Ot.prp. nr. 76 (2007-2008)

Om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte ­andre lover (tilbakekrevjing etter feilutbetalingar, ­tiltak mot trygdemisbruk, renter og erstatning i ­trygdesaker)

Til innhaldsliste

5 Renter og erstatning i trygdesaker

5.1 Gjeldande rett

Folketrygdlova § 22-17 har denne ordlyden:

«Trygden gir ikke renter ved etterbetaling av ytelser.

Trygden kan fra utbetalingstidspunktet kreve renter med 0,5 prosent pr. måned ved tilbakekreving av ytelser etter § 22-15 første ledd første punktum. Det kan ellers ikke kreves renter.»

Regelen i det første leddet er i samsvar med norsk rett, som tradisjonelt har kravd positiv heimel i lov eller avtale for å gi renter, sjå Krüger: Pengekrav (1984) s. 396 og NOU 1974: 54 Renter ved forsinket betaling mv. s. 21-26.

Heimelen i det andre leddet til å krevje renter i saker der feilutbetalingar vert krevde attende frå mottakeren (sjå punkt 2) vert ikkje nytta i praksis. Bakgrunnen er i stor grad regelen i første leddet om at stønadstakarane heller ikkje får renter.

Det er nær samanheng mellom renter og erstatning etter skadeserstatningslova eller alminnelege erstatningsrettslege reglar. Erstatning kan tenkjast å dekkje rentetap når renter ikkje vert gitt på grunn av regelen i lova § 22-17. Tilsvarande kan erstatning dekkje terminar med ytingar som ikkje vert etterbetalte etter reglane i folketrygdlova § 22-13. Reglane i folketrygdlova, som klart nok tek sikte på å avgrense ansvaret for trygda i dei aktuelle situasjonane, får da ingen verknad.

Folketrygdlova har ingen reglar om tilhøvet til erstatningsretten. Reglane om etterbetaling har likevel i stor grad dei same måla som dei erstatningsrettslege reglane. Dette gjeld først og fremst reglane om utvida etterbetaling av ytingar når trygdeorgana har gjort feil.

Hovudregelen om etterbetaling – folketrygdlova § 22-13 tredje leddet – er at ytingar berre vert gitt for inntil tre månader før kravet vart sett fram, sjølv om det vert dokumentert at vilkåra for ytingane har vore til stades vesentleg lengre. Etter lova § 22-13 fjerde leddet vert perioden med etterbetaling utvida frå tre månader til tre år for alderspensjon, barnepensjon og menerstatning ved yrkesskade.

Folketrygdlova § 22-13 sjette leddet medfører at ytingar kan bli gitt for inntil tre år attende, mellom anna dersom årsaka til manglande krav om ytingane er at trygda har gitt feil opplysningar. Etterbetalinga skjer for inntil tre år attende frå den datoen da vedkomande fekk kjennskap til og gjorde krav på ytinga. Rundskrivet på området seier at det òg må vere godtgjort at personen har framlagt konkrete spørsmål i samband med informasjonssituasjonen og sjølv har gitt dei opplysningane som var nødvendige. Eit tilfeldig spørsmål er ikkje nok.

Etter folketrygdlova § 22-14 fjerde leddet vert retten til etterbetaling utvida dersom ein person har fått heilt eller delvis avslag av di Arbeids- og velferdsetaten har gjort feil. Det same gjeld dersom årsaka til avslaget er feil eller manglar ved opplysningane i saka som ikkje skriv seg frå stønadstakaren, til dømes feil i sosialrapportar, legeerklæringar el. I desse tilfella vert ytingane gitt frå det tidspunktet dei skulle ha vore gitt dersom kravet hadde vore godteke første gongen. Dette gjeld utan omsyn til reglane i foreldingslova, som eventuelt kunne ha ført til at ein del av dei aktuelle terminbeløpa ville ha vore forelda.

Reglane om ekstraordinær etterbetaling og erstatningsreglane samsvarar ikkje. Det er ikkje eit vilkår for utvida etterbetaling at vilkåra for å gi erstatning er til stades. Etterbetalingsreglane er utforma for å gi rimelege resultat og famnar fleire omsyn enn erstatningsretten. Det vesentlege er likevel at desse reglane er utforma som ei fullstendig regulering av ansvaret for folketrygda i den enkelte saka. I lengre tid la ein difor til grunn at regelen om at renter ikkje vert gitt ved etterbetaling, og sjølve reglane om avgrensa periodar med etterbetaling, var å sjå på som ei særleg regulering av erstatningsansvaret som nemnd i skadeserstatningslova § 5-5, slik at erstatning etter lova ikkje vart gitt i tilfella som var regulerte i folketrygdlova.

Etter avgjerda til Høgsteretten i Abrahamsen-saka 25. oktober 2002 må det leggjast til grunn at erstatningsreglane vil kunne supplere reglane i folketrygdlova om etterbetaling. Med tre mot to stemmer kom retten til at ekteparet Abrahamsen skulle få erstatta terminar med ytingar meir enn 10 år attende, da retten la til grunn at trygdekontoret hadde gitt feilinformasjon. Avgjerda seier ikkje noko om kva for krav ein skal stille med omsyn til om vilkåra for erstatning er oppfylte i tilfelle som ligg langt attende i tid. Staten ville berre ha ei prøving av det prinsipielle spørsmålet om erstatningsreglane gjaldt, og ga såleis avkall på innvendingar med omsyn til den konkrete erstatningsrettslege vurderinga. – Avgjerda i Abrahamsen-saka er òg tolka slik at renteavskjeringa i folketrygdlova § 22-17 første leddet får gjennomslag i saker med erstatning i tillegg til etterbetaling på grunn av feil, sjå til dømes ein dom i Høgsteretten 15. desember 2006 (HR-2006-02110-A).

Ein nemner til slutt at spørsmålet om å gi renter ved etterbetaling av trygdeytingar, vart drøfta av Trygdelovutvalet i NOU 1990: 20. I Innst. O. nr. 46 for 1996-97 pkt 22.1 om ny folketrygdlov bad sosialkomiteen om at rentespørsmålet vart vurdert. Sivilombudsmannen har mellom anna tilrådd ein part å gå til sak mot staten med krav om renter, jf. årsmeldinga frå Sivilombudsmannen for 2001 side 26 flg. Dei nemnde domane i Høgsteretten har løyst dette spørsmålet.

Området for erstatningsretten når det gjeld folketrygda vert etter dette dei sakene som ikkje er omfatta av reglane om etterbetaling. Dei klareste eksempla på slike saker vil vere tilfella der feilinformasjon frå Arbeids- og velferdsetaten har ført til at ein person ikkje opptener rett til ei yting. Det kan da ikkje skje noka etterbetaling. I slike tilfelle er det gitt erstatning etter vanlege erstatningsrettslege reglar og på vanlege erstatningsrettslege vilkår. I slike tilfelle vert det òg gitt renter etter forseinkingsrentelova.

5.2 Høyringsnotatet

Departementet peika i høyringsnotatet på skiljet mellom krav på ytingar frå folketrygda og vanlige formuerettslege krav. Formuerettslege krav har grunnlag i skriftlege eller muntlege avtaler om fast eigedom, lausøyre eller tenester, medan grunnlaget for ytingar frå folketrygda er eit vedtak i Stortinget (lovvedtak og/eller budsjettvedtak). Formålet er å sikre inntekt i periodar da ein person ikkje kan forsørgje seg ved eige arbeid, eller å kompensere for meirutgifter på grunn av sjukdom mv. Til grunn for beslutningane i Stortinget ligg politiske mål.

Når grunnlaget for eit krav er ei einsidig beslutning av Stortinget, vurderte departementet det som mindre naturleg å knytte renter til ei meir eller mindre mangelfull oppfylling av kravet enn når det gjeld formuesrettslege krav. I mange tilfelle vil ein måtte akseptere ei ventetid før ytinga kjem til utbetaling, til dømes ved uførepensjon, der ein må ha legeerklæringar mv. Sjølv om vilkåra for ei yting var oppfylt da kravet vart fremja, så ikkje departementet særleg sterke argument for å gi renter for terminar som fell innanfor rammen av ei rimeleg behandlingstid.

Ei renteordning i trygdesaker kan tenkjast å ha ulike mål – godtgjersle for ikkje å kunne disponere pengane, kompensasjon for inflasjonstap eller «strafferente» («straff» for etaten). De ulike måla vil i praksis i stor grad flyte saman, utan at det synest grunn til å skilje dei frå kvarandre. Tidlegare innspel på området har nok sett renter som kompensasjon for inflasjonstap, men det kjem og fram at ein særleg ser grunn til renter når årsaka til sein utbetaling er feil i trygdeorgana.

Departementet meinte at det var naudsynt med ei klar regulering av tilhøvet mellom erstatningsreglane og reglane om etterbetaling mv. i folketrygdlova, og samstundes burde ein vurdere ei lemping av renteregelen i folketrygdlova § 22-17, slik at renter vart gitt i klart definerte saker.

Høyringsnotatet hadde følgjande forslag:

  1. Innføring av ei ordning med renter i sakene der det vert gitt ekstraordinær etterbetaling etter reglane i folketrygdlova § 22-13 sjette leddet eller § 22-14 fjerde leddet, dvs. sakene der Arbeids- og velferdsetaten har feilinformert eller gitt avslag på feilaktig grunnlag. Renteordninga skulle òg omfatte saker der etaten rettar feil av eige tiltak. Renta skulle utgjere 6 prosent i året, rekna frå den datoen ytinga skulle ha vore utbetalt. Høyringsnotatet tok opp ei rekkje spørsmål knytta til utforminga av ei renteordning. Mellom anna skulle ein etter forslaget ikkje rekne renter av frådrag i etterbetalinga for andre ytingar frå folketrygda i etterbetalingsperioden eller for refusjonskrav for utbetalt sosialhjelp i same perioden. - Departementet meinte at tilsvarande saker etter lovene om krigspensjonering og etter den gamle lova om yrkesskadetrygd burde omfattast av ei renteordning.

  2. Ved innføringa av renter ved dei nemnde etterbetalingane meinte departementet at ein òg kunne ta til å bruke regelen i folketrygdlova § 22-17 andre leddet om renter ved tilbakekrevjing av feilutbetalingar, avgrensa til tilfella der mottakaren ikkje har vore i aktsam god tru. Departementet ba om høyringsinstansane sitt syn på om ein òg skulle krevje renter ved tilbakekrevjing etter den nye § 22-15 a om behandlarar mv. med avtale om direkte oppgjer (sjå punkt 3.2).

  3. Departementet foreslo ei supplering av folketrygdlova med sikte på at ein ikkje skal kunne få erstatning for terminar som ikkje vert dekte ved etterbetaling, eller for rentetap som ikkje er omfatta av forslaget om renter i «feilsaker», dvs. ei delvis endring av gjeldande rett etter avgjerda i Abrahamsen-saka. Utvidingar av renteplikta eller retten til etterbetaling burde skje gjennom lovendringar ut frå trygdepolitiske omsyn. Departementet meinte òg at ein burde få ei slik regulering i forskotteringslova.

5.3 Høyringsinstansane

Arbeidsgiverforeningen Spekter, Den Norske Advokatforening, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Pensjonstrygden for sjømenn, Politidirektoratet, Regjeringsadvokaten og Statens Pensjonskasse gir si tilslutning til forslaget om innføring av ei renteordning i folketrygda ved etterbetaling. Ingen av instansane som har uttalt seg, er negative til ei slik ordning, men enkelte har kommentarar til utforminga.

Justis- og politidepartementet, Regjeringsadvokaten og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner at ein bør fastsetje rentenivået slik at det endrar seg i takt med det alminnelege rentenivået, til dømes ved å knytte rentefoten til forseinkingsrenta. Justisdepartementet peiker i tillegg på at paragrafen bør gjere det klart om ein skal gi rente av renta. Regjeringsadvokaten reiser spørsmål om ein bør avgrense ei renteordning til saker der trygdeorgana kan «lastes for feilen som leder til etterbetaling».

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) meiner at ei renteordning bør omfatte andre tilfelle enn i forslaget, mellom anna saker der det går lang tid frå vedtaket til utbetaling, og i tillegg visse saker etter barnetrygdlova.

Utanom Arbeids- og velferdsdirektoratet er Arbeidsgiverforeningen Spekter, Politidirektoratet og Statens Pensjonskasse aleine om å ha kommentarar til forslaget om å krevje renter ved tilbakekrevjing av feilutbetalingar, og støttar i alt vesentleg forslaget. Spekter peiker på problema når kravet rettast mot arbeidsgjevaren som har fått feilutbetalinga, medan det i realiteten er arbeidstakaren som er årsak til feilen. Spekter og Statens Pensjonskasse gir eksplisitt støtte til å krevje renter ved krav mot behandlarar.

Arbeids- og velferdsdirektoratet er i prinsippet positive til forslaga om renter ved etterbetaling og tilbakekrevjing, men peiker på behov for omleggjing av systema mv. Særleg gjeld dette i høve til å krevje renter ved tilbakekrevjing, der ein etter forslaget i høyringsnotatet må skilje mellom dei ulike grunnlaga for at beløpet vert kravd attende. Om dette seier direktoratet mellom anna:

«Vi stiller spørsmålstegn ved forslaget om å benytte utbetalingsdato for beregning av rente. Da vil tilbakebetalingsbeløpets størrelse avhenge av hvilket tidspunkt etaten oppdager feilutbetalingen. Det vil kunne føre til forskjellsbehandling av ellers like tilfeller. Særlig i tilfeller der det er tale om halvering på grunn av skyld fra etatens side. Vi mener man bør legge til grunn datoen for vedtaket om tilbakekreving. Rentesatsen bør basere seg på en fast prosentsats for hele beløpet. Dette vil sammenfalle med skatteetatens regler. (...)

Praktiske utfordringer av rent systemteknisk art:

Systemene må omlegges, herunder infotrygd og innkrevingsssystemet. De krav som «kommer over» til innkrevingssystemet som følge av en feilutbetaling i henhold til ftrl § 22-15, registreres som § 22-15-krav. Det er ikke mulig å sondre mellom krav etter ftrl § 22-15, 1. ledd, § 22-15, 2. ledd, § 22-15, 3. ledd eller § 22-15, 4. ledd. Dette byr på utfordringer i henhold til departementets forslag fordi krav etter § 22-15, 1. ledd og krav mot arbeidsgiver for feilutbetalt ytelse (2. ledd) jf. forslagets § 22-17 a er foreslått rentebelagt. Det er ikke foreslått å kreve rente på krav etter § 22-15, 3. og 4. ledd. Løsningen på dette vil måtte bli enten å endre på innkrevingssystemet eller utarbeide ny utforming av de aktuelle bestemmelsene i ftrl.»

Direktoratet peiker òg på enkelte andre tekniske utfordringar. Når det gjeld utforminga av dei to renteordningane, peiker direktoratet på at ein bør ta omsyn til at einskilde ytingar ikkje vert utbetalte månadsvis, men kvar 14. dag, og at trekk i ei etterbetaling for individstønad etter arbeidsmarknadslova bør gå til frådrag i grunnlaget for å rekne renter. Direktoratet seier òg følgjande:

«Renten må ikke bli så lav at brukeren fortsatt mener han/hun har et tap som kan foranledige et ytterligere krav om erstatning.

Om det innføres renter er det ikke riktig at det tilkjennes en lavere rente på penger som staten etterbetaler til stønadsmottaker enn når det foreligger feilutbetaling. Forslagene bør harmoniseres slik at det gjelder samme renteregler for begge forhold. (...)

Forslagene om renter regulerer ikke renter ved etterbetaling av for lite utbetalt refusjon etter direkte oppgjørsordningen eller rente ved tilbakekreving av for meget utbetalt ytelse etter direkte oppgjørsordningen. I forhold til profesjonelle behandlere foreligger i dag ingen hjemmel til å pålegge rente, kun rente etter forsinkelsesloven. Stønadsmottakere pålegges ved det nye forslaget 0,6 % rente per måned. Tilbakekreving overfor profesjonelle behandlere pålegges ikke tilsvarende rente. Renteplikten overfor stønadsmottakere synes således strengere enn overfor profesjonelle behandlere.»

Justis- og politidepartementet og Arbeids- og velferdsdirektoratet er dei einaste instansane som har kommentarar til punktet i høyringsnotatet om tilhøvet til erstatningsretten. Justisdepartementet uttaler mellom anna:

«Vi forstår det slik at den ordningen det der legges opp til, er ment å være uttømmende, det vil si at en stønadsmottaker ikke i tillegg eller i stedet kan påberope erstatningsrettslige regler som grunnlag for et «tilbakebetalingskrav» eller et krav på renter. Det kan imidlertid spørres om det kan oppstå andre typer av etterbetalings- (og rentekrav) enn de som er regulert av § 22-13 i folketrygdloven. For eksempel har Lovavdelingen i en uttalelse 27. mai 1999 uttalt følgende om forståelsen av folketrygdloven 1966 § 14-9 femte ledd siste punktum (som dannet mønster for folketrygdloven § 22-17 første ledd):

«Slik bestemmelsen i den tidligere folketrygdloven § 14-9 femte ledd siste punktum var utformet, knyttet denne seg til tilfeller der et krav helt eller delvis er avslått ved en feil. Den nye loven § 22-17 første ledd kan ikke antas å avskjære rentekrav i større utstrekning enn det som gjaldt tidligere. Bestemmelsene omfatter således tilfeller der det foreligger feil ved et vedtak som går ut på helt eller delvis å nekte utbetaling. Reglene avskjærer ikke rett til rentetapserstatning der manglende trygdeutbetaling har andre årsaker. Dette kan f eks være feil eller forsømmelser i forbindelse med selve utbetalingen av stønad. F eks antok vi i Lovavdelingens uttalelse 801/92 E (12 mai 1992), som gjaldt en trygdesjefs underslag av pensjonsutbetalinger, at det forelå rett til forsinkelsesrenter etter forsinkelsesrenteloven. Generelt må det kunne antas at manglende trygdeutbetaling som skyldes en forsettlig urettmessig handling fra en trygdefunksjonærs side, vil falle utenfor lovens formulering «avslått ved en feil ».»

Arbeids- og velferdsdirektoratet uttaler:

«Arbeids- og velferdsdirektoratet stiller seg litt spørrende til hensiktsmessigheten av å frita etaten fra erstatningsansvar. Som begrunnelse vises det til at vissheten om et mulig erstatningsansvar kan ha en preventiv effekt på den enkelte saksbehandler slik at man gjøre en grundigere jobb. Videre kan det stride mot folks alminnelige rettsfølelse dersom NAV som etat skal være unntatt fra et slikt ansvar. NAV bør ikke stilles gunstigere enn andre arbeidsgivere hva gjelder ansvar for underordnedes feil. Etterbetalingsreglene i folketrygdloven omfatter ikke alle forhold. Vi anbefaler derfor at Arbeids- og inkluderingsdepartementet igangsetter en revidering av etterbetalingsbestemmelsene.»

5.4 Departementet si vurdering

5.4.1 Renter ved etterbetaling og tilbakekrevjing

På bakgrunn av høyringssvaret frå Arbeids- og velferdsdirektoratet kan det vere uklart i kva for mon tilhøva teknisk ligg til rette for å innføre ordinære renteordningar ved etterbetaling og tilbakekrevjing av ytingar. Med ei ordinær renteordning meiner ein ei ordning der rentebeløpet som vert gitt eller pålagt aukar eller minkar proporsjonalt med tida som vedkomande har venta på ytinga eller har disponert feilutbetalinga som vert kravd attende. Departementet er difor ikkje samd med direktoratet når direktoratet seier, særleg med tanke på tilbakekrevjingssakene, at dette vil medføre ulik behandling av like tilfelle. Det er klart nok riktig at rentetida i tilbakekrevjingssaker vil vere avhengig av når feilutbetalinga vert oppdaga, men det er nett slike tilhøve som ei renteordning skal utjamne. Lang tid før feilen vert oppdaga, vil også seie at ein har disponert desse pengane tilsvarande lenge. Ein oppfattar det slik at høyringsinstansane (i den grad dei har hatt kommentarar på dei aktuelle punkta) har vore samde i prinsippet om renter i høve til tida som er gått.

Talet på saker som vert omfatta av renteordninga ved etterbetaling er ikkje stort, og departementet meiner at ein her bør kunne etablere ei ordinær renteordning som foreslått i høyringsnotatet utan større administrative kostnader. Det må vere vesentleg at ei slik ordning i størst mogleg grad kan dekkje opp for det reelle tapet ved at ein ikkje har fått den ytinga ein hadde krav på til rett tid. Dette er mellom anna i samsvar med tidlegare utspel frå sosialkomiteen i Stortinget og Sivilombudsmannen.

Når det gjeld ei ordning med renter i tilbakekrevjingssakene, bør ein kunne ta omsyn til dei tekniske problema som Arbeids- og velferdsdirektoratet har peikt på i høyringssvaret. Som direktoratet framhevar, vil ordninga i skatteetaten med rentetillegg kunne vere eit utgangspunkt. Ei tilsvarande ordning kan innebere at ein i vedtaket om tilbakekrevjing gir eit påslag svarande til ein viss prosent av beløpet som vert kravd attende. Ei slik ordning vil gi ei belastning som står i høve til storleiken av tilbakebetalingsbeløpet, men ikkje tek omsyn til tida som er gått sidan pengane vart utbetalte. Resultata vil i noka mon kunne framtre som tilfeldige i den einskilde saka sett i høve til ei vanleg renteordning.

Når det gjeld renter ved tilbakekrevjing mot behandlarar, var det få kommentarar i høyringsrunden. Ein oppfattar i stor grad situasjonen slik at dersom ein skal krevje renter ved tilbakekrevjing frå ordinære stønadstakarar, bør ein òg gjere dette ved tilbakekrevjing mot behandlarar som har fått feilutbetalingar i samband med direkte oppgjer frå trygda. Departementet er samd i dette.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår etter dette at det vert gitt renter ved etterbetaling av ytingar etter folketrygdlova § 22-13 sjette leddet eller § 22-14 fjerde leddet (feilinformasjon/feilaktig vedtak) og ved etterbetaling når etaten av eige tiltak rettar feil ved det opprinnelege vedtaket. I høyringssvaret sitt reiste Regjeringsadvokaten spørsmål om å avgrense retten til renter til saker der etaten har gjort feil. Ettersom renteplikta skal gjelde i saker der det i utgangspunktet har skjedd feil, ville ei avgrensing få liten verknad, og ein har ikkje funne tilstrekkeleg grunn til å komplisere renteordninga på denne måten.

Departementet foreslår at renter vert rekna for seg for kvar av terminane som etterbetalinga omfattar, frå den datoen da ytinga skulle ha vore utbetalt fram til etterbetalinga vert effektuert. Det skal ikkje reknast rente av rente. Ein foreslår at rentesatsen skal svare til om lag halvparten av forseinkingsrenta, men slik at den konkrete satsen vert å fastsetje av departementet. I dag ville satsen etter dette ha blitt fastsett til seks prosent i året.

Dersom det vert gjort frådrag i ei etterbetaling for ytingar frå folketrygda eller for økonomisk sosialhjelp som stønadstakaren har fått i etterbetalingsperioden, bør ein som foreslått i høyringsnotatet berre rekne renter av restbeløpet. Frådrag for individstønad etter arbeidsmarknadslova (sjå høyringssvaret frå Arbeids- og velferdsdirektoratet) bør ha same verknad.

Etterbetalingane i feilsaker vil ofte omfatte ytingar for fleire år, og det er i utgangspunktet liten grunn til ein regel om at renter berre vert gitt når dei utgjer eit visst minstebeløp. Dersom erfaringane i praksis talar for dette, vil ein kunne supplere lova. Ein foreslår derimot som i høyringsnotatet at plikta til å gi renter suspenderast dersom stønadstakaren er årsak til forlenging av rentetida.

Når det gjeld tilbakekrevjingssaker, foreslår departementet at det skal krevjast eit rentetillegg på 10 prosent av tilbakebetalingsbeløpet ved tilbakekrevjing mot stønadstakarar mv. etter folketrygdlova § 22-15, når den som kravet rettar seg mot har handla forsettleg eller grovt aktlaust.

Det er grunn til å understreke at forslaget ikkje kan samanliknast med ei ordinær renteordning, men det fangar opp ein del av dei same omsyna som ei renteordning. Rentetillegget svarar om lag til seks prosent rente av ei feilutbetaling som fordeler seg jamnt over to år og som vert betalt tilbake åtte månader etter den siste feilutbetalinga. Relevant rentesats i dei aktuelle sakene vil antakeleg vere rentesatsen etter forseinkingsrentelova, som i dag er om lag dobbelt så høg som rentesatsen i eksemplet. Dersom denne rentesatsen vert lagt til grunn, tilsvarar rentetillegget ei feilutbetaling i to månader som vert betalt attende om lag åtte månader etter feilutbetalinga. Departementet meiner at målet må vere å etablere ei ordinær rentordning ved tilbakekrevjinga når dei systemtekniske tilhøva ligg til rette for dette. I mellomtida vil det kunne vere aktuelt å justere den foreslåtte ordninga på grunnlag av erfaringane i praksis.

Departementet foreslår at det vert gitt noko strengare reglar ved tilbakekrevjing mot behandlarar etter forslaget til folketrygdlova ny § 22-15 a. Behandlarane har eit profesjonelt tilhøve til trygda, og ein bør kunne stille større krav enn når det gjeld stønadstakarane. Ein foreslår at rentetillegget her skal utgjere 10 prosent som for stønadstakarar. Rentetillegget skal gjelde alle saker etter folketrygdlova ny § 22-15 a. Ein foreslår vidare at det vert rekna forseinkingsrenter dersom betaling skjer etter den fastsette betalingsfristen, rekna av tilbakebetalingskravet med rentetillegget på 10 prosent.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår at dei skisserte reglane vert plasserte i folketrygdlova § 22-17 (rentetillegg ved etterbetaling) og § 22-17 a (rentetillegg ved tilbakekrevjing).

Ein viser til lovforslaget §§ 22-17 og 22-17 a og til merknadene til desse paragrafane.

5.4.2 Tilhøvet til erstatningsretten

I høyringsnotatet vart det foreslått at tilfelle som er omfatta av reglane i folketrygdlova om etterbetaling ikkje skulle kunne krevje erstatning etter skadeserstatningslova eller alminnelege erstatningsrettslege reglar for terminar som ikkje vert dekte ved etterbetaling, eller for rentetap som ikkje vert dekt etter forslaget til ny renteordning, sjå punkt 5.4.1.

Det er få høyringssvar på dette punktet, og det ser ut til at det kan ha vore vanskeleg å sjå klart kva som var innhaldet i forslaget (sjå til dømes høyringssvara frå Justisdepartementet og Arbeids- og velferdsdirektoratet).

Det kan vere grunn til å slå fast at forslaget ikkje er eit generelt unntak frå erstatningsretten for verksemda til Arbeids- og velferdsetaten. Forslaget vert å tolke strengt etter ordlyden, som avgrensar reguleringa til saker der det vert gitt etterbetaling etter folketrygdlova § 22-13 eller § 22-14 fjerde leddet.

Tilhøvet til erstatningsretten kjem på spissen i saker med ekstraordinær etterbetaling på grunn av feilinformasjon. I desse sakene kan det ha skjedd feil som ville medføre erstatningsansvar for etaten, men etterbetalinga er avgrensa til tre år. Sjølv om vilkåra skulle ha vore oppfylte i lengre tid attende, vil forslaget avgrense ansvaret for staten til dei tre åra med etterbetaling (med renter etter forslaget i punkt 5.4.1). Den opninga for erstatning som eit fleirtal i Høgsteretten etablerte i Abrahamsen-saka (sjå punkt 5.1) fell bort med endringsforslaget.

Etter departementet si vurdering er det ei dårleg ordning først å etablere avgrensa reglar for etterbetaling i folketrygdlova og så opne for å gi erstatning for terminar som ikkje vert dekte gjennom etterbetalinga. Det vert tilfeldig kven som kjem til å nyte godt av tillegget gjennom erstatningsreglane, mellom anna av di det vil vere tilfeldig kven som tek opp sak om dette. Det vil også i noka mon vere spørsmål om å ha råd til å føre sak for å få gjennomslag i administrasjonen eller ved domstolane. Dersom det er ønskjeleg å utvide etterbetalingsreglane, bør dette etter departementet si vurdering skje gjennom endringar i folketrygdlova. Arbeids- og velferdsdirektoratet har reist spørsmål om dette, utan å gjere det klart kva for grupper ein meiner kjem dårleg ut i dag. Departementet vil ta spørsmålet opp med direktoratet med sikte på eventuelle endringar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet er for sin del i utgangspunktet i tvil om det er tenleg å opne for lengre etterbetalingsperiodar enn etter gjeldande reglar. Dette reiser spørsmål om å vurdere tilhøve som kan liggje 5-15 år attende i tid, og ein skal vurdere om vilkåra da var oppfylte og har vore oppfylte kontinuerleg sidan da. Det er klart at dette vil vere vanskelegare enn å vurdere om vilkåra er oppfylte per i dag, og risikoen for å behandle like tilfelle ulikt aukar monaleg. Det same gjeld sjølvsagt saker om erstatning for hendingar så langt attende i tid.

Situasjonen er ein annan i sakene der det etter gjeldande reglar vert gitt etterbetaling utan grenser, dvs. sakene der etaten har gitt uriktige avslag. Ein vil da ha betre grunnlag for å vurdere saka i form av vedtaket om avslag og i form av opplysningane som vart henta ved den første handsaminga av saka. - I tillegg til dei reint praktiske tilhøva, kan ein peike på at ytingane frå folketrygda først og fremst skal dekkje dei behova som stønadstakaren har i dag. Høge etterbetalingsbeløp har andre verknader. Det er likevel klart at stønadstakarane opplever det som urimeleg å ikkje få ytingar som kunne ha vore gitt.

Når det gjeld erstatning for rentetap, følgde det som nemnd i punkt 5.1 av avgjerda i Abrahamsen-saka at renteavskjeringa i folketrygdlova § 22-17 òg får gjennomslag når det vert gitt erstatning for terminar med ytingar som ikkje vert dekte ved etterbetaling. Forslaget i punkt 5.4.1 er difor ei oppmjuking av gjeldande rett.

I høyringssvaret meiner Arbeids- og velferdsdirektoratet at det vil vere uheldig i høve til ansvarskjensla hos dei som arbeider i etaten dersom forslaget i høyringsnotatet vert følgd opp. No er det slik at dei alvorlegaste feila ein kan gjere ved handsaminga av ei trygdesak alt er dekte gjennom reglane om ekstraordinær etterbetaling ved feilinformasjon eller feilaktig vedtak. Ansvaret for etaten er fastlagt direkte i lova, og det er vanskeleg å sjå at meir eller mindre tilfeldige erstatningssaker i dei same sakene skal kunne gi tilleggseffektar i høvet til ansvarleggjering. Som nemnd vil det dessutan framleis vere slik at etaten vil kunne få erstatningsansvar på grunn av feil ved sakshandsaminga. Avskjeringa av erstatningsansvar etter forslaget i høyringsnotatet gjeld berre når erstatning vert brukt til å «toppe» reglane om etterbetaling.

Det er verdt å ta med seg i denne samanhengen at erstatningssakene som vil kunne oppstå på grunn av grensene ved etterbetalinga oftast vil liggje relativt langt attende i tid, sjå til dømes Abrahamsen-saka. Ikkje sjeldan vil det vere uklart både kva som har skjedd og kven som i tilfelle har gjort feilen.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår etter dette at det vert etablert ein regel i folketrygdlova ny § 22-17 b om at ein ikkje kan krevje erstatning for terminar med ytingar som ikkje vert dekte som følgje av at etterbetalinga etter folketrygdlova § 22-13 ikkje går langt nok attende i tid. Tilsvarande skal ein ved etterbetaling av ytingar ikkje kunne krevje erstatning for rentetap utover det som følgjer av forslaget til folketrygdlova ny § 22-17.

Som tidlegare nemnd, må den foreslåtte regelen om avskjering av erstatning tolkast strengt etter ordlyden. Det må vere grensene i § 22-13 som er årsak til at dei aktuelle terminane ikkje vert gitt – andre situasjonar fell utanom og kan i prinsippet gi grunnlag for erstatning. Eit praktisk tilfelle er saker der feilinformasjon frå etaten fører til at ein ikkje tener opp rett til ei yting. I høyringssvaret frå Justisdepartementet vert det peikt på eit anna (mindre praktisk) tilfelle som ikkje vil vere omfatta av regelen om avskjering av erstatning.

Ein viser til lovforslaget § 22-17 b og til merknadene til denne paragrafen.

5.4.3 Ytingar etter andre lover enn folketrygdlova

I høyringsnotatet reiste departementet spørsmål om å ta inn reglar om renter og tilhøvet til erstatning i lova om bidragsforskot, lovene om krigspensjonering og i den gamle lova om yrkesskadetrygd . Spørsmålet er ikkje kommentert av høyringsinstansane.

Etter ei ny vurdering vil Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslå at ein i forskotteringslova § 7 nytt åttande ledd viser til den foreslåtte regelen i folketrygdlova ny § 22-17 b om avskjering av renter og erstatning, men at ein inntil vidare ikkje gjer endringar i dei andre lovene. Problema i høve til lange etterbetalingar og terminar som fell utanfor etterbetalingane gjeld i fullt mon i forskotteringsordninga. Det vil også vere aktuelt å vurdere renter ved etterbetaling av forskot eller ved tilbakekrevjing av feilutbetalingar av forskot, men dette bør skje i samband med spørsmålet om renter av skyldig underhaldsbidrag til barn. Ein reknar med at desse spørsmåla ikkje i same grad er aktuelle i høve til dei andre lovene.

Ein viser til forslaget til nytt åttande ledd i forskotteringslova § 7 og til merknadene til denne føresegna.

Til forsida