Ot.prp. nr. 88 (2003-2004)

Om lov om endring i lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser (stiftelsesloven)

Til innhaldsliste

7 Tvangsgrunnlag for utlegg

7.1 Høyringsfråsegnene.

Ingen av høyringsinstansane er imot at krava er tvangsgrunnlag for utlegg. Mellom anna Foreningen for Allmennyttige Stiftelser har likevel reagert på andre punktum i lovforslaget første ledd, som gjev Statens Innkrevjingssentral heimel til å drive inn krava med trekk i lønn og andre liknande ytingar etter reglane i dekningslova § 2-7. Det vert uttalt at stiftingar ikkje vil ha krav på lønn eller liknande ytingar.

7.2 Departementets vurderingar

Departementet er samd i at føresegna kan framstå som uklar utan nærare grunngjeving. Poenget med regelen i andre punktum er at til dømes styremedlemmer og daglege leiarar i stiftingar i einskilde tilfelle kan komme i personleg ansvar for at gebyra og avgiftene ikkje blir betalte, dersom dette skyldast aktløyse frå deira side. I slike høve kan det vere behov for ein slik regel. Han vil neppe bli mykje brukt i praksis.

Til forsida