Ot.prp. nr. 73 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 6. juni 1891 nr. 2 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v.

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringane i § 4 vil venteleg ikkje få særlege økonomiske eller administrative konsekvensar for Patentstyret. Patentstyret har dei siste åra berre hatt nokre få søknader om registrering av ansvarsmerke frå andre EØS-land. Importøren eller forhandlaren får etter omstenda nye oppgåver i dei tilfella der ei vare er stempla i samsvar med lovgivinga i ein annan stat som er part i EØS-avtalen. I slike tilfelle skal importøren eller forhandlaren gi melding med dokumentasjon til Edelmetallkontrollen med opplysningar om stemplinga før vara blir ført i handelen. På den andre sida treng ikkje utanlandske produsentar som er omfatta av unntaket for varer som er stempla i samsvar med lovgivinga i ein stat som er part i EØS-avtalen, å registrere ansvarsmerket sitt hos Patentstyret.