Ot.prp. nr. 73 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 6. juni 1891 nr. 2 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v.

Til innhaldsliste

5 Notifisering

Forslaga i punkta 3 og 4 har vore notifiserte til EU- og EØS-landa i samsvar med 98/34-prosedyren om moglege tekniske handelshindringar, jamfør EØS-høyringslova av 17. desember 2004, som tok til å gjelde 1. januar 2005. EU kom med fråsegn om forslaget. Departementet har på bakgrunn av denne fråsegna avklart overfor EU-kommisjonen at ei vare som er stempla i samsvar med lovgivinga i ein stat som er part av EØS-avtalen, ikkje treng å bli stempla med norsk ansvarsmerke under visse føresetnader. Heller ikkje utanlandske finleiksmerke skal registrerast her i landet.