Ot.prp. nr. 73 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 6. juni 1891 nr. 2 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v.

Til innhaldsliste

7 Merknader til føresegna

I § 4 første ledd blir det gitt heimel for at ei vare som er stempla i samsvar med lovgivinga i ein annan stat som er part i EØS-avtalen, ikkje treng å bli stempla med ansvarsmerke her i landet under desse føresetnadene, jf. andre punktum:

  • at merket ikkje er eigna til å bli forveksla med eit norsk ansvarsmerke,

  • at produsenten av vara kan identifiserast, og

  • at det kan dokumenterast at merket er ført på vara på lovleg måte

Før ei vare blir ført i handelen, skal importøren eller forhandlaren gi melding med dokumentasjon til Edelmetallkontrollen med opplysningar om stemplinga, jf. tredje punktum.

Etter straffelova § 375 skal den som gjer seg skuldig i ulovleg stempling av varer av gull, sølv eller andre metall, eller som tilbyr ulovleg stempla metallvarer, straffast med bøter eller fengsel i inntil 3 månader.

Andre ledd byggjer på det noverande første ledd, andre og tredje punktum. I andre ledd blir det teke inn heimel for å gi forskrift om behandling av søknader, om opphøyr og fornying av registreringar av ansvarsmerke. Vidare kan Kongen fastsetje at ein skal betale avgift for å fornye registrering av ansvarsmerke. Heimlane om opphøyr og fornying blir innførte som ei følgje av at ein føreslår å avgrense gyldigheita av registreringa av ansvarsmerke. Det vil bli fastsett ei ny forskrift om ansvarsmerke der lengda av gyldigheita av registreringa blir presisert. Kongens avgjerdsmakt etter § 4 er ifølgje kongeleg resolusjon 10. juni 1983 delegert til Barne- og familiedepartementet, jamfør kronprinsregentens resolusjon 21. desember 1990. Også avgjerdsmakta etter forslaget vil bli delegert til Barne- og familiedepartementet.

Tredje ledd svarer til noverande andre ledd.

Ein tek sikte på å ta overgangsreglar inn i forskrifta om ansvarsmerke når ein no går frå eit system med ansvarsmerke utan tidsavgrensing til eit system med tidsavgrensa ansvarsmerke, jf. lovforslaget avsnitt II.