Ot.prp. nr. 88 (2003-2004)

Om lov om endring i lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser (stiftelsesloven)

Til innhaldsliste

6 Finansieringsmodellane

6.1 Høyringsfråsegnene

Fylkesmannen i Hedmark meiner at ei årleg avgift, men med hovudvekt på nyregistreringsgebyr, er den løysinga som vil finansiere Stiftingstilsynet best samstundes som det ikkje gjev for store belastningar på stiftingane. Fylkesmannen meiner likevel at departementets modellar har eit uklart berekningsgrunnlag. Fylkesmannen foreslår derfor ein modell som ved nyregistrering tek utgangspunkt i dei same gruppene som i høyringsnotatet, men med den forskjellen at avgifta vert berekna ut frå 1 % av medianen til gruppa sin grunnkapital. Stiftingane i gruppe E bør likevel i følgje fylkesmannen vere open oppover. Fylkesmannen i Oslo og Akershus er i det vesentlege samd med departementet i at det bør vere eit samvirke mellom årleg avgift og eit gebyr for førstegongsregistrering med hovudvekt på årleg avgift. Fylkesmannen stiller likevel spørsmålet om ikkje forvaltningskapitalen gjev eit betre berekningsgrunnlag. Fylkesmannen i Oppland føretrekkjer også berekningsmodellen i kapittel 3.2, der ein i hovuedsak baserer seg på ei årleg avgift, men reiser spørsmål om ikkje avgifta kan bli vel stor.

Miljøverndepartementet føretrekkjer òg modellen som nemnt i kapittel 3.2. Det same gjer Nærings- og handelsdepartementet og Finansdepartementet. Finansdepartementet meiner prinsipielt at gebyr i størst mogeleg grad bør vere kostnadsbaserte og knytte til dei konkrete arbeidsoppgåvene som tilsynet gjer for stiftingane, som til dømes omdanningar. Departementet ser samstundes at ordninga ikkje må gjerast meir komplisert enn naudsynt for å unngå at den blir administrativt arbeidskrevjande. Arbeids- og administrasjonsdepartementet føretrekkjer også ein modell som skissert i kapittel 3.2 over, men tilrår at ein vurderer gebyr som medfører incentiv for stiftingane til å innrette seg slik at tilsynets arbeidsoppgåver overfor kvar einskild stifting vert minimert.

Universitetet i Bergen går òg inn for ei løysning som skissert i kapittel 3.2. Det same gjeld Brønnøysundregistra, Lotteritilsynet og Sparebankforeningen. Næringslivets Hovedorganisasjon føretrekkjer òg denne modellen, men ber departementet vurdere om ikkje ei ordning som i større grad baserer seg på det faktiske arbeidet tilsynet gjer, er betre. Fylkesmannen i Vest-Agder føretrekkjer òg denne modellen, men opplyser at det kan oppfattast som urimeleg at dei store stiftingane skal sponse dei små uavhengig av kven som belastar tilsynet mest. Fylkesmannen meiner òg at grunnkapitalen gjev eit dårleg grunnlag for berekning, og foreslår i staden at den vert knytt til forvaltningskapitalen.

Foreningen for Allmennyttige Stiftelser uttaler mellom anna at det vil kunne vere ei rekkje aktørar som har behov for opplysningar i stiftingsregisteret, som journalistar, politikarar, forskarar, næringsdrivande og privatpersonar. I tråd med det som gjeld for prising av oppgåver utført av Einingssregisteret, bør også Stiftingstilsynet prise slike oppgåver slik at i alle fall ein del av kostnadene vert dekte av andre enn stiftingane. Foreininga er imot at det vert innført ei årleg avgift for stiftingane. Foreininga meiner at dette i realiteten vil vere ein særskatt eller ei særavgift som utelukkande vert pålagt allmennyttige stiftingar. Stiftingane vil ikkje ha noko plikt til kvart år å vere i kontakt med Stiftingstilsynet. Dagens ordning etter 1980-lova § 10 andre ledd om oversending av årsoppgjer og revisjonsmelding til fylkesmannen er til dømes ikkje vidareført i den nye lova. Ei årleg avgift kan då ikkje sjåast på som ei form for brukarfinansiering.

Olje- og energidepartementet er av den oppfatning at berekningsmodellen som nemnt i kapittel 3.3 over, er mest fordelaktig for stiftingane under Olje- og energidepartementet. Norske Boligbyggelags Landsforbundtilrår også denne modellen.

6.2 Departementets vurderingar

Foreningen for Allmennyttige Stiftelser går som nemnt imot at det skal krevjast ei årleg avgift. Departementet ser at det kan oppfattast som urimeleg at stiftingar som ikkje har noko med Stiftingstilsynet å gjere i løpet av året, likevel skal betale ei årleg avgift. Departementet er likevel kome til at dei argumenta som taler for ei slik avgift, veg tyngre. Desse argumenta går fram av kapittel 3.1 ovanfor.

Av høyringsnotatet går det fram at næringsdrivande stiftingar ikkje skal betale gebyr for førstegongsregistreringar. Det går likevel ikkje klart fram om dei skal betale den årlege avgifta. Departementet legg til grunn at dei skal det. Det er berre førstegongsregistreringsgebyret som ville ha ført til ei dobbel gebyrlegging, sidan dei næringsdrivande stiftingane skal betale slikt gebyr for registrering i Føretaksregisteret. Når det gjeld den årlege avgifta, er det ingen grunn til å handsame dei næringsdrivande stiftingane annleis enn dei som ikkje er næringsdrivande.

Dei aller fleste høyringsinstansane har uttalt at dei føretrekkjer modellen som omhandla i kapittel 3.2, framfor den i 3.3, slik at hovudtyngda av inntektene kjem frå den årlege avgifta. Departementet deler denne oppfatninga. Ein slik modell vil i større grad halde storleiken på utgiftene nede samstundes som han vil gje eit meir stabilt inntektsgrunnlag for Stiftingstilsynet.

Fleire høyringsinstansar foreslår at ordninga i større grad tek utgangspunkt i dei konkrete oppgåvene som tilsynet gjer for stiftingane, til dømes omdanningar og registreringsendringar. Departementet ser at einskilde grunnar kan tale for ei slik løysning. Ut frå rettferdsvurderingar bør ordninga i utgangspunktet vere kostnadsbasert og knytt til dei konkrete oppgåvene som tilsynet gjer til nytte for tilsynsobjekta. Eit argument mot dette er likevel at det vil gje eit mindre stabilt inntektsgrunnlag og gjere inndrivinga meir ressurskrevjande. Ei slik løysning vil vidare kunne føre til at naudsynte eller fornuftige registreringsendringar ikkje blir utførte.

Det kan også vere stor forskjell på ressursbruken ved same type registreringsforretningar. Dette gjeld særleg søknader om omdanning som truleg er dei mest ressurskrevjande, men som innbyrdes krev svært forskjellig ressursbruk. Ut frå prinsippet om kostnadsbasert betaling ville ein ikkje uvesentleg del av gebyra måtte knyt seg til søknader om omdanning, og det kan vere vanskeleg å prise desse forretningane på ein måte som blir opplevd som rettferdig. Endeleg ligg det i dag ikkje føre samla tal over kor mange ulike registreringsforretningar som finn stad eller vil finne stad.

Departementet er etter dette førebels kome til at dei tyngste argumenta taler for ikkje å ta gebyr for andre registreringsforretningar enn førstegongsregistreringar. Det vert også her vist til drøftingane i kapittel 3.1 over. Etter at Stiftingstilsynet har fått erfaring som gjev sikrare tal og betre grunnlag for å fastslå ulike arbeidsbelastningar for tilsynet, kan spørsmålet eventuelt vurderast på nytt.

Departementet er samd med mellom anna Foreningen for Allmennyttige Stiftelser i at det kan sjåast på som rimeleg at også andre brukarar av registeret enn stiftingane, medverkar til finansieringa av Stiftingstilsynet gjennom prising av ulike registerforretningar. Også her foreslår likevel departementet at ein ventar med å vurdere innføringa av ei slik prising til Stiftingstilsynet har fått ei viss røynsle å byggje på. Departementet er samd med dei høyringsinstansane som i utgangspunktet er skeptiske til å la grunnkapitalen utgjere grunnlaget for fastsetjinga av storleiken på betalinga, sjå også her argumenta i kapittel 3.1 over. Bruk av grunnkapitalen kan føre til spekulasjonar og gje uheldige utslag, sidan grunnkapitalen berre utgjer ein nominell verdi. Departementet finn det klart at forvaltningskapitalen gjev eit betre berekningsgrunnlag. Problemet er likevel at forvaltningskapitalen til stiftingane førebels ikkje er ein samla registrert storleik. Så snart Stiftingstilsynet får ein slik samla registrert storleik å halde seg til, er det naturleg at departementet i lys av forskriftsheimelen som er gitt i stiftelseslova § 7, vurderer å la grunnlaget for berekningane av betalinga heller knyte seg til forvaltningskapitalen enn til grunnkapitalen.

Etter dette har departementet kome til at finansieringa og betalingsprofilen førebels bør forankrast i modellstrukturen som omhandla i kapittel 3.2 over, der hovudvekta av inntektene kjem frå den årlege avgifta. Etter at tilsynet gjennom praksis har fått pålitelege tal å byggje på, bør ein gjere ei ny vurdering av desse spørsmåla.

Til forsida