Ot.prp. nr. 73 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 6. juni 1891 nr. 2 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v.

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

Det har vist seg at registrering av ansvarsmerke utan tidsavgrensing er uheldig, mellom anna fordi det er registrert merke som ikkje lenger er i bruk. I tillegg har alle dei andre nordiske landa ei tidsavgrensing. Patentstyret har derfor bedt om ei lov- og forskriftsendring for å få til eit meir fleksibelt og oppdatert regelverk. Det har også vore behov for å tilpasse lova til EU-krav om fri flyt av varer i dei tilfella der det edle metallet er stempla med lovleg varemerke i eit anna EØS-land.

2.1 Høyring

Barne- og familiedepartementet sende forslag til endringar i lov om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v. til høyring 23. februar 2004 med høyringsfrist 21. mai 2004. Desse institusjonane og organisasjonane fekk saka til høyring:

Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Finansdepartementet

Justis- og politidepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet

Landbruks- og matdepartementet

Nærings- og handelsdepartementet

Utanriksdepartementet

Patentstyret (Styret for det industrielle rettsvern)

Styret for Edelmetallkontrollen

Edelmetallkontrollen

Norges Gullsmedforbund

Norges Urgrossistforening

Norges Urmakerforbund

Forbrukarrådet

Bedriftsforbundet

Landsorganisasjonen (LO)

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH)

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

Norges Husflidslag

Norsk Designråd

Norske brukskunstnere

Norske Kunsthåndverkere

Norway Design AS

Desse høyringsinstansane hadde merknader til høyringsnotatet:

Justis- og politidepartementet

Edelmetallkontrollen

Norske Kunsthåndverkere