Ot.prp. nr. 88 (2003-2004)

Om lov om endring i lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser (stiftelsesloven)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovframlegga m.m.

2.1 Om stiftingar og behovet for offentleg tilsyn

Det er ca. 9000 stiftingar her i landet. Mange av desse er oppretta med det formål å støtte arbeid innan kultur, helse, omsorg og anna hjelpearbeid på ideell basis. Stiftingane representerer derfor ein viktig del av det frivillige Noreg.

Det karakteristiske for stiftingane som organisasjonsform er at dei har det rettslege grunnlaget sitt i ei formue som er stilt sjølvstendig til disposisjon for eit bestemt eller fleire bestemte formål. At stiftingane er sjølveigande, skil dei frå andre organisasjonsformer, t.d. selskapa. Stiftingane skal ha eit styre som har ansvaret for at stiftingane vert forvalta i samsvar med intensjonane til stiftaren og lovgjevinga for stiftingar. Sidan stiftingane er sjølveigande, er det ingen som i kraft av eigarposisjonar kan føre kontroll med at dei vert forvalta i samsvar med dette. Dette er bakgrunnen for at det er eit offentleg tilsyn med stiftingane.

2.2 Hovudformål med den nye lova om stiftingar

Lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser avløyser lov 23. mai 1980 nr. 11 om stiftelser m.m. Den nye lova representerer ein gjennomgåande revisjon av 1980-lova. Det har vore eit sentralt siktemål med den nye lova å ta vare på og verne om særpreget ved stiftinga som organisasjonsform. Dette er mellom anna gjennomført gjennom regulering som i større grad enn tidlegare vernar om stiftingane si sjølvstendige stilling overfor stiftaren og andre pretendentar. Dette vil skape meir tillit og truverde rundt stiftingsforma. Opprettinga av eit sentralt stiftingstilsyn bør, i tillegg til dei materielle endringane i den nye lova, vere godt eigna til å nå denne målsettinga. Det er vidare lagt stor vekt på å gjere lova meir brukarvennleg og lettare tilgjengeleg, m.a. gjennom ei meir uttømmande lovregulering. I Ot.prp. nr. 15 (2000-2001) Om lov om stiftelser (Stiftelsesloven) kapittel 1 er det gjort nærare greie for hovudformålet med den nye lova.

2.3 Oppretting av eit sentralt stiftingstilsyn og eit sentralt stiftingsregister

Det er i dag fylkesmennene som har tilsynet med stiftingane, og dei fører kvart sitt stiftingsregister. Den nye stiftingslova inneber at eit sentralt stiftingstilsyn skal overta dei oppgåvene fylkesmennene har overfor stiftingane, og at det skal førast eitt sentralt stiftingsregister. Opprettinga av eit sentralt tilsyn har si hovudgrunngjeving i ønsket om at tilsynet med stiftingane skal gjennomførast best mogeleg fagleg sett. Dette vil skape større tryggleik rundt stiftingane som organisasjonsform og hjelpe til med å gje betre service og rettleiing frå det offentlege overfor stiftingane. I Ot. prp. nr. 15 (2000-2001) kapittel 11 og 12 er det gjort nærare greie for kvifor det bør vere eitt offentleg tilsyn og eitt offentleg register. Den nye lova § 7 fastset at tilsynet skal heite Stiftelsestilsynet, og § 8 slår fast at registeret skal heite Stiftelsesregisteret. Alle statlege institusjonar skal ha eitt namn på bokmål og eitt namn på nynorsk, dersom dei ikkje har eit namn som kan nyttast på begge målføre. Nynorsknamnet på tilsynet skal vere Stiftingstilsynet, og registeret skal heite Stiftingsregisteret. Dette krev ikkje endring i lova.

2.4 Lokaliseringa av Stiftingstilsynet

Stiftingstilsynet vil krevje om lag 10 årsverk avhengig av organiseringa av tilsynet. Det vil være ressursar å spare ved samlokalisering med eit allereie eksisterande tilsyn med liknande funksjonar. Lave kostnader er særleg viktig sidan Stiftingstilsynet skal finansierast av stiftingane. Ei samlokaliseringsløysning vil i tillegg skape eit større og betre fagmiljø og dermed «betre tilsyn for kvar krone.»

Regjeringa har vurdert fleire alternative plasseringar, og har kome til at dei beste grunnane taler for å lokalisere Stiftingstilsynet saman med Lotteritilsynet i Førde med ein felles administrasjon. Mange stiftingar er oppretta med det for auge å støtte arbeid innan kultur, helse, omsorg og anna hjelpearbeid på ideell basis. Samlokalisering med Lotteritilsynet vil hjelpe til med å styrkje forvaltnings- og tilsynsfunksjonane overfor det frivillige Noreg. Lotteritilsynet har eit ferdig utbygd administrativt apparat, noko som også medverkar til å halde etablerings- og driftskostnadene på eit rimeleg nivå.

Den nye stiftingslova slår fast at Stiftingstilsynet skal vere ei eiga eining og ikkje ein integrert del av eit «fellestilsyn». Organiseringa Lotteritilsynet og Stiftingstilsynet imellom må derfor gjennomførast slik at føresetnadene om Stiftingstilsynets sjølvstende vert følgt opp.

2.5 Stiftingstilsynets tilhøve til Justisdepartementet

Justisdepartementet skal framleis ha ansvar for stiftingslova. Av St.meld. nr. 17 (2000-2001) Om statlige tilsyn går det fram at Regjeringa har som generell målsetting å gje tilsyna enda meir sjølvstende overfor departementa. I Ot.prp. nr. 15 (2000-2001) Om stiftelser vart det likevel inntil vidare konkludert med at klager over Stiftingstilsynets vedtak skal handsamast på vanleg måte etter reglane i forvaltningslova, og at det ikkje skal opprettast ei eiga klagenemnd for Stiftingstilsynets avgjerder. Dette er i samsvar med det som har vore fylkesmennenes forhold til departementet etter 1980-lova om stiftingar, der Justisdepartementet har vore overordna forvaltningsorgan og klageinstans for avgjerder fatta i medhald av stiftingslova.

Justisdepartementets førebelse konklusjon vart for det første grunngjeven med at ei eiga nemnd for klagar over Stiftingstilsynet sine avgjerder ville bli dyr i forhold til dei ressursane som departementet i dag bruker på arbeidet som overordna tilsynsorgan etter den gamle stiftingslova (ca. 0,3 årsverk). Departementet ser ikkje bort frå at talet på klagesaker kan auke noko etter den nye lova, men legg likevel til grunn at det ikkje vil dreie seg om så mange saker at det i utgangspunktet kan forsvare opprettinga av ei eiga klagenemnd nå. Mens ei vidareføring av dagens ordning ikkje vil medføre nemnande kostnadsauke, vil ei nemndløysing gjere det. Opprettinga av ei stiftingsklagenemnd vil dermed kunne påføre stiftingane større kostnader, dersom føresetnaden om gebyrfinansiering vert oppretthalden også for kostnadene med klagesakshandsaminga.

2.6 Tilhøvet til forvaltningslova

Dei allmenne klagereglane i forvaltningslova kap. IV - VI vil òg gjelde for vedtak etter den nye stiftingslova. Det same vil gjelde avgjerder om gebyr- og avgiftsfastsetjing som er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Tilhøvet mellom departementet og tilsynet bør vurderast på ny i lys av oppfølginga av St. meld. nr. 17 (2000-2001) Om statlege tilsyn.

2.7 Tvangsgrunnlag for utlegg

Etter framlegget er krava tvangsgrunnlag for utlegg. Under fullbyrdinga av kravet vil skyldnaren kunne gjere dei same motsegnene gjeldande som under ei eventuell rettssak om kravet, jf. tvangsfullbyrdingslova § 4-2 tredje ledd. Regelen om tvangsgrunnlag er teken inn ved at stiftingslova § 7 vert tilført eit fjerde ledd. Regelen i § 7 fjerde ledd andre punktum er i samsvar med ein ganske vanleg lovgjevingspraksis om at offentlege krav er tvangsgrunnlag for utlegg.

Til forsida