Ot.prp. nr. 88 (2003-2004)

Om lov om endring i lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser (stiftelsesloven)

Til innhaldsliste

5 Fullfinansiering gjennom gebyr og avgift

5.1 Høyringsfråsegnene

Som nemnt i kapittel 1 har Regjeringa gått inn for at det skal vere ei fullfinansiering av Stiftingstilsynet gjennom gebyr for førstegongsregistreringar og ei årleg avgift. Enkelte høyringsinstansar har vore kritiske til ei slik inntektsdekning. Dette gjeld Fylkesmannen i Vest-Agder, Landsorganisasjonen i Noreg, Foreningen for allmennyttige stiftelser, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon. Desse høyringsinstansane meiner at tilsynet med stiftingane framleis bør finansierast av det offentlege slik ordninga har vore etter 1980-lova. Enkelte stiftingar har så dårleg økonomi at ordninga vil redusere deira evne til å nå sine formål. Nokon slit allereie i dag med å dekkje utgiftene til rekneskap og revisjon. Landsorganisasjonen i Noreg er på prinsipielt grunnlag usamd i at forvaltningsoppgåver skal fullfinansierast gjennom gebyr og avgifter. Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon meiner ei kostnadsdekning som dette vil kunne føre til ei kanalisering bort frå stiftingsforma og over til t.d. foreiningar, som har ein mindre klar struktur og mindre strenge krav til økonomistyring. Foreningen for Allmennyttige Stiftelser viser mellom anna til at det tilsynet som i dag vert utført av fylkesmennene, vert finansiert av det offentlege og går imot ein fullfinansieringsmodell. Foreininga viser også til justiskomiteens fråsegner i Inst. O. nr. 74 (2000 - 2001) som alle medlemmer av komiteen stod bak:

«Det er også viktig at stiftelsene ikke påføres kostnader som reduserer deres evne til å oppfylle sitt formål.»

5.2 Departementets vurderingar

Departementet kan forstå motføresegnene mot fullfinansiering av tilsynet gjennom gebyr og årleg avgift. I utgangspunktet vil strengt teke ei kvar utgiftsauke kunne svekkje stiftingane si formålsrealisering. Dersom utgiftene i realiteten er investeringar, vil det likevel kunne vere noko anna.

Behovet for offentleg tilsyn er begrunna i kapittel 2.1. Overføringa av forvaltningsfunksjonane frå fylkesmennene til eit sentralt stiftingstilsyn med eitt sentralt stiftingsregister vil påføre staten auka utgifter samanlikna med fylkesmannshandsaminga etter 1980-lova. Spørsmålet blir om det er rimeleg at stiftingane sjølve dekkjer kostnadene, eller om dei skal finansierast gjennom statens generelle skatte- og avgiftskanalar. Ei sentralisert tilsynseining med høg fagleg kompetanse vil gje eit meir effektivt tilsyn. Eit fagleg ressurssterkt tilsyn vil også medverke til ein meir lik praksis og tilby betre rettleiing. Ei sentralisering av tilsynsfunksjonane er derfor eigna til å skape større tryggleik og legitimitet rundt stiftingane og betre service og rettleiing frå det offentlege. Ei fast årleg avgift vil halde utgiftene loge. Det er ein føresetnad ved fastsetjinga at gebyra og avgifta her berre skal finansiere Stiftingstilsynet og ikkje gje netto inntekter. Kostnadsdekninga bør såleis kunne sjåast på som ei investering for stiftingane, og dermed framstå som rimelege.

Foreningen for Allmennyttige Stiftelser hevdar at ei slik ordning i realiteten er ei skattlegging av stiftingane. Til dette vil departementet vise til at det ikkje er tvil om at Stortinget i lovs form kan gje forvaltninga heimel til å innkrevje gebyr og avgifter for offentlege kontrolloppgåver. Regelen om årlege skatte- og avgiftsvedtak i Grunnlova § 75a, som vil vere ei grense for vedtaking av avgifter med løpetid utover neste kalenderår, kan ikkje sjåast å ha relevans i dette tilfellet. Finansieringsordninga har soleis ikkje det fiskale preget som Grunnlova § 75a særleg tek sikte på.

Til forsida