Ot.prp. nr. 83 (2002-2003)

Lov om endring i forvaltningslova (klagerett når klageinstansen avviser)

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Ved endringar i dei allmenne reglane om forvaltningsprosess er det lite faktisk kunnskap som føreligg med omsyn til kvantitet. Difor må dei løysingane ein tilslutt vel, byggje på normative vurderingar, det vil seie ei vurdering av kva som står fram som mest rett ut frå grunnprinsipp og omsyn, meir enn ei vurdering av verknader og resultat.

Det er ingen som veit kor mange enkeltvedtak som vert fatta av statlege og kommunale organ på årsbasis. Talet ein million er ikkje sikrare enn 3 millionar. Det er heller ingen som kjenner talet på klager eller talet på saker der klageorganet avviser ei klage som underinstansen meinte oppfylte dei formelle vilkåra for realitetshandsaming. Går ein problemstillinga enno nærare inn på livet, er det heller ingen som veit kor mange avvisingsvedtak som vil vere omfatta av bokstav a til d i framlegget til nytt tredje ledd i forvaltningslova § 28, og difor ikkje kan påklagast vidare, og kor mange avvisingsvedtak som det med denne lovendringa blir klårgjort at kan påklagast.

Frå fylkesmannen i Troms er det opplyst at ein ved embetet, i tida etter at ombodsmannens tolking vart kjent våren 2001, har praktisert klagerett også på klageorganets avvisningsvedtak, dvs. at dei partane som hos fylkesmannen har fått avvist ei klage som underinstansen fremma, samstundes er gjort merksame på klageretten vidare til det aktuelle direktorat/departement. Så langt ein har oversyn over, har ingen til no nytta denne klageretten.

Frå fylkesmannen i Møre og Romsdal er det opplyst at ein avviser frå 5 til 14 klagesaker i året berre på området bygge- og frådelingssaker.

Departementet har ikkje andre tal å syne til. Det seier seg likevel sjølv at lovendringa vil måtte føre til noko meir arbeid for forvaltninga - både statleg og kommunal - samanlikna med situasjonen før ombodsmannens tolking vart meir ålment kjent våren 2001. Etter den tid kan ein rekne med at fleire forvaltningsorgan har praktisert utvida klagerett. Framlegget her er meir avgrensa enn det som direkte følgjer av utsegna frå ombodsmannen, slik at om ein ser endringa i arbeidsmengde i lys av situasjonen i frå 2001 og fram til i dag, kan situasjonen vere at talet på klagesaker faktisk går ned.