Ot.prp. nr. 78 (1999-2000)

Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga

Til innhaldsliste

7 Oppretting og presisering av lovtekst

7.1 Presisering av skatteloven § 6-32 fjerde ledd

I Innst. O. nr. 53 (1999-2000) foreslo finanskomiteen endringar i skatteloven § 6-32 om utrekning av minstefrådrag. Komiteen viste til at det ved handsaminga av budsjettet for 2000 blei vedteke reglar om ei særskild nedre grense på 30 600 kroner for minstefrådrag i arbeidsinntekt mv., jf. skatteloven § 6-32 første ledd. Slik paragrafen var utforma, ville den gi utilsikta gunstige verknader for ein skattytar som har budd i riket berre ein del av inntektsåret, eller som har mellombels opphald i riket. Det same ville gjelde for skattytarar som er busett i utlandet og som tek i mot vederlag eller liknande frå selskap som høyrer heime i Noreg. På bakgrunn av dette foreslo finanskomiteen endringar i skatteloven § 6-32 fjerde ledd. Paragrafen blei endra i tråd med finanskomiteen sitt forslag ved lov av 14. april 2000 nr. 30. Endringa trådte i kraft med verknad frå og med inntektsåret 2000.

Etter lovendringa skal ein avkorte « minstefradraget etter det antall hele eller påbegynte måneder av inntektsåret skattyteren har vært bosatt i riket». Dersom ein legg ordlyden til grunn, vil skattytar kunne få eit lågare minstefrådrag enn det han hadde krav på etter reglane som gjaldt før den særskilde nedre grensa blei vedteken. Dette var ikkje ein tilsikta konsekvens av endringa. Det er den øvre og den nedre grensa for minstefrådrag som bør bli avkorta avhengig av talet på dei månadene opphaldet har vart, og ikkje minstefrådraget. Eit rekneeksempel kan illustrere skilnaden mellom dei to metodane å rekne ut minstefrådraget på:

Ein skattytar har opphald i landet i 3 månader, og har ei inntekt på 80 000 kroner. Nedre grense for minstefrådrag blir 30 600 kroner * 3/12 = 7 650 kroner, medan øvre grense for minstefrådrag blir 36 600 kroner * 3/12 = 9 150 kroner. Alternativ 1 : Etter første ledd skal ein skattytar med inntekt på 80 000 kroner ha eit minstefrådrag som svarer til den nedre grensa, dvs. 30 600 kroner, dersom han har opphald i landet i 12 månader. Dersom ein legg til grunn ordlyden i § 6-32 fjerde ledd, skal minstefrådraget i eksempelet svare til avkorta nedre grense for minstefrådrag, dvs. 7 650 kroner. Alternativ 2: Dersom ein ikkje legg til grunn at ein skal avkorte minstefrådraget etter talet på dei månadene opphaldet har vart, blir minstefrådraget i eksempelet 80 000 kroner * 0,22 = 17 600 kroner. Sidan øvre grense for minstefrådraget er 9 150 kroner, skal dette beløpet likevel utgjere minstefrådraget. Skilnaden mellom alternativ 1 og 2 utgjer altså 1 500 kroner i dette eksempelet.

Etter departementet sitt syn er det ikkje grunnlag for at ein skattytar i slike tilfelle skal komme i ein skattemessig mindre gunstig posisjon etter innføringa av den særskilde nedre grensa i minstefrådraget. Skatteloven § 6-32 fjerde ledd er derfor på forskotsstadiet tolka i tråd med alternativ 2 ovanfor for inntektsåret 2000. Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at § 6-32 blir presisert i tråd med dette, med verknad frå og med inntektsåret 2000.

7.2 Skatteloven § 5-14 tredje ledd - opsjonar i arbeidsforhold

I Ot.prp. nr. 45 (1999-2000) blei det foreslått endringar i skatteloven § 5-14 tredje ledd om skattlegginga av opsjonar i arbeidsforhold. Endringa blei vedteken ved lov av 23. juni 2000. Endringa medfører at ikkje-børsnoterte opsjonar ikkje skal lønnsskattleggjast ved tildeling, men berre ved innløysing/sal. Børsnoterte opsjonar skal lønnsskattleggjast både ved tildeling og innløysing/sal. § 5-14 tredje ledd inneheldt tidlegare ein heimel for departementet til å gi forskrift. Heimelen blei ikkje foreslått ført vidare. Forskrifta med nemnde heimel gjaldt i hovudsak skattlegginga ved tildeling av opsjonen, noko som ikkje er naudsynt no. Det er likevel behov for forskrift til utfylling av § 5-14 tredje ledd, m.a. for å oppretthalde regelen om at same lempingsreglar som gjeld ved tilsette sine kjøp av aksjar til underkurs skal gjelde også ved innløysing av opsjon. Departementet fremmer derfor forslag om en heimel for departementet til å gi reglar til utfylling og gjennomføring av § 5-14 tredje ledd. Departementet at foreslår endringa trer i kraft frå og med inntektsåret 2000.

7.3 Opprettingar i skatteloven

I følgje skatteloven § 2-2 første ledd bokstav g skal interkommunale selskap der deltakarane har delt ansvar for pliktene til selskapet, liknast som eigne skattesubjekt. Paragrafen viser til selskapsloven § 1-1 femte ledd for å klargjere kva for selskap det her er snakk om. Ved lov av 29. januar 1999 nr. 6 blei det vedteke ny lov om interkommunale selskap. I samband med dette blei også selskapsloven § 1-1 femte ledd endra. Etter denne lovendringa er det ikkje lenger naturleg å vise frå skatteloven § 2-2 første ledd bokstav g til selskapsloven § 1-1 femte ledd, men til lov om interkommunale selskaper, fordi slike selskap no er regulert i denne loven.

I skatteloven § 10-10 andre og tredje ledd er det gitt ein definisjon av kva uttrykka «aksjonær» og «aksje» skal jamstellast med i dette kapittelet. Ordlyden i andre og tredje ledd er ført direkte vidare frå selskapsskatteloven av 1991 § 3-1 andre og tredje ledd. I den sist nemnde lova sto paragrafen i eit eige kapittel om skattlegging av utbytte. Når skatteloven § 10-10 viser til dette kapittel, viser den til langt fleire paragrafer enn dei som omhandlar skattlegging av utbytte. Det har ikkje vore tilsikta noko realitetsendring her. Departementet legg derfor fram forslag om å endre ordlyden i skatteloven § 10-10 andre og tredje ledd, slik at det blir vist til dei paragrafane som gjeld utbytte, det vil seie §§ 10-10 til 10-13.

Etter skatteloven § 14-5 fjerde ledd bokstav e skal « Nedskrivningsbeløpet etter b og c tas til inntekt ved utløpet av det påfølgende inntektsåret, i den utstrekning beløpet ikke motsvarer tap i inntektsåret.» I følgje ordlyden i skatteloven av 1911 § 50 andre ledd som regulerte dette tidlegare, skal også frådrag som omtalt i § 14-5 fjerde ledd bokstav d handsamast på denne måten. Departementet foreslår derfor ei endring i skatteloven § 14-5 fjerde ledd bokstav e slik at bokstaven omfattar nedskrivingsbeløp etter bokstav b, c og d.

I skatteloven § 14-48 første ledd siste punktum er det vist til §§ 14-15 til 14-48. Paragrafen som svarer til denne i skatteloven av 1911, er § 44A-10, som viser til § 44A. Endringa kom inn i loven i samband med vedtakinga av ny skattelov. Det har ikkje vore sikta til å gjere nokon realitetsendring på dette punktet. Departementet foreslår derfor at skatteloven § 14-48 første ledd siste punktum blir endra slik at det i § 14-48 første ledd siste punktum blir vist til §§ 14-40 til 14-48.

Departementet viser til forslag til endringar i skatteloven §§ 2-2, 10-10, 14-5 og 14-48.

7.4 Opprettingar i skattebetalingslova

Etter skattebetalingslova § 23 nr. 2 første punktum skal ein leggje renter til restskatt etter reglar i forskrift. Forskriftskompetansen blei ved lov av 18. desember 1998 nr. 73 flytta frå Kongen til departementet, og det var ei tilsikta flytting. Men ved lov av 26. mars 1999 nr. 14 blei forskriftskompetansen ved eit mistak ført attende til Kongen. Sidan den sistnemnde endringa ikkje var tilsikta, foreslår departementet at skattebetalingslova § 23 nr. 2 første punktum blir endra slik at forskriftskompetansen på ny blir lagd til departementet.

I samband med teknisk revidert skattelov blei skattebetalingslova § 37 nr. 1 endra. I første punktum blei tilvising til skatteloven av 18. august 1911 nr. 8 § 16 første, andre eller sjette ledd bytt ut med ei tilvising til skatteloven §§ 2-10, 2-11 fjerde ledd eller 2-12 bokstav a. Etter skatteloven av 18. august 1911 nr. 8 § 16 sjette ledd første punktum skal formue som høyrer til ektefellar som blir likna særskilt etter § 16 fjerde ledd takast med ved likningen av den av ektefellane som har høgast nettoinntekt. Etter § 16 sjette ledd andre punktum vil det same gjelde for formue som ektefellenes barn har, når den skal liknest saman med foreldra si formue etter § 16 sjuande eller åttande ledd. Skatteloven § 2-14 tredje ledd bokstav a svarer til § 16 sjette ledd andre punktum i den tidlegare skattelov. I skattebetalingslova § 37 nr. 1 første punktum er det derimot ikkje vist til § 2-14 tredje ledd bokstav a. Sidan ei endring ikkje har vore tilsikta, foreslår departementet at skattebetalingslova § 37 nr. 1 første punktum blir endra slik at den også viser til skatteloven § 2-14 tredje ledd bokstav a.

Etter den gamle skattelova § 31 andre ledd var alle typer deltakerlikna selskap (anvarleg selskap, kommandittselskap, indre selskap, partreiarlag mv.) omfatta av det subsidiære betalingsansvaret for deltakarane sin skatt knytt til selskapet. I samband med den teknisk reviderte, nye skattelova av 1999 blei reglane om dette subsidiære ansvaret flytt til skattebetalingslova § 37 ny nr. 3. Ved eit mistak blei då ordlyden § 38 nr. 3 for smal, slik at berre ansvarleg selskap kom med. Det var ikkje tilsikta å ta kommandittselskap og andre deltakerlikna selskap ut av denne gamle ordninga med subsidiært skatteansvar for deltakarane. Departementet foreslår at dette rettast opp, ved at ordlyden i skattebetalingslova § 37 nr. 3 blir utvida til å gjelde alle deltakerlikna selskap. Dette gjerast ved ei tilvising til ny skattelov § 2-2 andre ledd bokstav a til e, som definerer alle typer deltakerlikna selskap.

Departementet viser til forslag til endringar i skattebetalingslova §§ 23 nr. 2 og 37 nr. 1 og nr. 3.

Til forsida