Ot.prp. nr. 76 (2007-2008)

Om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte ­andre lover (tilbakekrevjing etter feilutbetalingar, ­tiltak mot trygdemisbruk, renter og erstatning i ­trygdesaker)

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei einskilde paragrafane

9.1 Til endringane i folketrygdlova

Til § 15-5 første leddet

Føresegna slår mellom anna fast at ein må vere einsleg forsørgjar med eineomsorg for barn for å få overgangsstønad. Etter endringsforslaget er det stønadstakaren som må gjere det sannsynleg at desse vilkåra er oppfylte.

Ein viser òg til det som er sagt i punkt 4.7.

Til lista over innhaldet i kapittel 21

Fjerde strekpunktet er justert som følgje av forslaget til nye paragrafar om henting og utveksling av opplysningar (§§ 21-4 a, 21-4 b og 21-4 c). I tillegg vert det foreslått å oppheve noverande niande strekpunktet om § 21-9, som vart oppheva ved lov 16. juni 2006 nr. 20.

Til § 21-3 tredje leddet

Etter § 21-3 tredje leddet har ein stønadstakar plikt til å la seg undersøkje eller intervjue av ein lege eller annan sakkunnig når Arbeids- og velferdsetaten finn det nødvendig. Leddet vert presisert slik at det går klart fram at plikta gjeld i alle tilhøve med kontrollbehov, inkludert kontroll i høve til tid som er gått, og det vert presisert at etaten kan krevje undersøking hos ein bestemt lege mv, sjå første og andre punktumet. Religiøs tru eller andre tilhøve kan tale for at etaten tek omsyn til ønskje hos stønadstakaren når det gjeld val av lege. I tredje punktumet vert det foreslått at ein skal ta omsyn til slike ønskje så langt det går i hop med omsynet til kontroll.

Ein viser òg til det som er sagt i punkt 4.2.

Til § 21-4 Innhenting av opplysninger og uttalelser

Forslaga til endringar i § 21-4 er omtalt i punkt 4.3. og 4.4.

Første leddet første punktumet vert omskrive slik at det skal gå klarare fram at henting av opplysningar er avgrensa til det som er naudsynt for å kontrollere om vilkåra for ei yting er oppfylte eller har vore oppfylte i tid som er gått. Det vert vidare presisert at føresegna gir heimel for henting av opplysningar som er nødvendige for å kontrollere utbetalingar etter ei ordning for direkte oppgjer.

Første leddet andre punktumet reknar opp kva for personar/instansar som har plikt til å gi opplysningar. «Bank» utgår i opprekninga av di «finansinstitusjon» kjem inn som eit meir omfattande omgrep, sjå lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet § 1-3. Tilsvarande kan «Statens lånekasse for utdanning» utgå av di «offentlig myndighet» vert endra til «offentlig virksomhet», som vil omfatte om lag dei same instansane som er underlagt offentleglova (sjå § 2 i den nye offentleglova). «Posten Norge AS» vert skifta ut med «postoperatør», sjå definisjonen i postlova § 3 bokstav b. «Barnetilsynsordning» kjem inn som ny instans. I tillegg er omgrepet «behandlingspersonell» erstatta med «helsepersonell», og «privat pensjonsordning» er endra til «pensjonsinnretning». Til slutt vert det presisert at retten til å hente opplysningar frå helsepersonell også omfattar privat helsepersonell. Dette er lagt til grunn i praksis, men ordlyden i dag er uklar.

Første leddet tredje punktumet svarar med ei mindre språkleg endring til noverande tredje punktumet og slår fast at ein ikkje kan krevje godtgjersle for å gi opplysningar.

I andre leddet første til tredje punktumet om erklæringar og fråsegner til trygda er omgrepet «den som gir behandling» erstatta med «helsepersonell» som i første leddet. Det vert presisert at helsepersonell pliktar å undersøkje eller intervjue ein pasient og gi ei erklæring til etaten. Ein foreslår også ei omskriving av reglane, slik at det klart går fram at plikta til å gi erklæringar mv. omfattar både offentleg og privatpraktiserande helsepersonell, tilsvarande endringa i første leddet. Etter eit nytt fjerde punktum vert det regelfesta at Arbeids- og velferdsdirektoratet fastset godtgjersla for erklæringar (som hittil), etter drøftingar med organisasjonane. I eit nytt femte punktum vert det regelfesta at pasienten ikkje skal betale noko i samband med henting av erklæringar mv. Dette er også i tråd med praksis i dag. Nytt sjette punktum gir heimel for i forskrift å kunne krevje elektronisk innsending av attestar og vurderingar, medrekna sjukmeldingar og legeattestar, til Arbeids- og velferdsetaten. Heimelen er utforma på ein slik måte at han vil kunne omfatte alle helsepersonellgrupper som kan utferde sjukmeldingar eller attestar.

Tredje leddet er nytt og viser til ny § 21-4 c som gir nærare reglar om henting av opplysningar. Sjå merknadene til denne paragrafen.

Noverande tredje leddet vert videreført utan endringar som fjerde leddet.

Femte leddet svarar til delar av noverande fjerde leddet og slår fast at dei som blir pålagte å gi opplysningar, erklæringar og fråsegner, pliktar å gjere dette utan hinder av teieplikt. Føresegna i gjeldande fjerde leddet om at pliktene skal utføres utan ugrunnet opphold, videreføres som ein særskilt bestemmelse i sjette leddet i den nye § 21-4 c.

Noverande femte leddet vert videreført utan endringar som nytt sjette ledd.

Til § 21-4 a Innhenting av opplysninger fra tredjemann - stedlig kontroll

Forslaget om ein ny § 21-4 a er omtalt i punkt 4.5.

Første leddet gir heimel for Arbeids- og velferdsdirektoratet eller særskilte einingar i etaten til å påleggje andre enn nemd i § 21-4 å gi opplysningar, også om andre enn stønadstakaren. Vilkåret for å kunne krevje kontrollopplysningar frå tredjepersonar skal vere at det er rimeleg grunn til mistanke om at det er skjedd eller vil skje urettmessige utbetalingar frå trygda. Departementet legg til grunn at «rimelig grunn til mistanke» er å forstå på om lag same måte som kravet i straffeprosesslova § 224 første leddet for å iverksetje etterforsking. I fleire lovendringar i det seinare (konkurranselova § 25, verdipapirhandellova § 15-5 og alkohollova § 9-3) er brukt «rimelig grunn til mistanke» som vilkår for gransking/bevissikring, sjå Ot.prp. nr. 102 (2005-2006).

Opplysningar som ein kan hente med ein slik generell heimel, er til dømes rekneskapsmateriale eller opplysningar om kor ein person reint faktisk bur, til dømes informasjon frå leiar av eit burettslag der det er eit vilkår for stønad at stønadstakaren bur aleine. Ved hentinga av opplysningar skal reglene i § 21-4 c gjelde. Det inneber blant annet at Arbeids- og velferdsetaten skal oppgi formålet med opplysningar som vert henta, sjå § 21-4 c tredje leddet i lovforslaget og merknadene til føresegna.

Andre leddet gir heimel for kontroll i verksemder. I tillegg til å dekkje behovet for kontroll på staden i ei verksemd når ein får tips og opplysningar frå andre kjelder om mogleg trygdemisbruk, skal slik kontroll kunne gjennomførast utan konkret mistanke om lovbrot når det gjeld bransjar som ein veit er utsette for misbruk. Regelen legg til rette for målretta kontrollar baserte på risikovurderingar i høve til bransjar eller miljø der det erfaringsmessig ofte skjer slike brot. Det er òg aktuelt å vere med på fellesaksjonar med andre offentlege etatar.

Forvaltningslova § 15 har generelle reglar om framgangsmåten ved gransking mv. Paragrafen gjeld ved behandlinga av saker etter folketrygdlova, med mindre anna framgår av særskilte føresegner, sjå folketrygdlova § 21-1. Det er lagt til grunn at forvaltningslova § 15 gir alle reglane om gransking, slik at mellom anna forvaltningslova § 16 om varsel på førehand ikkje gjeld. Departementet finn ikkje grunn til unntak frå dette, og det vert foreslått presisert at kontrollen skal kunne gjennomførast utan slikt varsel.

Etter forvaltningslova § 15 er hovudregelen at klage på vedtak om gransking har utsetjande verknad, men med unntak for tilfelle der ein finn det påtrengjande nødvendig å gjennomføre granskinga ut frå organet sine oppgåver etter lova. Lovgrunnen er at ei utsetjing lett kan føre til at kontrollen ikkje gir noko resultat. Departementet legg til grunn at dette normalt vil vere situasjonen i tilfella her, og har difor teke inn ei føresegn om at klage ikkje skal medføre at kontrollen utsettes. Ein foreslår i tillegg ei føresegn om at ein kan krevje bistand av politiet til å gjennomføre kontrollen.

Under kontrollen kan ein krevje at arbeidstakarar identifiserer seg for å kontrollere om dei er innmeldte i Arbeidstakarregisteret eller har ytingar frå Arbeids- og velferdsetaten som ikkje går i hop med arbeidet. Ein kan også be om innsyn i dokument som kan avdekkje eller hindre urettmessige utbetalingar frå trygda. Det kan til dømes gjelde rekneskapsmateriale, timelister, lønningslister og arbeidsavtaler mv. Det er ikkje meininga at ein skal kunne hente helseopplysningar etter denne regelen. Dette vert presisert til slutt i det andre leddet.

Føresegna gir ikkje heimel for beslag, men ein kan krevje kopi av aktuelle dokument. Arbeids- og velferdsetaten kan òg be om bevissikring for domstolane etter reglane i tvistelova, eller ved politiet, sjå § 21-4 femte leddet (sjette leddet i lovforslaget). Krav om bevissikring etter tvistelova vert fremja for den tingretten der dei som bevissikringa rettar seg mot, bur eller oppheld seg eller der realbevis skal undersøkjast.

Tredje leddet fastlegg at den som vert pålagt å gi opplysningar eller innsyn i dokument, pliktar å gjere dette utan godtgjersle og utan hinder av teieplikt. Dette tilsvarar det som gjeld når det vert henta opplysningar etter § 21-4, sjå § 21-4 første leddet siste punktumet (godtgjersle) og § 21-4 femte leddet (unntak frå teieplikt) i lovforslaget.

Til § 21-4 b Utveksling av opplysninger med finansinstitusjoner mv.

Forslaget om ein ny § 21-4 b er omtalt i punkt 4.6.

Føresegna etablerer heimel for utveksling av informasjon mellom Arbeids- og velferdsetaten og forsikringsselskap mv. for å unngå trygdemisbruk eller forsikringssvindel. Etter første leddet skal Arbeids- og velferdsetaten kunne få varsel om tilhøve som har medført eller kan medføre urettmessig mottak av trygdeytingar. Tilsvarande skal etaten etter andre leddet kunne varsle forsikringsselskap mv. om tilhøve som har medført eller kan medføre urettmessige utbetalingar frå selskapet, dvs. ein varslingsrett i det enkelte tilfellet der Arbeids- og velferdsetaten kjenner til at det verserer ei sak i vedkomande selskap. Varslingsretten skal gjelde når ein person forsettleg eller aktlaust har fått eller har søkt å oppnå utbetalingar frå trygda som vedkomande ikkje hadde krav på. Etaten skal dermed kunne gi varsel også ved forsøk på trygdemisbruk.

I tredje leddet første punktumet er det presisert at informasjon frå Arbeids- og velferdsetaten til finansinstitusjonar ikkje skal omfatte formidling av helseopplysningar eller liknande henta etter § 21-3, § 21-4 eller § 21-4 a første leddet bokstav a. Ein kan likevel opplyse kva for ytingar vedkomande urettmessig er tilstått eller har søkt å oppnå og på kva for område det er gitt uriktige eller mangelfulle opplysningar, for eksempel feilaktige eller mangelfulle opplysningar om sivilstand, bustad, økonomiske eller helsemessige tilhøve eller anna.

I fjerde leddet vert det foreslått at den som opplysningane gjeld, ikkje skal få varsel. Dette er eit unntak frå personopplysningslova § 19, som seier at den som er ansvarleg for behandlinga utan videre skal informere om opplysningane vil bli utleverte til andre for så vidt gjeld opplysningar henta frå den registrerte sjølv, sjå § 19 bokstav c. § 20 om varslingsplikt når opplysningane som vert utleverte er henta frå andre enn den registrerte sjølv, gjeld ikkje i høve til § 21-4 b, da formålet med innsamlinga av opplysningar etter § 21-4 eller § 21-4 a ikkje opprinneleg var å utlevere dei til andre. Da det her dreier seg om urettmessig tileigning av pengar eller forsøk på dette, vil heller ikkje personvernomsynet ha like stor vekt som det har generelt. – Når det gjeld tilhøvet til personopplysningslova, er det òg slik at ein ikkje har lagt opp til at etaten skal sende vidare dei opplysningane ein har fått, sjå merknaden til tredje leddet. Det ein skal kunne melde til forsikringsselskapa, er resultatet av dei vurderingane ein har gjort på grunnlag av opplysningane og kva for kategoriar opplysningar som er problematiske i den aktuelle saka. Parten vil eventuelt kunne bli kjent med varslinga ved å krevje innsyn i saksdokumenta etter forvaltningslova § 18.

Etter femte leddet skal opplysningar som vert gitt etter første eller andre leddet vere undergitt teieplikt hos mottakaren i same utstrekning som i det organet som gir opplysningane, og mottakaren kan berre bruke dei så langt det er nødvendig for å unngå urettmessige utbetalingar eller krevje tilbake slike utbetalingar som alt er gjort. På denne måten vert det sikra at opplysningane ikkje vert sendt vidare, eller at dei på annan måte vert brukte til andre formål enn dei er utleverte for. Føresegna inneber ei presisering av det som likevel ville følge av personopplysningslova § 11 om at personopplysningane som vert behandla ikkje skal brukast til formål som ikkje går i hop med det opprinnelege målet med innsamlinga utan samtykke frå den registrerte.

I sjette leddet er det bestemt at ein institusjon eller person som i god tru har gitt opplysningar i samsvar med første eller andre leddet, ikkje kan gjerast ansvarleg for dette. Regelen er laga etter mønster av § 11 i kvitvaskinglova.

I sjuande leddet får departementet heimel til å gi reglar om utøving av varsling i praksis for å unngå uheldige utslag.

§ 21-4 c Nærmere om innhenting av opplysninger

Føresegna er ny og gir dels reglar som avgrensar/presiserer det materielle innhaldet av § 21-4 om heimelen til å hente opplysningar (første og andre leddet), dels reglar om framgangsmåten mv. ved hentinga av opplysningar etter § 21-4 og § 21-4 a første leddet (tredje til sjette leddet).

Første leddet slår fast at heimelen til henting av opplysningar etter § 21-4 første leddet i saker om stønad etter lova og ved rutinemessig kontroll av behandlarar ikkje omfattar henting av fullstendig pasientjournal, men ein kan be om spesifiserte eller redigerte utdrag av journalen når dette vert rekna for nødvendig.

Fullstendige og uredigerte journalar kan etter andre leddet berre hentast ved mistanke om trygdemisbruk der ein behandlar er involvert, og kan berre hentast av direktoratet eller særskilt utpeikte einingar i etaten. Det vil i slike tilfelle vere tilhøve ved praksisen til behandlaren som gjer at den skiljer seg klart frå det normale, eventuelt òg klare døme på feil takstbruk el.

I tredje leddet første punktumet er det slått fast at Arbeids- og velferdsetaten skal oppgi formålet med opplysningar og erklæringar mv. som vert henta etter § 21-4 eller § 21-4 a første leddet. Det vert lagt til grunn at ein skal oppgi formålet samtidig med at pålegget vert fremja. I tråd med forvaltningslova § 14 skal ein opplyse om heimelen for hentinga og om høvet til å klage, sjå tredje leddet andre punktumet. I misbrukssaker skal etaten kunne vente med å oppgi formålet til etter at opplysningane er utleverte, sjå tredje punktumet.

I fjerde leddet vert det vist til reglane i personopplysningslova om informasjonsplikt og behandling av opplysningar, herunder tilgang, oppbevaring, utlevering til andre og sletting. Det er teke inn ein reservasjon for unntak som kan reknast å følge av § 21-4 b. Dette gjeld føresegna i § 21-4 b fjerde leddet om at den som opplysningane gjeld, ikkje skal gjerast kjent med at det er gitt informasjon etter føresegna, sjå til samanlikning personopplysningslova §§ 19 og 20.

Etter femte leddet skal plikta til å gi opplysningar etter § 21-4 og § 21-4 a første leddet vere avgrensa i tråd med reglane i tvistelova kapittel 22 om vitneplikt for familie mv.

Sjette leddet er ei vidareføring av noverande § 21-4 fjerde leddet og slår fast at ein skal gi opplysningar mv. etter § 21-4 og § 21-4 a første leddet utan ugrunna opphald.

Til lista over innhaldet i kapittel 22

Det femtande og sekstande strekpunktet vert foreslått justert som følgje av forslaga til nye § 22-15 a om tilbakekrevjing av feilutbetalingar etter direkte oppgjersordningar og § 22-17 a om renter og rentetillegg ved tilbakekrevjing av feilutbetalingar. I tillegg får lista eit nytt syttande strekpunkt som følgje av forslaget til ny § 22-17 b om tilhøvet til erstatning.

Til § 22-8 Fradrag ved etterbetaling av pensjon o.l.

Paragrafen gir heimel for å kunne foreta avkorting i etterbetalingar når det for dei same periodane er utbetalt ytingar som dekkjer same formål («dobbeltutbetaling»).

Femte leddet er nytt og regulerer tilfelle når det vert etterbetalt ei yting som etter lova kan medføre at overgangsstønad eller pensjon etter kapitla 15, 16 eller 17 setjast ned (einslege forsørgjarar, attlevande ektemake mv.). Er det utbetalt overgangsstønad eller pensjon for det same tidsrommet, skal det da gjerast frådrag i etterbetalinga. Frådraget skal svare til det beløpet som overgangsstønaden eller pensjonen ville ha vorte redusert med.

Sjette leddet er nytt og regulerer tilfelle der ein har fått utbetalt ei yting etter arbeidsmarknadslova, og det vert etterbetalet ei yting frå folketrygda som dekkjer det same formålet. Etterbetalinga skal da reduserast med det beløpet som svarar til utbetalte ytingar etter arbeidsmarknadslova for det same tidsrommet.

Ein viser og til det som er sagt i punkt 3.1.4.

Til § 22 -14 Foreldelse

Etter femte leddet første punktumet vert forelding av eit tilbakebetalingskrav stogga når ein gjennomfører trekk i ytingar etter § 22-15 noverande tredje leddet eller avrekning i ytingar etter § 22-16 tredje leddet. Tidlegare tredje leddet i § 22-15 svarar til sjuande leddet i forslaget til ny § 22-15 og referansen vert foreslått endra tilsvarande. Nytt i høve til i dag er ein referanse til ny § 22-15 a femte leddet om trekk i utbetalingar til behandlarar mv., som på tilsvarande vis som trekk i ytingar etter folketrygdlova vert foreslått å stogge forelding av tilbakebetalingskrav mot behandlaren.

Til § 22-15 Tilbakekreving etter feilaktig utbetaling

Første leddet gir hovudreglane om tilbakekrevjing i trygdesaker. Feilutbetalingar kan krevjast attende dersom mottakaren eller nokon som handla som representant for mottakaren forsto eller burde forstå at det dreide seg om ein feil. Alternativet med tilbakekrevjing når beløp er mottekne «i strid med redelighet og god tro» utgår. Beløp kan krevjast attende når «noen» har fått ei feilutbetaling. Dette opnar for - i motsetning til i dag - å nytte paragrafen i høve til andre enn stønadstakarar, til dømes arbeidsgjevarar, kommunar, dødsbu eller andre som tilfeldig har fått utbetalingar til seg. Lovforslaget har ingen definisjon av når ein person skal reknast å handle som representant for ein annan eller eit firma. Uttrykket «opptre på vegne av» er meint å omfatte eit vidt spekter av tilhøve. Det vil klart omfatte tilfella der ein person har juridisk fullmakt til å handle for andre, til dømes verjen for ein umyndig, men òg andre mindre formelle tilhøve. Spørsmålet må vurderast frå sak til sak ut frå den konkrete situasjonen. For at aktløyse hos representanten skal kunne medføre plikt for mottakaren til å betale tilbake, må det i alle høve vere ei tilknytting mellom representanten og mottakaren som gjer dette naturleg. Etter andre punktumet kan ein krevje pengane attende når utbetalinga er framkalla ved å gi feilaktige eller mangelfulle opplysningar. Dette gjeld sjølv om ein eventuelt ikkje kan påvise aktløyse ved mottaket av utbetalinga.

Andre leddet er nytt og presiserer kven tilbakebetalingskravet skal rettast mot:

Etter første punktumet skal krav rettast mot mottakeren av feilutbetalingen. Som mottakar reknast den som faktisk har fått pengane utbetalt til seg, til dømes eigaren av kontoen som pengane har gått inn på.

Etter andre punktumet kan krav som ikkje dekkjast hos mottakaren, rettast mot ein representant for mottakaren, men berre dersom denne personen har utvist aktløyse i høve til feilutbetalinga. I desse tilfella vil situasjonen vere at ein må konstatere heil eller delvis insolvens hos mottakaren, til dømes at firmaet som har fått pengane har gått konkurs.

I tredje punktumet vert det etablert heimel for å krevje tilbake frå arbeidstakaren beløp som er utbetalte til ein arbeidsgjevar som har forskottert ei trygdeyting og som i utgangspunktet skal ha trygdeytinga utbetalt til seg, anten etter § 22-3 eller etter særskilt avtale om dette. Dersom det viser seg at arbeidstakaren likevel ikkje har krav på ytinga, er det skjedd ei feilutbetaling. Som oftast vil arbeidsgjevaren ha teke mot pengane i god tru, slik at det ikkje er grunnlag for tilbakekrevjing hos arbeidsgjevaren etter første leddet. Kravet kan da rettast mot arbeidstakaren når han eller ho ikkje har vore i aktsam god tru.

Tredje leddet gir reglar om tilbakekrevjing av ytingar ved etterbetaling av lønn for den same perioden, og svarar til gjeldande andre leddet, bortsett frå at attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad er teke med i opprekninga av ytingar som kan krevjast attende. I desse tilfella har det ikkje skjedd noka feilutbetaling, men det er likevel naturleg at det skjer ei avrekning når det vert etterbetalt lønn som etter reglane skal medføre at dei nemnde ytingane vert reduserte.

Fjerde leddet er nytt og gir reglar om når ein skal nytte høvet til å krevje attende feilutbetalingar. Både etter gjeldande reglar og etter endringsforslaga i proposisjonen her er det ei vurderingssak om ein faktisk skal nytte heimelen til å krevje tilbake pengane («kan kreves tilbake»). Følgjande reglar vert foreslått:

Etter første punktumet skal krav fremjast med mindre særlege grunnar talar mot det. Ved vurderinga skal det etter andre punktumet mellom anna leggjast vekt på graden av aktløyse hos den som kravet rettar seg mot, storleiken på feilutbetalinga, kor lang tid det er gått sidan utbetalinga skjedde og om feilen heilt eller delvis kan tilskrivast Arbeids- og velferdsetaten. Etter tredje punktumet kan Arbeids- og velferdsetaten redusere tibakebetalingskravet til ein del av det feilutbetalte beløpet, slik at det ikkje er eit val berre mellom tilbakekrevjing eller ikkje tilbakekrevjing. På grunnlag av avgjerder i Trygderetten skjer det nå i praksis ei halvering av beløpet når etaten er skuld i feilutbetalinga. Dette vert nå foreslått utvida slik at kravet kan setjast ned til den delen av det totale beløpet som etaten finn rimeleg, dvs. ei meir fleksibel ordning. Etter fjerde punktumet skal krav alltid fremjast, og fremjast med fullt beløp, dersom den som kravet rettar seg mot har handla forsettleg.

Femte leddet er ei videreføring av tidlegare andre leddet og gir reglar om tilbakekrevjing når mottakaren er i aktsam god tru. Regelen er omformulert, men er ikkje meint å føre til andre resultat enn i dag. Det som kan krevjast attende, er det som er att av feilutbetalinga når mottakaren vert kjent med feilen. I mange saker kan dette vere vanskeleg å avgjere. Dette talar for at heimelen vert praktisert med varsemd på dette punktet.

Sjette leddet er nytt og etablerer ei nedre grense, slik at beløp som utgjer mindre enn 50 prosent av rettsgebyret (pr. 1. januar 2008 kr. 430,-) ikkje vert innkrevde.

Sjuande leddet er ei vidareføring av det tidlegare fjerde leddet og seier korleis vedtak om tilbakebetaling kan krevjast inn. Nytt i høve til i dag er at vedtak i saker om tilbakekrevjing av beløp som er mottekne i god tru (sjå femte leddet) skal kunne innkrevjast utan at ein må ta saka til domstolane. Desse krava skal ha tvangsgrunnlag på lik line med dei andre krava etter paragrafen.

Åttande leddet er nytt og seier at krav mot behandlarar for feilutbetalingar etter ein direkte oppgjersordning vert kravde inn etter den foreslåtte nye paragrafen om tilbakekrevjing frå behandlarar mv. (§ 22-15 a).

Ordninga etter noverande femte leddet med å redusere tilbakebetalingsbeløpet med skatt som er betalt på grunnlag av feilutbetalinga vert oppheva.

Ein viser òg til det som er sagt i punkt 3.1.

Til § 22-15 a Tilbakekreving av utbetalinger etter ­direkte oppgjørsordning

Paragrafen er ny og gir heimel for tilbakekrevjing mot behandlarar mv. for feilutbetalingar etter ein direkte oppgjersordning. I dag finn ein reglar om dette i standardavtaler (mønsteravtaler) med dei ulike yrkesgruppene som utfører helsetenester som trygda er stønadspliktig for. Den enkelte avtala byggjer ofte på ei absolutt og objektiv plikt til tilbakebetaling. I samsvar med etablerte retningsliner har likevel etaten i praksis ikkje fremja krav i tilfella der behandlaren har vore i aktsam god tru. Omsynet til klargjering av vilkåra for tilbakekrevjing og likebehandling av dei ulike yrkesgruppene gjer det ønskjeleg med ei lovregulering. Det må og leggjast vekt på at sakene gjeld disponering av offentlege pengar som i prinsippet ikkje bør vere eit forhandlingsobjekt.

Første leddet gir hovudreglane om tilbakekrevjing mot behandlarar for feilutbetalingar etter ei direkte oppgjersordning. I andre punktumet vert feilutbetalingar definerte som mellom anna utbetalingar på grunn av feil takstbruk, dobbeltrekningar, overforbruk og behandling som ikkje kan reknast som (medisinsk) nødvendig. Utgangspunktet etter første leddet er at feilutbetalingar til behandlingspersonell mv. alltid skal krevjast tilbake, med mindre anna følgjer av reglane i andre og tredje leddet.

Andre leddet regulerer høvet til å krevje tilbake ei feilutbetaling som har til årsak feil bruk av takstar eller behandling som ikkje er nødvendig. Dersom den som har fått utbetalinga (mottakaren) eller nokon som handla på vegne av mottakaren har gjort det som det er rimeleg å krevje for å finne ut kva ein kan rekne som nødvendig behandling eller riktig bruk av takstane, skal feilutbetalinga ikkje krevjast tilbake.

Etter tredje leddet kan tilbakebetalingskravet setjast ned eller falle bort når feilutbetalinga heilt eller delvis kan tilskrivast Arbeids- og velferdsetaten. Hvis mottakaren eller nokon som handla på vegne av mottakaren forsto eller måtte forstå at det dreide seg om ein feil, skal kravet likevel alltid fremjast, og beløpet kan ikkje setjast ned.

Fjerde leddet presiserer kven tilbakebetalingskravet skal rettast mot og er tilnærma likt forslaget til § 22-15 andre leddet. Etter første punktumet skal kravet rettast mot mottakaren av feilutbetalinga. Som mottakar reknast den som faktisk har fått pengane utbetalt til seg, til dømes eigaren av kontoen som pengane har gått inn på. Etter andre punktumet kan krav som ikkje dekkjast hos mottakaren, rettast mot ein representant som har opptrådt på vegne av mottakaren. Sjå i samband med dette merknaden til § 22-15 andre leddet.

I femte leddet er det teke inn ei føresegn om at vedtak om tilbakekrevjing etter den nye paragrafen er tvangsgrunnlag for utlegg. Kravet vil etter forslaget kunne innkrevjast av Arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral etter reglane i bidragsinnkrevjingslova eller ved trekk i framtidige oppgjer for behandling/tenester. Dette vil gi ei enklare handsaming enn i dag, av di tvangsinnkrevjing no først kan skje etter at ein har fått dom for kravet. Det kan ta tid å få dom for kravet og i mellomtida kan delar av kravet vere forelda. Innkrevjing ved trekk i oppgjer til behandlaren vert foreslått å stogge forelding, sjå merknaden til endringar i § 22-14 femte leddet, og ein vil difor kunne stogge forelding tidlegare og enklare enn i dag.

Ein viser òg til det som er sagt i punkt 3.2.

Til § 22-16 Avregning av feilutbetalinger som skyldes for høy inntekt

Første leddet regulerer vilkåra for å avrekne feilutbetalingar av inntektsavhengige ytingar. Med feilutbetalingar meiner ein etter forslaget det beløpet som er utbetalt for mykje når ein tek omsyn til reglane om inntektsprøving av ytinga, reglane om plikt til å melde frå om inntektsendringar og reglane om når ytinga skal setjast ned når melding er gitt. Kvar sak må etter dette vurderast for seg, og feilutbetalinga skal utgjere det same beløpet som ytinga hadde blitt redusert med dersom ein hadde følgd reglane heilt ut. Med andre ord må ein som i dag mellom anna vurdere om og når inntektstilhøva hadde endra seg slik at melding skulle ha vore gitt etter reglane. Det er likevel ikkje noko krav at stønadstakaren kan lastast for manglande melding.

Reglane i første leddet vert på grunnlag av dette omskrivne for å gjere klart korleis feilutbetalinga skal fastsetjast og når ein kan gjere avrekningar. I samband med dette tek ein bort vilkåret om at inntektsendringa må utgjere minst 10 prosent. Reglane om inntektsprøving fører i praksis til det same resultatet som «10 prosent regelen» i noverande § 22-16 første leddet. Andre punktumet er nytt og gir Arbeids- og velferdsetaten høve til å redusere tilbakebetalingskravet til ein del av det feilutbetalte beløpet når etaten er skuld i feilutbetalinga. Tilsvarande forslag er fremja for tilbakekrevjing etter § 22-15, sjå merknadene til § 22-15 fjerde leddet.

Andre leddet tilsvarar noverande andre leddet med enkelte språklege endringar.

Tredje leddet fører vidare den noverande regelen om at avrekning kan skje med opptil 10 prosent av månedleg yting. Ein opnar likevel høve til høgare trekkbeløp under føresetnad av at ein kan gjere dette under omsyn til reglane i dekningslova til vern for debitor. Dette er meint å framgå av formuleringa om at trekket normalt utgjer opptil 10 prosent. Det vert òg presisert at trekket kan utgjere opp til 10 prosent av samla månadleg yting. Med omsyn til kva for ytingar det kan trekkjast i, tek ein bort dei tvilsspørsmåla ein har hatt i praksis med omsyn om ein til dømes kan gjennomføre trekk i alderspensjon etter fylte 70 år for feilutbetalingar før fylte 70 år. Det vert foreslått presisert at trekk kan skje ved overgang frå ei yting av dei inntektsavhengige ytingane til ei anna, og ein kan trekkje for feilutbetalte forsørgingstillegg etter at tillegget har falle bort. I tillegg vert det foreslått at ein skal kunne trekkje i krigspensjon og pensjon etter yrkesskadetrygdlova.

Ein viser òg til det som er sagt i punkt 3.3.

Til § 22-17 Renter ved etterbetaling av ytelser

Første leddet første punktumet i forslaget etablerer reglar om at det vert gitt renter når Arbeids- og velferdsetaten har gjort feil under saksbehandlinga som fører til etterbetaling ut over dei vanlege grensene for dette, dvs. når det vert gitt utvida etterbetaling etter lova § 22-13 sjette leddet om feilinformasjon mv. eller § 22-14 fjerde leddet om feilaktige vedtak. Det same skal etter forslaget gjelde når etaten av eige tiltak rettar feil. Etter første leddet andre punktumet skal departementet fastsetje rentesatsen, men slik at satsen kjem til å utgjere om lag halvparten av rentesatsen etter forseinkingsrentelova § 3.

Andre leddet har føresegner om korleis rentene skal reknast ut. Renter vert gitt for kvar av dei terminane som etterbetalinga omfattar, rekna frå utbetalingsdatoen for den einskilde terminen fram til utbetalingsdatoen for etterbetalinga. Renter for den enkelte terminen reknast for seg. I tråd med det som gjeld for forseinkingsrente, vert det foreslått at ein ikkje skal rekne rente av rente.

Etter tredje leddet skal ein ikkje rekne renter av dei delane av ei etterbetaling som går til dekning av andre ytingar frå folketrygda eller individstønad etter arbeidsmarknadslova som stønadstakaren har fått i etterbetalingsperioden, eller som går til dekning av økonomisk sosialhjelp i denne perioden.

I fjerde leddet er det teke inn ein regel som suspenderer renteplikta dersom stønadstakaren på ulike vis er årsak til forlenging av rentetida («kreditormora»).

I femte leddet vert det foreslått at departementet får fullmakt til å gi forskrift om gjennomføringa av føresegnene i paragrafen.

Noverande § 22-17 har reglar om at trygda ikkje gir renter ved etterbetaling av ytingar, og etablerer i tillegg høve til å krevje renter ved tilbakekrevjing av ytingar (sjå forslaget til ny § 22-17 a med merknader).

Til § 22-17 a Renter ved tilbakekreving av for meget utbetalt ytelse

I første leddet vert det foreslått at det skal reknast eit fast rentetillegg på 10 prosent av beløpet som vert kravd tilbake. Dette skal gjelde når den som kravet rettar seg mot har handla forsettleg eller grovt aktlaust, tilsvarande at det høvet til å krevje renter som ein har i dag er avgrensa til tilfelle der den som kravet rettar seg mot har handla «i strid med redelighet og god tro» (noverande § 22-15 første leddet første punktumet). Som kjent har ein ikkje nytta høvet til å krevje renter etter gjeldande reglar.

Med omsyn til kven eit krav om tilbakebetaling skal rette seg mot, sjå merknadene til forslaget til endringar i folketrygdlova § 22-15.

Andre leddet gir reglar om eit tilsvarande rentetillegg ved tilbakekrevjing av utbetalingar til behandlarar etter forslaget til ny § 22-15 a. I tillegg vert det foreslått i andre og tredje punktumet at ein skal krevje forseinkingsrente rekna frå den fastsette betalingsfristen til betaling skjer, rekna på grunnlag av tilbakebetalingsbeløpet tillagt rentetillegget etter første punktumet.

Rentetillegget liknar på rentetillegget ved restskatt etter skattebetalingslova, og kan ikkje reknast som ei renteordning i vanleg meining. Det er nærare å sjå forslaget som eit forslag om innføring av ein administrativ sanksjon for grove feilutbetalingssaker.

Ein viser òg til det som er sagt under punkt 5.

Til § 22-17 b Forholdet til erstatning

Føresegna slår fast at ein ikkje kan få erstatning for terminar som ikkje vert dekte ved etterbetaling, og heller ikkje kan få erstatta rentetap som ikkje er omfatta av forslaget om renter i «feilsaker» etter § 22-17. Sjå punkt 5.

Til § 25-3 overskrifta og andre leddet

Overskrifta til paragrafen vert foreslått endra til gebyr og tvangsmulkt. I dag er berre tvangsmulkt med i overskrifta.

Andre leddet svarar til gjeldande § 25-3 andre leddet, men slik at det gjerast klart at ein alltid kan ileggje gebyr når melding til registeret ikkje er gitt innan fristen. Etter den noverande ordlyden er ileggjing av gebyr knytta til at det er sendt purring på meldinga. Endringa tek sikte på at ein skal kunne ileggje gebyr når manglande meldingar vert oppdaga under kontroll på staden etter forslaget til ny § 21-4 a. Sjå punkt 4.9.

9.2 Til § 7 i arbeids- og velferdsforvaltningslova

Forslaga til endringar i arbeids- og velferdsforvaltningslova § 7 er omtalt i punkt 4.8.

Paragrafen vert endra slik at Arbeids- og velferdsetaten får heimel til å gi opplysningar til andre forvaltningsorgan for å hindre urettmessig utbetaling av offentlege midler eller at nokon hindrar at pengar vert innbetalte til det offentlege. Ein slik heimel følgjer i ei viss utstrekning av dei generelle reglane i forvaltningslova, men denne regelen gjeld ikkje for Arbeids- og velferdsetaten, sjå arbeids- og velferdsforvaltningslova § 7 andre leddet og merknadene nedanfor. Det er òg gjort redaksjonelle endringar i paragrafen, mellom anna for å få klarare fram tilhøvet til reglane i forvaltningslova om teieplikt.

Første leddet første og andre punktumet er identiske med noverande første og andre punktumet. Første leddet tredje og fjerde punktumet er nye, men er ikkje meint å føre til realitetsendringar. Tredje punktumet slår fast at føresegnene i forvaltningslova § 13b nr. 5 og 6 om unntak frå teieplikta ikkje gjeld. I noverande første punktumet vert alle reglane i forvaltningslova om teieplikt gjort gjeldande for Arbeids- og velferdsetaten, men det går indirekte fram av noverande andre og følgjande ledd i paragrafen at reglane om unntak frå teieplikta etter forvaltningslova ikkje skal gjelde. Det vert lettare å forstå samanhengen dersom ein tek inn ei direkte fråsegn om dette, supplert med ei direkte fråsegn i forslaget til fjerde punktumet om at det berre vert gjort unntak frå teieplikta når dette følgjer av andre til femte leddet i paragrafen sjølv eller av andre føresegner gitt i eller med heimel i lov. Døme på andre lovføresegner er arbeids- og velferdsforvalningslova § 8 om at etaten har opplysningsplikt til sosialtenesta og folketrygdlova § 25-1 siste leddet om unntak frå teieplikta når det vert gitt tilgang til arbeidstakarregisteret.

Andre leddet svarar til noverande første leddet tredje punktumet og andre leddet andre punktumet, med mindre språklege justeringar.

Tredje leddet i forslaget svarar til noverande andre leddet første punktumet, med tillegg av at forslaget om at etaten skal kunne gi opplysningar til andre offentlege organ utan hinder av teieplikta for å hindre urettmessig utbetaling av offentlege middel eller at middel ikkje vert innbetalte til det offentlege.

Fjerde leddet svarar med ei språkleg justering til noverande tredje leddet.

Femte leddet er identisk med noverande fjerde leddet.

9.3 Til endringa i bidragsinnkrevjingslova § 22

Endringa inneber at det vert vist til regelen i tvangslova § 1-2 andre leddet om at tvangsfullføring ikkje kan skje mot kommunar eller fylkeskommunar. Bakgrunnen er at ein etter forslaget til endringar i folketrygdlova § 22-15 vil kunne treffe vedtak om tilbakekrevjing retta mot kommunar mv. Desse vedtaka vil ha tvangsgrunnlag. I dag gjeld ikkje regelen i tvangslova § 1-2 andre leddet ved tvangsfullføring etter bidragsinnkrevjingslova. Departementet legg til grunn at reglane på dette punktet ikkje bør vere annleis enn ved tvangsfullføring generelt, og foreslår at den nemde føresegna i tvangsfullføringslova òg skal gjelde ved innkrevjing etter bidragsinnkrevjingslova.

Ein viser òg til det som er sagt i punkt 3.1.

9.4 Til endringa i lov 24. mai 1961 nr. 1 om sparebanker § 21 første leddet

Etter sparebanklova § 21 har tillits- og tenestemenn og revisorar i ein sparebank teieplikt om det dei i kraft av arbeidet får kjennskap til om banken eller bankkundane sine tilhøve. Teieplikta gjeld ikkje når dei etter anna lov er pålagt å gi opplysningar.

Etter forslaget til ny § 21-4 b i folketrygdlova skal finansinstitusjonar av eige tiltak kunne gi informasjon til Arbeids- og velferdsetaten utan hinder av teieplikta. Formålet er å gjere merksam på mogleg trygdemisbruk. Forslaget gir berre ein opplysningsrett, ikkje ein opplysningsplikt, og det er tvil om dette er nok til å oppheve teieplikta etter lova om sparebankar. Forslaget til endring i sparebanklova § 21 tek sikte på å sikre at ein skal kunne gi opplysningar til Arbeids- og velferdsetaten i dei aktuelle tilfella.

9.5 Til endringa i § 18 første leddet i lov 24. mai 1961 nr. 2 om forretningsbanker

Endringa og årsaka til endringa svarar heilt ut til det som er sagt om forslaget til endring i sparebanklova § 21. Ein viser difor til merknadene til denne endringa.

9.6 Til endringane i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott

Til § 7 nytt åttande ledd

Retten til etterbetalingar etter forskotteringslova gjeld normalt berre for avgrensa tidsrom bakover i tid. Spørsmålet om å supplere etterbetalingsreglane med erstatningsrettslege reglar oppstår på tilsvarande vis som etter folketrygdlova. Etter endringsforslaget vert det i tråd med forslaget til ny § 22-17 b i folketrygdlova teken inn ei avskjering av erstatning for terminar som ikkje er omfatta av reglane om etterbetaling og ei avskjering av erstatning for rentetap.

Til § 9 fjerde leddet

Endringsforslaget inneber ei utviding av høvet til å hente opplysningar i saker etter forskotteringslova ved at det i tillegg til reglane om dette i barnelova § 10 andre leddet vert vist til folketrygdlova § 21-4 første leddet. Tanken er mellom anna at ein skal kunne hente opplysningar frå utdanningsinstitusjonar og ordningar for barnetilsyn. Dette vil kunne bidra til ei sikrare handsaming av desse sakene.

9.7 Til endringa i § 1-6 andre leddet i forsikringslova

Endringa og årsaka til endringa svarar heilt ut til det som er sagt om forslaget til endring i sparebanklova § 21. Ein viser difor til merknadene til denne endringa.

Til forsida