Ot.prp. nr. 76 (2007-2008)

Om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte ­andre lover (tilbakekrevjing etter feilutbetalingar, ­tiltak mot trygdemisbruk, renter og erstatning i ­trygdesaker)

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

8.1 Endringane i reglane om tilbakekrevjing

Forslaga til endringar i reglane om tilbakekrevjing medfører ikkje prinsipielle endringar med omsyn til når Arbeids- og velferdsetaten kan ta opp krav om tilbakebetaling av for mykje utbetalte beløp. Derimot vert det – i motsetning til i dag – opna for tilbakekrevjing etter reglane i folketrygdlova når feilutbetalinga har skjedd til andre enn stønadstakar, og ein får nye lovreglar om tilbakekrevjing ved feilutbetalingar til behandlarar. I dag må tilbakekrevjing i desse tilfella skje via domstolane (med mindre beløpet vert betalt frivillig). Dette gir ei forenkling av arbeidet, og resultatet vil venteleg bli at tilbakekravd beløp aukar. Det er likevel vanskeleg å talfeste utslaga. Ein reknar skjønnsmessig effekten av forslaga til i storleiken 5 millionar kroner i året.

8.2 Tiltaka mot trygdemisbruk

Arbeids- og velferdsetaten er avhengig av heimlar til kontroll for å kunne avdekkje og dokumentere urettmessig mottak av ytingar på ein effektiv måte. Forslaga reknast å føre til ei enklare sakshandsaming for Arbeids- og velferdsetaten og betre tilgang på opplysningar. Dette vil særleg styrke arbeidet med å avdekkje trygdemisbruk. Mellom anna vil forslaget om heimel til kontroll på arbeidsplassen vere viktig. Potensialet for innsparingar ved å stanse urettmessige utbetalingar er stort. Når det gjeld langtidsytingar, som til dømes uførepensjon, får ein store akkumulerte effektar. Ein uførepensjon frå folketrygda har gjennomsnittleg ein kapitalisert verdi (nåverdi) på ca 1,3 millionar kroner.

Forslaget om å presisere regelen om kven som skal føre bevis for at ein stønadstakar er einsleg mor eller far med eineomsorg for barn, sett i samanheng med forslaget om høve til å be om opplysningar frå tredjemann, vil gjere det monaleg lettare å avsløre misbruk på dette området. Basert på talet tips om brot på reglane om eineomsorg, og stans av ytingane i 20 prosent av tilfella, meiner NAV Kontroll og innkreving at ein årleg vil kunne redusere feilutbetalingane på dette området med om lag 7 millionar kroner. På tilsvarande grunnlag meiner ein at avslørte tilfelle med svart arbeid kombinert med uførepensjon vil kunne gi reduserte utbetalingar med om lag 13 millionar kroner i året, med ein akkumulert effekt etter fem år på om lag 65 millionar kroner. Innsparingane når det gjeld sjukepengar og andre inntektsavhengige ytingar vil utgjere tilsvarande beløp.

Ut frå dette meiner departementet at det er realistisk å rekne med ei innsparing på 40 millionar kroner i året på grunn av forslaga om betre tilgang på opplysningar mv. Av di regelendringane vil auke risikoen for at misbruk vert oppdaga og talet saker som vert oppklarte, vil ein kunne få ein preventiv effekt som er større enn dei avslørte misbrukstilfella.

Den utvekslinga av informasjon som det er lagt opp til mellom forsikringsselskap mv. og Arbeids- og velferdsetaten, vil føre til effektivisering og reduserte feilutbetalingar jamvel på forsikringssida. I følgje Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH) vart det i 2005 avdekt freistnad på svindel i 216 saker i livs- og pensjonsforsikring. Tilsvarande tal for 2004 var 114 saker. FNH ventar at svindelen vil auke. Bransjen reknar med at forsikringssvindelen på det aktuelle området kan utgjere om lag 1 milliard kroner i året.

8.3 Renter og erstatning i trygdesaker

Talet saker med etterbetaling etter folketrygdlova § 22-13 sjette leddet og § 22-14 fjerde leddet er ikkje stort, men det kan vere store beløp som vert etterbetalte i den enkelte saka. Talet på saker der Arbeids- og velferdsetaten rettar feil av eige tiltak er ikkje kjent, men det er her sjeldan tale om lange etterbetalingsperiodar og større beløp. Uttellingane til renter i desse sakene vil difor vere moderate, og det kan vere aktuelt med reglar om at renter berre vert gitt når dei kjem opp i eit visst minstebeløp.

Eit eksempel basert på seks prosent rente og ein gjennomsnittleg etterbetalingsperiode på 5 år gir følgjande resultat (millionar kroner):

Sum etterbetalingar5,010,015,020,025,030,0
Rentetillegg0,71,42,22,93,64,3

Etterbetalingane vil kunne variere mykje i omfang frå år til år. Gjennomsnittleg årleg meirutgift vert rekna til 3 milionar kroner.

Relativt få saker med renter gjer at det administrative meirarbeidet på grunn av forslaget vert tilsvarande avgrensa. Tilhøva i dag ligg likevel ikkje til rette for å rekne rentene maskinelt. Renter må reknast manuelt eller ved hjelp av eit særskilt utvikla program. Utviklingskostnadene til eit slikt program kjem i tillegg til meirarbeidet med ordninga.

Forslaget om eit rentetillegg ved tilbakekrevjing vil føre til meirinntekter, som vil kunne utgjere i storleiken 5 millionar kroner i året.

Forslaget om reglar som klargjer tilhøvet til erstatningsretten vil gjere sakshandsaminga enklare. Ein vil unngå rettssaker og uheldige tvistar. Den økonomiske effekten vil variere sterkt frå år til år. Innsparinga vil kunne utgjere om lag 3 millionar kroner i året i gjennomsnitt.

8.4 Oppsummering – tiltaka mot ­trygdemisbruk mv.

Dei økonomiske konsekvensane av forslag av den aktuelle typen er svært vanskelege å rekne på. Dette gjeld særleg tiltaka mot trygdemisbruk. Utslaga vil kunne variere mykje frå år til år. Forslaga vil med eitt unntak føre til reduserte utgifter/meirinntekter for folketrygda. Departementet reknar med ei samla netto innsparing for folketrygda på 40-60 millionar kroner.

Forslaga til endringar er i hovudsak grunna på ønskje frå etaten med sikte på å lette eller effektivisere sakshandsaminga. Ein reknar med at dei vil spare arbeid. Talfesting er vanskeleg. Forslaget om ei renteordning vil føre til noko meirarbeid, inkludert arbeid med etablering av ei teknisk løysing.

8.5 Økonomiske og administrative konsekvensar – innsending av ­elektroniske sjukmeldingar mv.

Hovudgevinsten som knyter seg til ein overgang til elektronisk innsending av sjukmeldingar, legeattestar og direkte oppgjer (legerekningar), er først og fremst at ressursar kan overførast frå manuelle oppgåver og logisk kontroll av opplysningane som blir sende inn til oppfølging, orientering og analytisk kontrollarbeid i Arbeids- og velferdsetaten. Elektroniske løysingar og bruken av dei vil derfor i stor grad vere ein føresetnad for realiseringa av den nye organisasjonsmodellen og arbeidsdelinga i Arbeids- og velferdsetaten, og er dermed med på å innfri måla for NAV-reforma.

For legeoppgjer (legerekningar) vil omlegginga frå manuelle oppgåver føre til at ressursar kan omdisponerast til meir analytisk kontroll. Det vil i sin tur føre til meir korrekt bruk av offentlege midlar. Risikoen for feil/misbruk ved manuelle krav er mykje større enn krav som blir sende som fil eller fullelektronisk. Fullelektronisk innsending av sjukmeldingar, legeattestar og direkte oppgjer (legerekningar) vil gjennom bruk av PKI-løysing gi større informasjonssikring jamført med tilsvarande innsending av papirblankettar og diskettar per post.

Elektronisk innsending av sjukmeldingar, legeattestar og direkte oppgjer (legerekningar) vil vidare gi betre datakvalitet/datagrunnlag – og det vil i sin tur gi betre styringsdata. Dette kan gi grunnlag for meir målretta tiltak, for eksempel i oppfølginga av sjukefråværet.

Ved utgangen av 2007 var 1236 av 1567 legekontor (fastlegekontor) kopla opp til Norsk Helsenett. Ein reknar med at brutto eingongsavgift for tilknyting til Norsk Helsenett per legekontor er drygt 26 000 kr. Kostnadene til innkjøp og installasjon av PKI er ca. 15 000 kr (for legekontor med tre legar). Legar har i tillegg kostnader til oppgradering eller innkjøp av kommunikasjonsprogramvare. Desse kostnadene varierer mykje, alt etter prismodellane til leverandørane. Sosial- og helsedirektoratet har i perioden 2003 til 2006 samla gitt tilskot på ca. 33,5 mill. kr til oppkopling av legekontor til Norsk Helsenett og til innkjøp av PKI-løysingar.

Kommunane må dekkje eigne kostnader ved oppkopling til Norsk Helsenett. Fastlegepraksisar der legane er tilsette i kommunane, eller som inngår i kommunale nett (ca. 8 prosent av fastlegane er kommunalt tilsette), har fått tilskot på lik linje med legekontor med privatpraktiserande fastlegar.

For legane kan elektronisk kommunikasjon også vere med på å frigjere tid til pasientkontakt/oppfølging. Ytterlegare gevinstar for legar er raskare tilbakemelding om eventuelle feil, og raskare oppgjer. I tillegg vil legar unngå problem som knyter seg til omsending av diskettkrav (ca. 10 prosent av diskettane må returnerast til legen pga. feil), og dei sparer utgifter til porto og til diskettar.

Som omtalt framanfor har departementet enno ikkje teke stilling til iverksetjingstidspunktet for krav til elektronisk kommunikasjon mellom legar og Arbeids- og velferdsetaten. Når vilkåra for eit slikt krav ligg føre, m.a. med eit betre tenestetilbod over Norsk Helsenett (tilvisingar og epikrisar over helsenettet), vil fordelane/gevinstrealiseringa for legane svare til dei aktuelle kostnadene.

Den samla samfunnsøkonomiske gevinsten heng saman med kor raskt ein oppnår full overgang til elektronisk meldingsutveksling.

Til forsida