Ot.prp. nr. 78 (1999-2000)

Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga

Til innhaldsliste

5 Presisering av reglane om frådragsrett for naturressursskatt som følgje av omlegging til rein statsskatt for etterskotspliktige

Skatteloven § 18-2 første ledd fastsett at skattytar som eiger kraftverk, eller som har rett til uttak av kraft, skal svare naturressursskatt til dei kommunane og fylkeskommunane som blir tilordna kraftanleggsformuen. Naturressursskatten blei innført for å sikre kommunar og fylkeskommunar stabile skatteinntekter, og ikkje for å auke skattebøra for kraftforetaka. Av denne grunnen blei det innført rett til å trekkje frå naturressursskatten «i utlignet fellesskatt til staten», jf. skatteloven § 18-2 fjerde ledd.

Frå og med inntektsåret 1998 er aksjeselskap og andre etterskotspliktige skattytarar berre skattepliktige til staten, og skal ikkje lenger betale fellesskatt. Dette går fram av ny § 3-3 i Stortinget sitt skattevedtak for inntektsåret 1999 som fastsett at etterskotsskattepliktige selskap og innretningar skal svare skatt til staten med 28 prosent.

Som følgje av dette foreslår departementet tilføyingar i skatteloven § 18-2 fjerde ledd, slik at bestemmelsen blir tilpassa dei endringane som skjedde ved omlegginga til rein statsskatt for etterskotsskattepliktige. Naturressursskatten vil etter dette komme til frådrag i utlikna inntektsskatt til staten. For forskotsskattepliktige skattytarar med plikt til å svare naturressursskatt vil den opphavlege bestemmelsen framleis gjelde.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks, og med verknad frå og med inntektsåret 2000. For inntektsåret 1999 legg ein ikkje fram noko forslag om lovendring, då skatteloven av 18. august 1911 nr. 8 blei oppheva ved siste årsskifte.

Departementet legg til grunn at også skatteloven av 1911 § 19 A-2 nr. 4 må forståast slik at for etterskotsskattepliktige skal naturressursskatten komme til frådrag i utlikna inntektsskatt til staten for inntektsåret 1999, jf. Stortinget sitt skattevedtak § 3-3.

Departementet viser til forslag til endring av skatteloven § 18-2 fjerde ledd.

Til forsida