Ot.prp. nr. 88 (2003-2004)

Om lov om endring i lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser (stiftelsesloven)

Til innhaldsliste

3 Ulike modellar for finansiering av Stiftingstilsynet

3.1 Grunnlaget for berekningane

I Ot.prp. nr. 15 (2000-2001) Om lov om stiftelser vart det lagt til grunn at Stiftingstilsynet vil ha behov for om lag 10 årsverk. Driftskostnadene vil etter dagens berekningar utgjere i underkant av kr 9 mill. per år. I overslaget her er det også teke høgde for etableringskostnadene.

Det er registrert ca. 9000 stiftingar her i landet. Ei gebyr- og avgiftsbasert fullfinansiering vil dermed medføre ei samla belastning som svarer til om lag kr 1000 i gjennomsnitt per stifting per år.

Etter opplysningar frå Einingsregisteret i Brønnøysund er det i dag ca 350 nyregistreringar kvart år. Overslaget her avvik frå talmaterialet som er lagt til grunn i Ot. prp. nr. 15 (2000-2001) Om lov om stiftelser kapittel 14.3. Dette heng i første rekkje saman med at fylkesmennene ikkje registrerte stiftingane i Einingsregisteret før 1998, og at talet på nyregistreringar i Einingsregisteret vart større enn normalt i overgangsfasen.

Dersom ein berre baserer inntektsgrunnlaget på gebyr for nyregistreringar, vil dette føre til eit gjennomsnittleg nyregistreringsgebyr på kr 25 000 per stifting. Til samanlikning kostar nyregistrering i Føretaksregisteret kr 2500,- og er eit flatt gebyr for alle einingane uavhengig av kor stor kapital dei har, jf. forskrift 16. desember 2003 nr. 1551 om gebyr for tenester frå Brønnøysundregistra § 6. Ved handsaminga av Ot. prp. nr. 15 (2000-2001) Om lov om stiftelser la justiskomiteen til grunn at dei næringsdrivande stiftingane ikkje skal vere gjenstand for dobbel gebyrlegging ved nyregistrering. I dei vidare berekningane her vert det difor lagt til grunn at dei næringsdrivande stiftingane berre skal betale gebyr for førstegongsregistrering i Føretaksregisteret og ikkje gebyr for førstegongsregistrering i Stiftingstilsynets stiftingsregister.

Det kan verke urimeleg at stiftingar som ikkje driv næringsverksemd, skal betale 10 gonger så mykje i gjennomsnitt ved registrering i Stiftingsregisteret som det næringsdrivande stiftingar betaler ved registrering i Føretaksregisteret. Ein finansieringsmodell bygd utelukkande på førstegongsregistreringsgebyr vil etter departementets syn føre til for høge utgifter for stiftingane. Så høge registreringsgebyr vil kunne føre til at samfunnsnyttig verksemd vert organisert på andre måtar, noko som etter departementets syn ville vere uheldig. Gode grunnar kan difor tale for at ein ved val av inntektsmodell freistar å halde utgiftene så låge som mogeleg. Ein måte å gjere det på, er å la inntektene i det vesentlege basere seg på ei årleg avgift. Ei slik avgift vil også skape eit meir stabilt og pårekneleg inntektsgrunnlag for eit tilsyn og til mindre likviditetsbelastning for stiftingane. Sidan sentraliseringa av tilsynsfunksjonane overfor stiftingane vil skape større tryggleik og legitimitet rundt alle dei registrerte stiftingane, og betre service og rettleiing, er det rimeleg at alle stiftingane også betaler ei årleg avgift uavhengig av registreringsforretningar.

Det kan likevel vere rimeleg å la ein del av inntektsgrunnlaget knyte seg til gebyr for førstegongsregistreringar, då dette fører til ein del arbeid for Stiftingstilsynet. Gebyret vil her være ei betaling for dei utgiftene tilsynet har ved den enkelte registreringa. Gode grunnar kan likevel tale for ikkje å ta betaling for andre registreringsforretningar enn nyregistreringar i Stiftingsregisteret, som til dømes omdanningar, meldingar om endringar i styresamansetjinga osv. Slike gebyr må her vere høge dersom dei skal utgjere eit vesentleg tilskot til finansieringa, og innkrevjinga vil føre til meirkostnader for Stiftingstilsynet.

Desse registreringsforretningane representerer ei svært ulik arbeidsbelastning for Stiftingstilsynet. I staden for konkret gebyrlegging av desse registreringsforretningane bør ein derfor la den årlege avgifta og gebyra for førstegongsregistrering representere ei godtgjering også for desse forvaltningsoppgåvene. Gebyr for andre registreringsforretningar enn nyregistreringar vil også kunne motverke at stiftingane gjennomfører naudsynte eller fornuftige endringar som utløyser behov for registreringsforretningar.

Innføringa av ei allmenn rekneskaps- og revisjonsplikt for stiftingane ved lovendringane i 1995 og 1998, tilseier varsemd med å pålegge stiftingane ytterlegare kostnader som i nemneverdig grad reduserer deira evne til å oppfylle sine formål. Vi viser her til justiskomiteens samla fråsegner i Innst. O. nr. 74 (2000-2001) Om lov om stiftelser kapittel 2 siste avsnitt. For å nå denne målsettinga er det naudsynt at ordninga tek omsyn til kapitalen til stiftingane ved gebyrfastsetjinga. Gode grunnar kan tale for at ein tek utgangspunkt i stiftinganes sin grunnkapital ved gebyrfastsetjinga. Forvaltningskapitalen til stiftingane er i dag ikkje ein samla registrert storleik, og er difor inntil vidare ueigna som grunnlag for fastsetjinga.

Sjølv om grunnkapitalen ofte vil vere ein nominell storleik, vil den likevel kunne gje ein brukbar indikasjon på den økonomiske bereevna til stiftingane. Gode grunnar kan likevel tale for at ein fastset nivået etter ei gruppering basert på grunnkapitalen til stiftingane og ikkje som ein promille av grunnkapitalen i kvar einskild stifting. Ei slik gruppering vil også vere ei meir kostnadseffektiv løysing.

Einingsregisteret har tal på grunnkapitalen til 4367 av dei 8891 registrerte stiftingane i Noreg. Departementet legg til grunn at desse tala gjev ein tolleg god peikepinn på grunnkapitalfordelinga for alle stiftingane. I tabell 3.1 over er det gjort ei inndeling av stiftingane etter storleiken på grunnkapitalen.

Tabell 3.1 

Aca. 30 %(2600) av stiftingane har ein grunnkapital på under kr 100 000.
Bca. 14 %(1300) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 100 000 - kr 199 000.
Cca. 22,5 %(2000) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 200 000 - kr 500 000
Dca. 12,5 %(1100) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 500 000 - kr 1 mill.
Eca. 21 %(1800) av stiftingane har ein grunnkapital på over kr 1 mill.

I det følgjande vert det skissert to finansieringsmodellar som kan vere aktuelle. Begge modellane føreset både inntekter gjennom gebyrlegging av førstegongsregistreringar og ei årleg avgift. Modellane skil seg ved at modellen i kapittel 3.2 nedanfor føreset ei finansiering som i det vesentlege baserer seg på ei årleg avgift. I modellen i kapittel 3.3 er finansieringa i større grad basert på gebyr for førstegongsregistreringar. Modellane blei presentert i Justisdepartementets høyringsbrev 2. mars 2004, jf. kapittel 4.

3.2 Inntekter gjennom gebyr for nyregistreringar, men med hovudvekt på ei årleg avgift

Einingsregisteret opplyser som nemnt at det i dag vert gjort ca. 350 nyregistreringar per år. Med dette som basis foreslår departementet å pålegge stiftingane eit nyregistreringsgebyr på høvesvis:

  • kr 750 for gruppe B,

  • kr 1 200 for gruppe C,

  • kr 2 000 for gruppe D og

  • kr 3 500 for gruppe E.

(Sjå tabell 3.2)

Det kan hevdast at beløpa her er rimelege samanlikna med det flate gebyret på kr 2500 ved førstegongsregistrering i Føretaksregisteret.

Ved berekningane her er det lagt til grunn at stiftingar som alt er registrerte i registra til fylkesmennene, ikkje skal ileggjast nyregistreringsgebyr ved konverteringa til det sentrale stiftingsregisteret. Stiftingane som er nemnde i gruppe A i tabellen over, vil etter kvart falle bort i nyregistreringssamanheng, då den nye stiftingslova i utgangspunktet krev ein grunnkapital på minimum kr 100 000.

Tabell 3.2 Inntekter nyregistreringar pr år:

B.350 x 0,14 % x kr 750 =kr 36 750,-
C.350 x 0,225 % x kr 1200 =kr 98 437,-
D.350 x 0,125 % x kr 2000 =kr 85 400,-
E.350 x 0,21 % x kr 3500 =kr 280 000,-
Sum nyregistreringsgebyr:kr 500 587,-

I tillegg til gebyr for nyregistreringane skal stiftingane kvart år betale ei årleg avgift ut frå den same klasseinndelinga som er nemnt i tabellane over. Det inneber at stiftingane som er nemnde i gruppe A heller ikkje skal betale ei årleg avgift. Med dette som basis foreslår departementet å pålegge stiftingane ei årleg avgift på høvesvis:

  • kr 500 for gruppe B,

  • kr 750 for gruppe C,

  • kr 1 250 for gruppe D og

  • kr 2 500 for gruppe E.

(Sjå tabell 3.3)

Tabell 3.3 Inntekter årlege avgifter og gebyr ved nyregistreringar per år:

Bca. 14 % (1300) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 100 000 - kr 199 000
kr 500 x 1300 =kr 650 000
Cca. 22,5 % (2000) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 200 000 - kr 500 000
kr 750 x 2000 =kr 1 500 000
Dca. 12,5 % (1100) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 500 000 - kr 1 mill.
kr 1250 x 1100 =kr 1 375 000
Eca. 21 % (1800) av stiftingane har ein grunnkapital på over kr 1 mill.
kr 2500 x 1800 =kr 4 500 000
Sum årlege avgifterkr 8 025 000
Sum nyregistreringsgebyr:kr 500 587
Totale inntekterkr 8 525 587

3.3 Inntekter gjennom ei årleg avgift, men med hovudvekt på eit gebyr for nyregistreringar

Modellen her byggjer i utgangspunktet på dei same føresetnadene som modellen over, men inneber at modellen i større grad byggjer på inntekter gjennom gebyrlegging av førstegongsregistrering og i mindre grad på årleg avgift.

Med dette som basis foreslår departementet å pålegge stiftingane eit førstegongsregistreringsgebyr på:

  • kr 6 000 for gruppe B,

  • kr 10 000 for gruppe C,

  • kr 20 000 for gruppe D og

  • kr 40 000 for gruppe E.

(Sjå tabell 3.4)

Tabell 3.4 Inntekter nyregistreringar per år:

B.350 x 0,14 % x kr 6000 =kr 294 000
C.350 x 0,22 % x kr 10 000 =kr 770 000
D.350 x 0,12 % x kr 20 000 =kr 840 000
E.350 x 0,20 % x kr 40 000 =kr 2 800 000
Sum nyregistreringsgebyr:kr 4 704 000

Dette medfører eit behov for ca. kr 4 mill meir gjennom den årlege avgifta. Utfrå dette foreslår departementet å påleggje stiftingane ei årleg avgift på:

  • kr 500 for gruppe B,

  • kr 600 for gruppe C,

  • kr 750 for gruppe D og

  • kr 1 000 for gruppe E.

(Sjå tabell 3.5)

Tabell 3.5 Inntekter årlege gebyr og nyregistreringar::

Bca. 14 %(1300) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 100 000 - kr 199 000.
kr 500 x kr 1300 =kr 650 000
Cca. 22,5%(2000) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 200 000 - kr 500 000
kr 600 x 2000 =kr 1 200 000
Dca. 12,5 %(1100) av stiftingane har ein grunnkapital på kr 500 000 - kr 1 mill.
kr 750 x 1100 =kr 825 000
Eca. 21 %(1800) av stiftingane har ein grunnkapital på over kr 1 mill.
kr 1000 x 1800 =kr 1 800 000
Sum årlege gebyr:kr 4 475 000
Totale inntekterkr 9 179 000
Til forsida