Ot.prp. nr. 83 (2002-2003)

Lov om endring i forvaltningslova (klagerett når klageinstansen avviser)

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

3.1 Sakshandsaminga i klagesaker

Av forvaltningslova § 32 går det fram at ei klage skal setjast fram for det forvaltningsorganet som har gjort vedtaket (underinstansen). Etter § 33 andre ledd skal underinstansen gjere dei undersøkingar som klaga gjev grunn til, og underinstansen skal gje varsel om klaga til den som vert å rekne som motpart i klagesaka, jf. § 33 tredje ledd. På grunnlag av ei ny vurdering av saka kan underinstansen oppheve eller endre vedtaket dersom den finn at klaga er grunna, jf. § 33 andre ledd andre punktum. Dersom vilkåra ikkje ligg føre for å handsame klaga, skal underinstansen avvise klaga, jf. § 33 andre ledd tredje punktum.

Om ikkje underinstansen gjer nytt vedtak, skal den sende saka til klageinstansen så snart ho er tilrettelagd, jf. § 33 fjerde ledd. Klageinstansen si myndigheit går fram av § 34. Same kva underinstansen har meint om retten til å påklage vedtaket, kan klageinstansen avvise klaga, jf. § 34 første ledd.

Gjer underinstansen vedtak om å avvise klaga, vert dette vedtaket å rekne for eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2 tredje ledd. Det er klagerett over dette avvisningsvedtaket i medhald av hovudregelen i § 28 første ledd første punktum. Regelen i § 28 første ledd andre punktum kjem ikkje inn her, av di det er underinstansen sjølv og ikkje klageinstansen som har gjort vedtaket om avvisning.

3.2 Kva for organ er klageinstans?

Når vedtaket er gjort av eit organ i statsforvaltninga som underinstans, følgjer det av forvaltningslova § 28 første ledd første punktum at det er det nærmast overordna organet som er klageinstans.

Til vanleg vil det seie at når fylkesmannen er underinstans, er det eit direktorat, eventuelt eit departement, som er klageinstans. Er underinstansen eit direktorat, vil departementet vere klageinstans. Er underinstansen eit departement, er Kongen klageinstans. (Men for ymse vedtak som departementa gjer, er det gjort unntak frå klageretten til Kongen i medhald av § 28 tredje ledd.) Kva for organ som er klageinstans, kan vere fastsett med reine ord i vedkommande lov eller i forskrift.

Det hender at det er fastsett ein annan klageinstans enn det som ville følgje av § 28, og jamvel at det er oppretta eit særskilt klageorgan. Personvernnemnda, jf. personopplysningslova 14. april 2000 nr. 31 § 42, er eit døme på det. Klager over Datatilsynet sine vedtak går såleis til Personvernnemnda og ikkje til departementet.

Er vedtaket gjort av eit kommunalt eller fylkeskommunalt organ som underinstans, er det forvaltningslova § 28 andre ledd som regulerer kva for organ som er klageinstans. Utgangspunktet i lova er at klageinstansen er kommunestyret eller fylkestinget, som det øvste organet i kommunen eller fylkeskommunen. Men dei kan fastsetje at det er formannskapet høvesvis fylkesutvalet som skal vere klageinstans, eller - og det er det vanlege - at det skal vere ei særskilt (fylkes)kommunal klagenemnd.

Etter forvaltningslova gjeld det to unntak frå dette:

1) Har kommunestyret eller fylkestinget sjølv gjort vedtaket som underinstans, er departementet klageinstans, jf. § 28 andre ledd andre punktum.

2) Har underinstansen gjort sitt vedtak etter delegert myndigheit frå eit statleg forvaltningsorgan, er det dette organet som er klageinstans, jf. § 28 andre ledd tredje punktum. (Er det på denne måten eit statleg organ som er klageinstans, er det høve til å delegere oppgåva å avgjere klager etter vanlege reglar om delegasjon.)

3.3 Kva for omstende kan gjere at klaga vert avvist?

Når ei klagesak vert avvist, vil det seie at innhaldet i den avgjerda som det er klaga over, ikkje blir vurdert på ny. Ein kan seie det slik at spørsmålet om avvising gjeld om vilkåra for å få ei ny prøving er til stades.

Det er ymse grunnar som kan gjere at ei klagesak vert avvist. Ein kan nemne (utan at lista er uttømmande):

  • avgjerda er ikkje eit enkeltvedtak, men t.d. ei intern avgjerd (som andre tenestemannsavgjerder enn dei som er nemnde i forvaltningslova § 2 andre ledd), eller gjort i medhald av eigarretten eller på anna privatrettsleg grunnlag

  • klagaren er korkje part i saka eller har rettsleg klageinteresse

  • klagefristen er ute før klaga vart send (jf. likevel § 31 om handsaming trass i fristoversitjinga)

  • klaga er ikkje sett fram for rett organ, eller ho fyller ikkje formkrava i forvaltningslova § 32 første ledd, utan at ho vert retta etter at det er gitt høve til det etter § 32 tredje ledd.