Ot.prp. nr. 78 (1999-2000)

Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga

Til innhaldsliste

3 Forsvaret sine tenestebustader - skattefritak

3.1 Innleiing

Finansdepartementet foreslår skattefritak for fordel ved bruk av Forsvaret sine tenestebustader. Bakgrunnen er at det vil bli innført eit nytt system for fastsetjing av husleiga for Forsvaret sine tenestebustader. Systemet medfører at husleigene blir meir marknadstilpassa. Det har i påvente av eit slikt, nytt system for fastsetjing av husleiga for Forsvaret sine tenestebustader gjeldt eit mellombels skattefritak for inntektsåra 1995-2000.

3.2 Fastsetjinga av husleiga for Forsvaret sine tenestebustader

3.2.1 Innleiing

I St.meld. nr. 25 (1995-96) Om bustadverksemda til Forsvaret, gjorde Regjeringa greie for den framtidige bustadpolitikken til Forsvaret. I innstillinga til stortingsmeldinga (Innst. S. nr. 199 (1995-96)) uttala forsvarskomiteen m.a. at husleiga i Forsvaret sine bustader i større grad måtte bli tilpassa marknadsnivå. Komiteen understreka også at marknadstilpassa utleigeprisar for Forsvaret sine bustader må spegle dei lokale marknadsskilnadene slik at t.d. bustader ved utdanningsgarnisonane i Nord-Noreg får ein monaleg lågare leigepris enn bustader i Oslo. Komiteen uttala at ein må komme fram til eit takseringssystem som tek vare på lokale skilnader, og som samstundes ikkje inneber nokon form for fordelsskattlegging.

Forsvarsdepartementet har derfor i samarbeid med Finansdepartementet utarbeidd eit takseringssystem for utrekning av husleige for Forsvaret sine bustader. Det nye takseringssystemet for utrekning av husleige blir foreslått gjort gjeldande frå 1. januar 2001.

3.2.2 Bakgrunnen for arbeidet med nytt system for fastsetjing av husleige

Husleigene for staten sine bustader blei alt i 1992 justert til marknadspris. Forsvaret var ikkje omfatta av denne reguleringa. I etterkant kom Riksrevisjonen i Dokument nr. 3:7 (1994-95) Antegnelse vedrørende boligvirksomheten i Forsvaret med kritikk av fleire høve ved Forsvaret sin bustadverksemd. Det blei m.a. uttala at:

  • husleigenivået var for lågt, 50-60 prosent under andre samanliknbare statsbustader,

  • systemet for utrekning av husleiga var svært komplisert,

  • systemet differensierte ikkje i tilstrekkeleg grad med omsyn til geografisk lokalisering.

Stortinget handsama Riksrevisjonen sine merknader i Innst. S. nr. 2 (1995-96) og slutta seg i hovudsak til Riksrevisjonen sine merknader. Det blei likevel understreka at den lokale tilpassinga burde komme til uttrykk i dei leigepriser som blir fastsett.

Forsvarsdepartementet avgjorde deretter at det var naudsynt å legge fram ei stortingsmelding som på breitt grunnlag gjorde greie for kva slags bustadpolitikk som skal gjelde i framtida. Dette blei gjort i St.meld. nr. 25 (1995-96). Fordi Forsvaret disponerer i overkant av 4000 bustader spreidd rundt i svært mange av kommunane i landet, var det spesielt viktig å få på plass eit landsdekkjande husleigesystem som ikkje skulle gi fordelsskattlegging.

3.2.3 Gjeldande system for utrekning av husleige

Det systemet for husleigeutrekning som blir brukt i dag, blir kalla det differensierte husleigesystem av 1983. Systemet tek omsyn til storleiken av bustaden, standard, alder, geografisk plassering innan buområdet med meir. Systemet er komplisert, spesielt er det detaljerte spesifikasjonar knytt til standarden til bustaden. Geografisk plassering innan buområdet er delt inn i bykjerne, tettstad og ytre område. Denne differensieringa gir marginale forskjellar i husleigenivået. I tillegg har ein ein husleigereduksjon på 25 prosent for bustader nord for Ofotfjorden.

3.2.4 Nytt system for utrekning av husleige

Ved utarbeidinga av det nye systemet er det spesielt lagt vekt på at Stortinget sine føringar som nemna i innleiinga, blir ivareteke. I tillegg er det lagt vekt på å få til eit langt enklare utrekningsgrunnlag. Ein har også tatt omsyn til at husleigenivået ikkje må bli sett så høgt at Forsvaret får vesentlege problem med beordrings- og søknadssystemet sitt. Det nye systemet for utrekning av husleige inneheld følgjande elementer:

  • sonepris, det inngår sju ulike soneinndelingar på landsbasis,

  • utrekna bustadareal, vekta etter kjellar, hovudetasje og etasjeplan,

  • bustadtype (einebustad, bustad som ligg i atrium/kjede/rekkje eller på annan måte er vertikaldelt, blokk/andre bustader som er horisontaltdelte),

  • husleigereguleringsindeks, for å justere nivået etter tendensen i marknaden,

  • alderen til bustaden,

  • vedlikehaldsklassifisering.

I det nye systemet blir det ikkje teke omsyn til innvendig standard bortsett frå ei allmenn vedlikehaldsklassifisering. Det blir heller ikkje gjort forskjell mellom geografisk plassering i bykjerne, tettstad og ytre område. Soneinndelinga er gjort på kommunenivå.

Denne modellen er mykje enklare i høve til gjeldande system og gir ei særs god differensiering til dømes mellom Osloområdet og forsvarskommunane i indre Troms og Finnmark. På landsbasis blir husleiga for Forsvaret sine bustader auka med om lag 90 prosent i gjennomsnitt. I Oslo blir husleigeauken størst med om lag 200 prosent mens auken i indre Troms og Finnmark berre blir på om lag 20 prosent. Dei store skilnadene heng saman med at gjeldande system skil særs lite.

Forsvarsdepartementet vil, i samarbeid med Finansdepartementet, etter ein prøveperiode på 3-4 år vurdere det nye systemet for utrekning av husleige i Forsvaret sine bustader. Formålet med vurderinga vil vere å sikre at modellen i praksis ikkje gir vesentleg lågare leiger enn marknadsleiga.

3.3 Skattereglane for heilt eller delvis fri bustad i arbeidsforhold

3.3.1 Allment

Fordel i form av at bustad heilt eller delvis vederlagsfritt blir stilt til disposisjon av arbeidsgivar, er skattepliktig for arbeidstakaren som fordel vunne ved arbeid, jf. skatteloven § 5-1 første ledd. Det er allment viktig at alle fordelar skattytar oppnår ved arbeid skal blir skattlagte så likt som råd. Arbeidstakarar som gjennom sitt arbeidsforhold oppnår ein fordel ved heilt eller delvis fri bustad, bør ikkje bli stilt gunstigare skattemessig enn arbeidstakarar som mottar godtgjersle i form av kontant lønn.

3.3.2 Mellombels skattefritak for fordel ved heilt eller delvis fri bustad for arbeidstakarar i Forsvaret

Det følgjer av skatteloven § 5-15 første ledd bokstav l at fordel ved heilt eller delvis fri bustad for arbeidstakarar i Forsvaret ikkje er skattepliktig. Skattefritaket har gått fram av skatteloven sidan 1995, men heller ikkje tidlegare blei fordelen skattlagt. Skattefritaket er vedteke i tre omgangar, først for inntektsåra 1995-97, sidan blei det vedtekte ført vidare for inntektsåra 1997-1999 og inntektsåret 2000. Forarbeida til føresegna er Ot.prp nr. 26 (1995-96) og Innst. O. nr. 55 (1995-96), Ot.prp. nr. 1 (1997-98) og Innst. O. nr. 5 (1997-98) samt Ot.prp. nr. 1 (1999-2000) og Innst. O. nr. 12 (1999-2000).

Bakgrunnen for skattefritaket var Forsvaret sitt arbeid med det nye systemet for fastsetjing av leige. Det blei sett på som uheldig om det blei pålagt fordelsskattlegging etter alminnelege regler mens prosessen med å leggje om til det nye husleigesystemet var i gang.

3.4 Departementet sine vurderingar og forslag

Den nye modellen for fastsetjing av husleige for Forsvaret sine bustader fører i langt større grad enn gjeldande modell til at husleigene blir tilpassa marknadsnivået i dei ulike delane av landet. Allment vil husleigene ligge noko under leige som ville bli oppnådd ved utleige i ein fri marknad. Etter departementet sitt syn er dette forsvarleg på bakgrunn av spesielle forhold i Forsvaret, særleg beordringssystemet.

Også etter det nye systemet for utrekning av husleige for Forsvaret sine bustader vil det kunne ligge føre ein liten skattepliktig fordel for leigetakarar i Forsvarets tenestebustader etter den allmenne regelen om skatteplikt for fordel ved heilt eller delvis fri bustad i arbeidsforhold. Etter departementet sitt syn vil det vere lite føremålstenleg om dei enkelte likningskontora må gjennomføre ei individuell vurdering av om det skal bli utrekna skattepliktig fordel for den enkelte leigetakar.

Departementet foreslår derfor at det blir innført eit varig skattefritak for bruk av Forsvaret sine tenestebustader. Departementet viser til forslag til endring av skatteloven § 5-15 første ledd bokstav l. Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2001.

Til forsida