Ot.prp. nr. 83 (2002-2003)

Lov om endring i forvaltningslova (klagerett når klageinstansen avviser)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for forslaget

Forvaltningslova § 28 første ledd første punktum gjev partar og andre med rettsleg klageinteresse rett til å påklage enkeltvedtak til det forvaltningsorganet (klageinstansen) som er nærmast overordna det organet som gjorde vedtaket. I andre punktum heiter det vidare:

«Med mindre Kongen annerledes bestemmer, kan klageinstansens vedtak i klagesak ikke påklages.»

Justisdepartementets lovavdeling har ved fleire høve tolka denne føresegna slik at lova ikkje gjev høve til å påklage klageinstansen sitt vedtak om å avvise klagesaka. Sivilombodsmannen har i ei fråsegn tatt inn i årsmeldinga for 2000 (Dok. nr. 4 (2000-2001) s. 54-57 sagt at det etter hans syn dreier seg om eit ope rettsleg spørsmål der begge konklusjonar let seg forsvare. Ombodsmannen såg det som ein mangel ved regelverket at lova ikkje gjev eit klårare svar på spørsmålet, og oppmoda departementet til å ta initiativ til ei klårgjering.

Justisdepartementet er slik saka står, samd med ombodsmannen i at ein bør invitere Stortinget til å vedta ei lovendring som kan gje eit klårt svar på spørsmålet. Dette er i samsvar med det dåverande justisminister Hanne Harlem sa i Stortinget 5. juni 2001 i debatten om Sivilombodsmannen si årsmelding for 2000.