnene i forskrifta til plan- og bygningslova.

Fjerde ledd pålegg skolen å ta stilling til oppmodingar om å rette på tilhøve ved det fysiske skolemiljøet. Skoleeigaren har det overordna ansvaret for at oppmodingane blir vurderte, men skoleleiinga vil ha eit sjølvstendig ansvar der tiltaka ligg innanfor eige budsjettansvar eller eigen råderett. Oppmodingane kan komme frå elevar, føresette eller råd og utval som representerer dei. Dette kan vere skolens råd og utval, som nemnt i kapittel 13 i lova, eller til dømes ad hoc-utval.

Skolen/skoleeigaren pliktar å vurdere oppmodinga og å ta stilling til om tiltak skal setjast i verk. Kravet om at dette må skje «snarast mogleg» må tolkast ekstra strengt der det blir bedt om tiltak for å avverje helsefare. Dersom skolen/skoleeigaren sjølv ikkje har tilstrekkeleg fagkunnskap til å vurdere forholda, må ein bringe inn slik fagkunnskap. Fagkunnskap om det fysiske skolemiljøet kan mellom anna finnast i kommunehelsetenesta eller hos dei kommunale byggjemyndigheitane.

Eventuell passivitet frå skolen/skoleeigaren er likestilt med enkeltvedtak etter klageføresegnene i forvaltningslova. Skolen/skoleeigaren må likevel få tid til å vurdere saka før det eventuelt kan vere aktuelt å klage. Kva som er «rimeleg tid», vil mellom anna avhenge av kor alvorleg verknaden av miljøet kan tenkjast å vere for elevane. Det kan mellom anna vere behov for å drøfte saka med kommunehelsetenesta eller dei kommunale byggjemyndigheitene.

Om kommunehelsetenesta har gitt dispensasjon for det forholdet elevane eller foreldra tek opp, vil dette i seg sjølv likevel ikkje frita skolen frå å ta stilling til oppmodinga. Om fristen for å klage over dispensasjonsvedtaket har gått ut, kan elevane likevel klage over enkeltvedtak eller passivitet frå skolen si side. Innanfor fristen for å klage over dispensasjonsvedtaket, kan elevane klage over skolen sitt enkeltvedtak så vel som over dispensasjonsvedtaket frå kommunehelsetenesta.

Dersom klagen blir sett fram før det er gått «rimeleg tid», kan klagen avvisast. Dette vil det i første rekkje vere opp til skolen/skoleeigaren å avgjere, jf. forvaltningslova § 33 andre ledd, andre punktum. Eit avvisingsvedtak kan det klagast over, og skolen/skoleeigaren pliktar å opplyse om dette. Det vil dermed i siste instans vere opp til klageorganet å avgjere om skolen har fått «rimeleg tid» til å avgjera saka, slik at klagen kan behandlast. At det ikkje er sett nokon fast frist for når eit vedtak av skolen/skoleeigaren skal vere gjort, medfører også at klagefristen ikkje startar i passivitetstilfella. Ein klage vil såleis ikkje kunne avvisast med den grunngiving at klagefristen ikkje er halden. Når det er gjort eit enkeltvedtak i saka, gjeld dei vanlege klagefristane i forvaltningslova.

Dersom eit forhold er under behandling i ei klagesak, eller alt har vore behandla og avgjort av klageorganet, kan oppmodingar og klagar som gjeld det same forholdet avvisast etter alminnelege forvaltningsrettslege reglar, såframt det ikkje har komme fram moment som gjer at saka bør vurderast på nytt.

Klageretten kan utøvast av den eller dei som har rettsleg interesse etter forvaltningslova § 28. Når det gjeld tilsyn og sanksjonar, viser departementet til dei generelle merknadene i punkt 6.5 og 6.6 .

Til § 9a-3 Det psykososiale miljøet

Det psykososiale miljøet har med mellommenneskelege tilhøve å gjere, og er bestemt av samhandlinga og kommunikasjonen mellom individa.

Første ledd pålegg skolen å verke aktivt og systematisk for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven opplever tryggleik og sosialt tilhør. Føresegna presiserer den plikta skolen har etter § 9a-4 når det gjeld det psykososiale miljøet. Førebyggjande tiltak kan gjerast både på skole- og på klasse-eller gruppenivå, og det er viktig at elevane sjølve får delta i utforminga av dette arbeidet.

Andre ledd pålegg alle tilsette ved skolen undersøkings- og varslingsplikt om dei får kunnskap eller mistanke om mobbing, vald, rasisme eller liknande negativ åtferd. Føresegna supplerer omsorgsplikta i § 1-2 siste ledd, som pålegg personalet å gripe inn for å hindre at elevar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar. Formålet med andre ledd her er å sørgje for at leiinga blir klar over problema, slik at klassestyrar og foreldre eventuelt kan koblast inn, og nødvendige tiltak kan setjast i verk. Departementet viser her også til § 9a-4, som mellom anna føreset at skolen har rutinar for korleis slike problem skal handterast. «Tilsette» vil i praksis oftast seie lærarar og miljøpersonale, men plikta gjeld i utgangspunktet også anna personale.

Ein person er mobba når han eller ho, gjentekne gonger og over tid, er utsett for negative handlingar frå ein eller fleire personar. Det er ei negativ eller aggressiv handling når nokon med vilje påfører ein annan person skade eller smerte - ved fysisk kontakt, ved ord eller på andre måtar. For å kunne bruke nemninga mobbing skal det også vere ein viss ubalanse i makt- og styrketilhøvet: den som blir utsett for dei negative handlingane, har vanskeleg for å forsvare seg og er noko hjelpelaus overfor den eller dei som plagar han eller henne.

Etter denne definisjonen, som også blir brukt internasjonalt, er mobbing kjenneteikna av desse tre kriteria: 1) Det dreier seg om aggressiv eller vondsinna åtferd, som 2) gjentek seg og varer ved over ei viss tid 3) i ein mellommenneskeleg relasjon som er prega av ein viss ubalanse i styrke- eller makttilhøvet. Ein kan leggje til at mobbing ofte inntreffer utan nokon openberr provokasjon frå offeret si side.

Lovutkastet omfattar både direkte mobbing, med etter måten opne angrep på offeret, og indirekte mobbing, med sosial isolering og utestenging frå gruppa.

Rasisme omfattar diskriminering på grunnlag av «rase», hudfarge eller nasjonalt eller etnisk opphav.

Føresegna gjeld også tilfelle av diskriminering som ikkje kan karakteriserast som mobbing eller rasisme, slik som til dømes diskriminering på grunn av tru eller kjønn.

Føresegna gjeld også krenkjande ord og handlingar som ikkje er mobbing, vald, diskriminering eller rasisme, slik som til dømes enkeltståande ytringar om utsjånad, misdanningar eller funksjonshemmingar.

Føresegna gjeld både situasjonar der krenkjande ord eller handlingar kjem frå medelevar og der dei kjem frå personalet.

Tredje ledd pålegg skolen å ta stilling til oppmodingar om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet, under dette mobbing, diskriminering, vald og rasisme. I praksis vil slike oppmodingar vere retta til skoleleiinga, eventuelt til den ansvarlege læraren (klassestyraren). Klassestyraren har plikt til å bringe saka vidare om ho ikkje kan løysast innanfor klassen. Oppmodingane kan komme frå elevar, føresette eller råd og utval som representerer dei. Dette kan vere råd og utval ved skolen som nemnt i kapittel 11 i lova, eller til dømes ad hoc-utval. Når det gjeld konkrete tilfelle av til dømes mobbing, vil det vere mest praktisk at oppmodinga kjem frå den eleven det gjeld, eller eleven sine føresette. Men oppmodinga kan sjølvsagt komme frå til dømes ein annan elev.

Om skolen, etter å ha fått tid til å vurdere saka, ikkje gjer noko vedtak, vil det likevel kunne klagast over situasjonen etter føresegnene i forvaltningslova, som om det var gjort enkeltvedtak. Klageretten kan utøvast av den eller dei som har rettsleg interesse etter forvaltningslova § 28.

Dersom eit forhold er under behandling i ei klagesak, eller alt har vore behandla og avgjort av klageorganet, kan oppmodingar og klagar som gjeld det same forholdet avvisast etter alminnelege forvaltningsrettslege reglar, såframt det ikkje har komme fram moment som gjer at saka bør vurderast på nytt. Når det gjeld situasjonar der kommunale tilsynsmyndigheiter også er inne i biletet, viser departementet til merknadane til § 9-2 ovanfor.

Når det gjeld tilsyn og sanksjonar, viser departementet til dei generelle merknadene i punkt 6.5 og 6.6 .

Til § 9a-4 Systematisk arbeid for å fremje helse, miljø og tryggleik for elevane (internkontroll)

Føresegna pålegg skolen å arbeide aktivt og målretta for å oppfylle krava til skolemiljøet i opplæringslova.

Plikta til å drive slikt arbeid følgjer allereie av mellom anna arbeidsmiljølova og brannvernlovgivinga, og dessutan av helselovgivninga. Det systematiske arbeidet med skolemiljøet etter opplæringslova bør sjåast i samanheng med og innarbeidast i den internkontrollen som allereie finst etter desse lovene og anna helse-, miljø- og tryggleikslovgiving, slik at ein unngår dobbeltarbeid.

Arbeidet skal omfatte både det fysiske og det psykososiale miljøet, og femner om alt frå reinhald til det skolen gjer for å førebyggje, oppdage og handtere mobbeproblem.

Førebyggjande tiltak kan setjast i verk både på skole- og på klasse- eller gruppenivå, og det er viktig at elevane sjølve får delta i utforminga av dette arbeidet. Departementet vil oppmode om at ein nyttar høvet til å gi ordensreglar som del av det organiserte skolemiljøarbeidet.

Eit effektivt skolemiljøarbeid krev deltaking frå elevane, personalet og eventuelt dei føresette. Det er avgjerande at dei som skal delta i det systematiske miljøarbeidet, også deltek i utforminga av det. Brukarane har ein viktig kompetanse når det gjeld deira eige miljø. Særleg viktig er det å involvere personalet og elevane dersom ein søkjer ekstern hjelp til å utarbeide opplegg for internkontroll.

Ein føresetnad for å lykkast er at skolen sjølv har sett seg konkrete mål ut frå dei generelle krava i lovverket, og at planar og tiltak er tilpassa til dei lokale utfordringane. Ein dynamisk internkontroll føreset dessutan at arbeidet blir løpande vurdert og jamleg revidert. Ein må unngå at internkontroll blir noko statisk, «ein perm i hylla».

Til § 9a-5 Elevdeltaking i skolemiljøarbeidet

Første ledd slår fast at elevane skal engasjerast i det systematiske arbeidet med skolemiljøet, og få oppgåver etter kva som naturleg kan forventast på dei enkelte klassetrinna. Elevane kan til dømes vere med på å lage reglar for sosial åtferd og rutinar for inneklimatiltak som enkelt reinhald og bruk av innesko, eller gjere enkle målingar og observasjonar av det fysiske innemiljøet. Føresegna gjeld for alle klassetrinn.

Andre ledd gir elevrådet rett til å utnemne skolemiljørepresentantar. Desse er tiltenkte eit særleg ansvar for å overvake skolemiljøet på vegner av elevane, gjere framlegg og delta i utforminga av det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet.

Tredje ledd gir to av skolemiljørepresentantane møte- og talerett i arbeidsmiljøutvalet ved skolen når dette behandlar saker som har betydning for elevane sitt skolemiljø. Der det ikkje er arbeidsmiljøutval ved den enkelte skolen, har skolemiljørepresentantane møte- og talerett i det arbeidsmiljøutvalet i kommunen eller fylkeskommunen som behandlar saker knytte til den aktuelle skolen.

Føresegnene er ikkje til hinder for at skolane av eige tiltak opprettar til dømes eigne skolemiljøutval, samansette av representantar for dei tilsette, elevane, foreldra og skolehelsetenesta.

Etter fjerde og femte ledd har skolemiljørepresentantane rett til informasjon, opplæring og fritak frå undervisningstimar slik at dei kan skjøtte oppgåvene sine.

Departementet viser elles til opplæringslova § 11-8, som gir representantar for elevane i vidaregåande opplæring møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder etter tilsvarande reglar som for tilsette.

Til § 9a-6 Informasjonsplikt og uttalerett

Første ledd pålegg skolen å halde samarbeidsutvalet, skoleutvalet, elevrådet og foreldrerådet løpande underretta om alle forhold som har vesentleg betydning for skolemiljøet. Dette vil mellom anna gjelde problem i miljøet, slik som til dømes alvorlege valdsepisodar eller vedvarande dårlege psykososiale forhold, eller til dømes problem med temperaturreguleringa i klasserommet. Det kan også dreie seg om utarbeiding av opplegg for det systematiske arbeidet for skolemiljøet med til dømes reinhaldsrutinar. Andre viktige døme er vedtak gjorde anten av skolen sjølv eller av tilsynsmyndigheitene.

I atterhaldet «vesentleg betydning» ligg det at til dømes daglegdagse enkelthendingar eller mindre endringar av rutinar ikkje er omfatta av plikta.

Etter andre ledd skal skolen/skoleeigaren ta råda og utvala med i planlegginga og gjennomføringa av miljøtiltak på eit så tidleg tidspunkt som mogleg. Dette er særleg viktig ved oppføring eller rehabilitering av skolebygg, og ved større revisjonar av det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen.

Tredje ledd inneheld føresegn om varslingsplikt overfor elevane og eventuelt dei føresette når skolemiljøet kan ha negativ verknad for helsa til elevane. I motsetning til dei føregåande ledda krevst det her at informasjon blir gitt til alle elevar og foreldre så snart som mogleg. Når miljøet ikkje lenger berre er utilfredsstillande i høve til trivsel og læring, men kan ha negativ verknad for helsa, må alle elevar og føresette få vite om det. Føresegna gjeld tilhøve som kan ha negativ innverknad på helsa. Det er altså ikkje nødvendig at tilhøva allereie har fått eller med visse vil få slik negativ verknad. Her må det leggjast ei føre-vâr-betraktning til grunn.

Til § 9a-7 Straff

Strafferamma er den same som etter kommunehelsetenestelova § 4a-11.

Når det gjeld andre sanksjonar, viser departementet til dei generelle merknadene i punkt 6.6 .

Til § 9a-8 Skolefritidsordninga

Føresegna understrekar at krava til skolemiljøet skal gjelde for skolefritidsordninga. Dette gjeld også når skolefritidsordninga omfattar aktivitetar utanfor skolen sitt område, eller blir driven i lokale utanfor skolen.

Til § 9a-9 Forskrifter

Føresegna gir departementet fullmakt til å gi forskrifter om skolemiljøet. Forskriftene kan mellom anna utdjupe krava til det fysiske og det psykososiale miljøet, til internkontroll og brukarmedverknad. Forskriftene kan omfatte alle miljøfaktorar som kan verke inn på helsa, trivselen og læringa til elevane. Departementet kan mellom anna gi føresegner om forbod mot røyking på skoleområdet og under aktivitetar som skolen er ansvarleg for.

Utkastet førar vidare forskriftsheimelen i § 9-3 andre ledd.

Til forsida