Ot.prp. nr. 93 (2008-2009)

Om lov om endringar i menneskerettsloven mv. (inkorporering av kvinnediskriminerings­konvensjonen)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Tidlegare vurderingar

Då Noreg ratifiserte kvinnediskrimineringskonvensjonen i 1981, blei det ikkje gjort lovendringar. Ein gjekk ut frå at norsk lov allereie oppfylte alle krava i konvensjonen, og konven­sjonen blei derfor ikkje aktivt innarbeidd i lovverket.

Utvalet som utarbeidde forslag til menneskerettsloven, vurderte om kvinnediskrimineringskonvensjonen burde inkorporerast, men konkluderte med at dette ikkje burde gjerast på det tidspunktet, sjå NOU 1993:18 Lovgivning om menneskerettigheter s. 132. Regjeringa var einig med utvalet og fleirtalet av høyringsinstansane, som meinte at ein burde avgrense seg til å inkorporere dei tre såkalla hovudkonvensjonane (den europeiske menneskerettskonvensjonen, den internasjonale konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar og den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar) med protokollar, sjå Ot.prp. nr. 3 (1998–99) s. 30–31.

2.2 Uttalene frå justiskomiteen sitt fleirtal i Innst. O. nr. 51 (1998–99)

Under handsaminga i Stortinget meinte fleirtalet i justiskomiteen at også FNs barne­konvensjon og kvinnediskrimineringskonvensjonen burde inkorporerast i menneskerettsloven, sjå Innst. O. nr. 51 (1998–99). Fleirtalet gjorde likevel ikkje fram­legg om å føye desse to konvensjonane til lista over konvensjonane i lov­forslaget, men bad regjeringa komme tilbake med forslag om inkorporering. Barne­konvensjonen blei inkorporert i menneskerettsloven ved lov 1. august 2003 nr. 86.

2.3 Inkorporeringa av kvinne­diskrimineringskonvensjonen i like­stillingsloven og rase­­diskrimineringskonvensjonen i diskrimineringsloven, uttalene i Innst. O. nr. 70 (2004-2005) og oppmodingsvedtak nr. 344 (2004–2005)

Ved lov 10. juni 2005 nr. 38 blei kvinnediskrimineringskonvensjonen med til­leggs­protokoll inkorporert i norsk lov gjennom § 1 b i likestillingsloven. Til­svarande blei FNs internasjonale konvensjon 21. desember 1965 om avskaffing av alle former for rasediskriminering (rasediskrimineringskonven­sjonen) inkorporert i norsk lov gjennom diskrimineringsloven § 2 (lov 3. juni 2005 nr. 33). I motsetning til dei konvensjonane som er inkorporerte gjennom menneskerettsloven, er det ingen føresegner om forrang framfor anna lov for kvinnediskrimineringskonvensjonen og rasediskrimineringskonvensjonen, jf. menneskerettsloven § 3, som ikkje har noko motstykke i likestillingsloven eller diskrimi­nerings­loven.

I samband med stortingshandsaminga av forslaget til endring i likestillingsloven fremma Arbeidarpartiets, Sosialistisk Venstrepartis og Senterpartiets medlemmer i Justiskomiteen forslag om at Stortinget skulle be regjeringa inkorporere kvinnediskrimineringskonvensjonen i menneskerettsloven, jf. Innst. O. nr. 70 (2004–2005) s. 25. Eit breitt fleirtal i Stortinget samlar seg om følgjande vedtak, vedtak nr. 344, 12. mai 2005:

«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake på egnet måte etter behandlingen av stortingsmeldingen om Makt- og demokratiutredningen med vurdering av en eventuell inkorporering av FNs kvinnekonvensjon i menneskeretts­loven.»

2.4 Høyringa

Forslaget om å innlemme kvinnediskrimineringskonvensjonen i menneskerettsloven blei sendt på høyring 6. november 2008 til følgjande instansar:

  • Departementa

  • Sametinget

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Barneombodet

  • Datatilsynet

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Fylkesmennene

  • Fylkesnemndene for sosiale saker

  • Likestillings- og diskrimineringsnemnda

  • Likestillings- og diskriminerings­ombodet

  • NAV

  • Regjeringsadvokaten

  • Sivilombodsmannen

  • Statistisk sentralbyrå

  • Utlendingsdirektoratet

  • Domstoladministrasjonen

  • Høgsterett

  • Lagmannsrettane

  • Oslo tingrett

  • Asker og Bærum tingrett

  • Follo tingrett

  • Nedre Romerike tingrett

  • Øvre Romerike tingrett

  • Aglow – tverrkirkelig fellesskap for kvinner

  • Akademikerne

  • Aleneforeldreforeningen

  • Amnesty International

  • Antirasistisk senter

  • Arktisk urfolks kvinnenettverk

  • Bispedømmeråda

  • Delta Kappa Gamma Society International Norge

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Dommerforening

  • Den norske Helsingforskomité

  • Den norske kirkes presteforening

  • Den norske lægeforening

  • Det norske menneskerettighetshuset

  • Det Norske Nobelinstitutt

  • FFO – Funksjonshemmedes fellesorganisasjon

  • FIAN-Norge

  • FN-sambandet

  • FOKUS (Kompetanse- og ressurssenter i inter­nasjonale kvinnespørsmål)

  • Forening for kvinne- og kjønns­forskning i Norge

  • Foreningen 2 foreldre

  • Forskningsstiftelsen Fafo

  • Forum for barnekonvensjonen

  • Fredrikkes Hage

  • Frelsesarmeens kvinneorganisasjon

  • Funksjonshemmede Norske Kvinner (FUNK)

  • Human Rights service

  • Human-Etisk Forbund

  • Institutt for samfunnsforskning

  • Internasjonal Dugnad

  • Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet (IKFF)

  • International Commission of Jurists Norge

  • Islamsk Råd Norge

  • Jenter i Skogbruket

  • Juridisk rådgivning for kvinner

  • Juss-Buss

  • Jussformidlingen i Bergen

  • Jusshjelpa i Midt-Norge

  • Jusshjelpa i Tromsø

  • Kilden Informasjonssenter for kjønnsforskning

  • Kirkens familierådgivning

  • Kontaktutvalget mellom innvandrere og norske myndigheter (KIM)

  • Krise- og Rådgivningstelefonen For Menn

  • Kristne Friskolers Forbund

  • KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon)

  • Kvinnefronten i Norge

  • Kvinnegruppa Ottar

  • Kvinner på tvers c/o Fagforbundet Akershus

  • Kvinners Frivillige Beredskap (KFB)

  • Kvinneuniversitetet

  • Kvinneuniversitetet Nord

  • Kyrkjerådet

  • Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring

  • Landsforeningen Stiftelsen Rettferd for taperne

  • Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjoner

  • LO

  • Mannskomiteen 88

  • MIRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner

  • Mother Courage

  • Nettverk for kvinner med funksjons­hemming

  • NHO

  • Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforskning

  • Norges Bygdekvinnelag

  • Norges fiskarkvinnelag

  • Norges forskningsråd

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Juristforbund

  • Norges kvinne- og familieforbund

  • Norges kvinnesaksforening

  • Norges Lotteforbund

  • Norges Røde Kors

  • Norgesunionen av soroptimistklubber

  • Norsk Bonde- og småbrukarlags kvinneutvalg

  • NOAS

  • Norsk folkehjelp

  • Norsk helse- og sosiallederlag

  • Norsk innvandrerforum

  • Norsk Krisesenterforbund

  • Norsk kvinnelig teologforening

  • Norsk Lektorlag

  • Norsk Montessoriforbund

  • Norsk psykologforening

  • Norsk Senter For Barneforskning

  • Norsk senter for menneskerettigheter

  • Norsk Skolelederforbund

  • Norsk Sykepleierforbund

  • Norske kvinnelige akademikere

  • Norske kvinnelige juristers forening

  • Norske kvinners sanitetsforening

  • Norske Privatskolers Forbund

  • Norske reindriftssamers landsforbunds kvinneutvalg

  • NOVA

  • NUPI

  • Organisasjonen mot Offentlig Diskriminering (OMOD)

  • PRIO

  • Redd Barna

  • Reform – ressurssenter for menn

  • Rettspolitisk forening

  • Rådet for høgskoleutdanning i helse- og sosialfag

  • Samisk Kvinne Forum

  • Sarahkka – Samisk kvinneorganisasjon

  • Selvhjelp for innvandrere og flyktninger

  • Skolenes Landsforbund

  • Steinerskolane i Noreg

  • UNICEF-komiteen i Noreg

  • Utdanningsforbundet

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Tromsø

  • Universitetet i Trondheim

  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund

Høyringsfristen blei sett til 1. februar 2009. Følgjande instansar melde frå at dei ikkje hadde merknader til forslaget:

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Barne- og likestillingsdepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Kultur- og kirkedepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utenriksdepartementet

  • Høgsterett

  • Borgarting lagmannsrett

  • Barneombodet

  • Datatilsynet

  • Domstoladministrasjonen

  • Statistisk sentralbyrå

  • NHO

  • Redd Barna

Departementet mottok høyringsfråsegner med merknader til innhaldet frå følgjande instansar:

  • Finansdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Sametinget

  • Regjeringsadvokaten

  • Utlendingsdirektoratet

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Avdeling for kvinnerett, Universitetet i Oslo

  • Care

  • Delta Kappa Gamma

  • FOKUS – Forum for kvinner og utviklingsspørsmål

  • Fredrikstad kvinnesaksforening

  • JURK – juridisk rådgivning for kvinner

  • Juss-Buss

  • KUN senter for kunnskap og likestilling

  • Kvinnefronten

  • Kyrkjerådet

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Likestillings- og diskrimineringsnemnda

  • Likestillingssenteret

  • LO

  • Noregs kvinne- og familieforbund

  • Norgesunionen av Soroptimist International

  • Norske kvinners sanitetsforening

  • Norsk folkehjelp

  • Norsk kvinnesaksforening

  • Norsk psykologforening

  • Norsk senter for menneskerettigheter

  • Norsk sykepleierforbund

  • NOVA – Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring

  • Røde Kors

  • Senter for tverrfaglig kjønnsforskning, Universitetet i Oslo

  • Unio

  • Utdanningsforbundet

  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund

Alle høyringsinstansane som har uttalt seg, med unnatak av Regjeringsadvokaten, støttar forslaget om å inkorporere kvinnediskrimineringskonvensjonen i menneskerettsloven.

Til forsida