Ot.prp. nr. 73 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 6. juni 1891 nr. 2 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v.

Til innhaldsliste

3 Tidsavgrensing av ansvarsmerke

Ei vare som blir stempla med finleiksmerke, skal som hovudregel samstundes stemplast med eit ansvarsmerke. Ansvarsmerket fortel kven som har ført vara til marknaden (til dømes produsent eller importør), og gjer det mogleg å identifisere kven som har laga vara, til dømes kva for ein gullsmed. Ansvarsmerkeregistrering inneber at merkeinnehavaren har høve til å føre på finleiksstandard på gull-, sølv- eller platinavarer. Merkeinnehavaren har ansvaret for at den finleiksstandarden som er oppgitt, er korrekt. Registrering av ansvarsmerke er pliktig mellom anna ut frå kontrollomsyn.

Registrering av ansvarsmerke skjer hos Patentstyret (Styret for det industrielle rettsvern). Etter dei gjeldande reglane er det ikkje nødvendig å fornye registreringa. Registreringa av eit ansvarsmerke er evigvarande.

Føresegnene om ansvarsmerke er gitt med heimel etter lov om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og stempling m.v. § 4 første ledd, og inneheld mellom anna reglar om søknad om registrering, om verneområdet for ansvarsmerke, om klager og om registreringsavgift.

Varemerkeutredning II vart lagd fram i NOU 2001:8 Lov om varekjennetegn med motiver fra Varemerkeutredningen II.

Her sitererer vi dette frå kapittel 9 Ansvarsmerker på side 49:

«Etter de gjeldende regler er det ikke nødvendig å fornye registreringen for å holde den i kraft - registreringen av et ansvarsmerke er evigvarende. Varemerkeutredningen II anser dette som lite heldig, da registeret over ansvarsmerker på denne måten kommer til å inneholde merker som er gått ut av bruk og som innehaveren har mistet interessen i å opprettholde som ansvarsmerke. I de øvrige nordiske land må en registrering av et ansvarsmerke fornyes.

Det foreslås på bakgrunn av henvendelser fra Edelmetallkontrollen at det i loven tas inn i § 4 første ledd hjemmel for å gi forskrift om opphør, fornyelse og avgift for fornyelse. Man kan hente forbilde for fornyelsesordningen fra de tilsvarende regler om registrerte vare- og fellesmerker.»

I tillegg har Patentstyret i brev datert 4. november 2003 bedt om at registreringa av ansvarsmerke blir avgrensa i tid.

3.1 Forslaget frå departementet

Departementet føreslo i høyringsnotatet at det blir teke inn i lov om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v. § 4 første ledd ein heimel for å avgrense i tid registreringa av ansvarsmerke og dessutan opphøyr og fornying av slike registreringar. Vidare vart det teke inn heimel for behandling av søknader og nærmare avgiftssatsar for behandlinga av dei.

Departementet viste til NOU 2001:8 Lov om varekjennetegn med motiver fra Varemerkeutredningen II punkt 14.3 der det blir føreslått ein tilnærma lik regel:

«Hvis en vare finhetsstemples, skal den også samtidig stemples med et ansvarsmerke med mindre dette er praktisk umulig: Kongen gir nærmere forskrifter om slike stemplinger, herunder om registrering av ansvarsmerker og om opphør og fornyelse av slike registreringer. Kongen kan herunder bestemme at det skal betales avgift for registrering og fornyelse av registrering av ansvarsmerker.»

3.2 Synet til høyringsinstansane

Justisdepartementet peiker på at heimelsregelen i § 4 første ledd bør formulerast slik det er føreslått i NOU 2001:8. Forslaget går ut på at verknadene av å registrere eit ansvarsmerke skal vere tidsavgrensa, men at registreringa og dermed verknadene av registeringa kan fornyast så mange gonger ein ønskjer. At registreringa av ansvarsmerke opphøyrer, vil ikkje gjere noko med gyldigheita av eit ansvarsmerke som er stempla på ei vare mens ansvarsmerket er registrert.

3.3 Vurderinga til departementet

Ingen høyringsinstansar har hatt innvendingar mot forslaget om at det blir innført heimel for å gi forskrift om opphøyr, fornying og avgift for fornying av ansvarsmerke. Departementet har forma § 4 i samsvar med forslaget frå Justisdepartementet. Endringane er tekne inn i andre ledd.