Ot.prp. nr. 73 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 6. juni 1891 nr. 2 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v.

Til innhaldsliste

4 Varer av edle metall innanfor EØS-området som er stempla med eit lovleg ansvarsmerke i heimlandet

I Varemerkeutredning II (NOU 2001:8) rår ein til at det blir vurdert å gjere unntak frå føresegnene i lova om stempling av norsk ansvarsmerke på edelmetall for verksemder innanfor EØS-området. Føresetnaden er at dei har stempla eit ansvarsmerke på vara i heimlandet sitt. Grunngivinga for forslaget er at ordninga i dag ser ut til å ha eit ikkje avklart forhold til reglane i EØS-avtalen om fri flyt av varer.

Formålet med å bruke ansvarsmerke er at forbrukarane og styresmaktene skal kunne identifisere kven som har ført den aktuelle vara av edle metall til marknaden. Dersom ein er i gull- og sølvsmedbransjen og vil selje eigenproduserte varer, har ein plikt til å ha eit ansvarsmerke slik at produsenten kan identifiserast. Ansvarsmerket skal vere eit hjelpemiddel for å halde ved lag tilliten til varer av edle metall og skal sikre at den verkelege finleiken til vara er i samsvar med den finleiken som er stempla på vara.

Per i dag finst det ikkje noko sentralt EU/EØS-register for ansvarsmerke. Ettersom landa har ulik praksis på området, er det også tvilsamt om noko slikt register blir oppretta i nær framtid.

4.1 Rettspraksis - Houtwipperdommen

EF-domstolen kom 15. september 1994 med ein dom som gjeld flyten av varer av edelt metall innanfor EU/EØS-området, den såkalla Houtwipperdommen.

Etter dommen skal artikkel 30 i Roma-traktaten tolkast slik at han ikkje er til hinder for å bruke nasjonale føresegner der det er forbode å omsetje varer av edle metall som ikkje har rett merking av finleiken. Dette gjeld berre i det omfanget varene ikkje er forsynte med stempel som er like opplysande som stempla etter lovgivinga i importlandet, og som er forståeleg for forbrukarane i importlandet. Varene må likevel vere stempla i samsvar med lovgivinga i eksportlandet.

Når nasjonale føresegner seier at stempel skal førast på av eit uavhengig organ, kan ein ikkje forby omsetning av varer av edle metall som er innførte frå andre medlemsstatar dersom desse varene har vorte stempla av eit uavhengig organ i eksportlandet.

4.2 Utanlandsk lovgiving på området

Danmark

Danmark har sidan 1. januar 1997 hatt ei lovgiving der varer av edle metall som er produserte innanfor EØS-området, og som er stempla med eit lovleg ansvarsmerke i sitt EU/EØS-heimland, ikkje skal stemplast med eit dansk ansvarsmerke. Danskane har ulike reglar for registrering av danske merke og melding om merke frå andre EØS-land.

Formålet med å endre dei tidlegare føresegnene var å tilpasse dei danske reglane til dei gjeldande reglane i EU for den indre marknaden, slik at reglane ikkje lenger skulle vere ei teknisk handelshindring.

Etter dei danske reglane skal alle importørar eller forhandlarar av varer av edle metall før marknadsføringa sjå til at dei aktuelle varene er stempla og kontrollerte på ein måte som ikkje er dårlegare enn den danske ordninga. Forhandlaren/importøren har plikt til å opplyse til Edelmetallkontrollen i Danmark om namnestempel på varer av edle metall som blir marknadsførte etter reglar om EU/EØS-namnestempel. Edelmetallkontrollen skal behandle innsende opplysningar om namnestempel frå eit anna land i EU/EØS for å sikre at namnestempel ikkje kan forvekslast med kvarandre, det vil seie at det skal vere mogleg å spore opphavet.

Både forhandlarane og importørane skal kunne dokumentere at forholda i samband med jamstilling er i orden. Edelmetallkontrollen skal som hovudregel ikkje medverke til dette, da dette i seg sjølv kan oppfattast som ei teknisk handelshindring. Når det gjeld kontroll, tek forhandlaren og importøren derfor på seg ansvaret for at kontrollen er gjennomført på dei vilkåra, i eit omfang og på eit teknisk nivå som minst svarer til den kontrollen som blir gjennomført av den danske Edelmetallkontrollen.

Sverige

Sverige fekk 1. januar 2000 ei ny edelmetallov (ädelmetallag). Loven krev at produkta skal stemplast med ansvarsmerke, men registreringsplikta for produsentar som har det som yrke, importørar og seljarar vart avskaffa. Svenske ansvarsmerke skal framleis vere registrerte. Utan krav om registrering i Sverige skal utanlandske finleiksmerke og ansvarsmerke (namnemerke) som er registrerte i eit anna EØS-land, sidestillast med svenske. Føresetnaden er at det er mogleg å spore ansvarsmerket (namnemerket) til dømes gjennom register i andre EØS-land. Utan krav om svenske ansvarsmerke eller svensk kontrollstempling kan varer frå andre EØS-land seljast fritt i Sverige dersom dei utanlandske stempla kan «samanliknast» med svenske stempel.

4.3 Framlegget frå departementet

Det er eit krav i lova at dersom ei vare av edelt metall blir finleiksstempla, skal ho samstundes stemplast med eit norsk varemerke. I Varemerkeutredningen II rår ein til at det blir vurdert å gjere unntak frå denne regelen overfor verksemder innanfor EØS-området, som har stempla eit ansvarsmerke på vara i heimlandet sitt. Grunngivinga for forslaget er at ordninga i dag ser ut til å ha eit ikkje avklart forhold til reglane i EØS-avtalen om fri flyt av varer.

Barne- og familiedepartementet fremma eit slikt forslag i høyringsnotatet. I tillegg vart det fremma forslag om ei plikt for importøren og forhandlaren til å melde frå til Edelmetallkontrollen dersom eit merke er registrert i ein annan EØS-stat.

4.4 Synet til høyringsinstansane

Edelmetallkontrollen uttaler:

«(....) Erfaring fra kontrollvirksomheten viser at det tidsvis kan være vanskelig å fremskaffe informasjon om varer med ukjente ansvarsmerker. De fleste gullsmedforretninger forhandler varer fra flere leverandører og sporbarhet tilbake til innkjøpstidspunktet er ofte mangelfull. Hensikten med registrering av ansvarsmerker er jo nettopp å muliggjøre kontroll ved at varens opphav enkelt kan identifiseres. Tilfeller av forvekslingsbare merker vil dessuten kunne passere uoppdaget. (...)

For å unngå uheldige konsekvenser bør ordlyden i tillegget til § 4 skjerpes, slik at importører pålegges å underrette Edelmetallkontrollen om ansvarsmerket innen varer fra EØS-området introduseres på det norske markedet.»

4.5 Vurderinga til departementet

Departementet ser det som viktig at kontrollen med varer av edle metall som blir omsette her i landet, held fram. Departementet føreslår ein modell som er tilnærma lik den danske modellen. Ved endringa må føresegna tilpassast reglane i EØS-avtalen om fri flyt av varer.

Synspunkta til Edelmetallkontrollen og Justisdepartementet er innarbeidde ved utforminga av endringane i § 4. Føresegna blir teken inn i § 4 første ledd.

Etter lova § 7 kan det gjerast unntak frå føresegna i lova dersom dette er nødvendig av omsyn til avtale med ein annan stat eller til internasjonalt samarbeid. Føresegna kom inn da Noreg slutta seg til EFTA-konvensjonen om kontroll og merking av artiklar av edle metall. Retten til å gjere unntak er delegert til Barne- og familiedepartementet. Departementet føreslår likevel å ta inn i lova ein regel om at ei vare som er stempla i samsvar med lovgivinga i ein stat som er part av EØS-avtalen, ikkje treng å bli stempla med norsk ansvarsmerke under visse føresetnader. Det er viktig at dette går klart og tydeleg fram av lova.