Ot.prp. nr. 76 (2007-2008)

Om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte ­andre lover (tilbakekrevjing etter feilutbetalingar, ­tiltak mot trygdemisbruk, renter og erstatning i ­trygdesaker)

Til innhaldsliste

7 Iverksetjing

Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår at lovendringane skal gjelde frå 1. januar 2009. Ei rekkje av endringane er av ein slik art at det ikkje er naudsynt med overgangsreglar. Til dømes gjeld dette reglane om henting av opplysningar. Dei nye heimlane kan sjølvsagt ikkje takast i bruk før endringslova er på plass.

Endringane i reglane om tilbakekrevjing inneber mellom anna at vedtak i Arbeids- og velferdsetaten får direkte tvangsgrunnlag, medan ein i dag må gå til domstolane før tvangsfullføring kan skje. Ein foreslår her at saker som er reiste for domstolane før 1. januar 2009 skal handsamast der, med mindre Arbeids- og velferdsetaten og den private parten gjer avtale om at reglane i folketrygdlova § 22-15 eller 22-15 a skal gjelde. Den private parten kan vere interessert i dette for å unngå sakskostnader i retten når han eller ho reknar med å tape saka.

Når det gjeld reglane i folketrygdlova §§ 22-17 og 22-17 a om renter og rentetillegg, foreslår departementet at desse paragrafane berre skal få verknad i saker der vedtak om etterbetaling eller tilbakekrevjing vert gjort etter 31. desember 2008. Dette inneber at dei nye reglane får verknad også når årsaka til etterbetalinga eller kravet om tilbakebetaling er tilhøve i tida før lova tok til å gjelde, berre vedtaket kjem etter 31. desember 2008. Dette er ikkje noko problem for renter ved etterbetaling av ytingar. Når det gjeld rentetillegget ved tilbakekrevjing av feilutbetalingar, har ein i lengre tid hatt heimel for å krevje dette, sjølv om ein i praksis ikkje har nytta heimelen. Departementet meiner difor at ein må kunne gi rentetillegget verknad i alle saker der vedtaket om tilbakekrevjing vert gjort etter 31. desember 2008.

Departementet foreslår til slutt at reglane i folketrygdlova § 22-17 b første punktumet ikkje skal gjelde for krav om erstatning som grunnar seg på hendingar før lova tok til å gjelde.

Til forsida