Ot.prp. nr. 83 (2002-2003)

Lov om endring i forvaltningslova (klagerett når klageinstansen avviser)

Til innhaldsliste

4 Dansk og svensk rett

4.1 Dansk rett

Etter dansk forvaltningsrett kan parten freiste å få endra eit vedtak gjennom krav om remonstrasjon eller rekurs. Remonstrasjon inneber at vedtaksorganet ser på saka på ny (oppattaking), og kravet vert sett fram for og handsama av det forvaltningsorganet som gjorde det opphavlege vedtaket. Rekurs (klage) inneber at saka vert handsama av eit overordna forvaltningsorgan, og kravet om rekurs vert sett fram direkte for rekursinstansen. Det kan variere frå saksfelt til saksfelt om det ligg føre remonstrasjonsrett og/eller rekursrett. Ein kan sjå det slik at ei norsk forvaltningsklage har i seg eit krav om begge deler: Får klagaren ikkje medhald av underinstansen etter forvaltningslova § 33 andre ledd andre punktum (remonstrasjon), skjer det ei rekurshandsaming ved klageinstansen etter § 34, om ikkje underinstansen avviser klaga.

Danmark har ikkje ålmenne reglar om forvaltningsklage slik som Noreg. Somme variantar av klagereglane minner om dei norske. Til dømes er det etter planlægningsloven § 60 stk. 2 slik at ei klage skal sendast inn til underinstansen. Underinstansen er då pliktig til å vurdere om det er grunnlag for å ta saka oppatt (remonstrasjon), jf. Gammeltoft-Hansen m.fl.: Forvaltningsret (København 1994) s. 610. Er det ikkje det, skal underinstansen sende klaga vidare til rekursinstansen (klageinstansen). Ulikt norsk rett har underinstansen ikkje rett til å avvise klaga.

Rekursinstansen kan som hovudregel avgjere klagesaka med avvising, stadfesting, endring, oppheving eller attendevising, jf. Gammeltoft-Hansen m.fl. s. 657. Dansk rett har ikkje - som norsk - eit generelt toinstansprinsipp. Alt etter saksfelt kan det difor hende at rekursorganet si avgjerd - herunder vedtak om avvising - kan påklagast til ein tredjeinstans. På andre saksfelt vil det ikkje vere nokon rett til å klage på rekursinstansen si avgjerd, same kva ho går ut på. Det gjer at eit avvisingsspørsmål berre vil bli vurdert ein gong. Dette gjeld anten klaga vert sett fram for underinstansen - som ikkje har rett til å avvise - eller om klaga går beinveges til rekursinstansen.

4.2 Svensk rett

Fram til förvaltningslagen (lag 1986:223) vart sett i kraft, var regelen den at forvaltningsklager gjekk direkte til klageinstansen. Difor kunne ein ikkje få den situasjonen som kan kome opp i norsk rett, nemleg at klageinstansen avviser ei klage som underinstansen har sloppe fram.

Etter reglane no skal klaga setjast fram for det organet som gjorde vedtaket (23 § 1 mom.) Underinstansen skal prøve om klaga er sett fram i tide og avvise henne om ho er sett fram for seint. Ei avgjerd om avvising kan påklagast til overordna forvaltningsorgan (30 §). Underinstansen kan ikkje avvise ei klage av andre grunner enn at ho er sett fram for seint.

Kjem underinstansen til at ei klage er sett fram i tide, er klageinstansen bunden av det. I svensk rett kan ein altså ikkje få den situasjonen som kan kome opp i norsk rett, nemleg at underinstansen godtek ei klage som rettidig medan klageinstansen overprøver denne vurderinga og avviser klaga som for seint framsett.

I svensk rett har klageinstansen høve til å avvise ei klage på anna grunnlag enn at klagefristen er ute. Då har grunnlaget for avvising ikkje vore prøvd av underinstansen, og det følgjer av systemet i svensk forvaltningsrett at klageinstansens avvisingsvedtak kan påklagast til høgare instans.