Ot.prp. nr. 93 (2008-2009)

Om lov om endringar i menneskerettsloven mv. (inkorporering av kvinnediskriminerings­konvensjonen)

Til innhaldsliste

5 Kvinnediskrimineringskonvensjonens status i dei nordiske landa

5.1 Generelt

Til liks med Noreg byggjer dei andre nordiske landa på det dualistiske prin­sippet når det gjeld forholdet mellom folkeretten og nasjonal rett. Traktatar har derfor ikkje direkte verknad i intern rett. Dei nordiske landa opererer vidare i hovudsak med dei same prinsippa når det gjeld folkerettens rolle i nasjonal rett: så langt det lèt seg gjere, tolkar ein den interne retten slik at han er i samsvar med folkerettslege skyldnader.

5.2 Danmark

Danmark inkorporerte den europeiske menneskerettskonvensjonen i dansk lov i 1992. Elles er ingen andre menneskerettskonvensjonar inkorporerte i dansk lov.

Det danske «inkorporeringsudvalget» la i 2001 fram utgreiinga «Inkorporering af menneskerettighedskonventioner i dansk ret», betænkning nr. 1407/ 2001. Utvalet foreslo at FNs konvensjon om sivile og politiske rettar, FNs rasediskrimi­neringskonvensjon og FNs torturkonvensjon skulle inkorporerast i dansk lov. Utvalet foreslo derimot ikkje å inkorporere FNs barnekonvensjon, FNs kvinne­diskrimineringskonvensjon og FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. I 2004 vedtok Folketinget likevel at ingen av FN-konvensjonane skulle inkorporerast i dansk lov.

5.3 Sverige

Sverige har inkorporert den europeiske menneskerettskonvensjonen i svensk lov ved lov nr. 1994: 1219, som tok til å gjelde 1. januar 1995. Konvensjonen har forrang framfor anna svensk lovgiving, men berre dersom motsetnaden mellom den europeiske menneskerettskonvensjonen og anna lovgiving er openberr.

Det utvalet som førebudde lova, grunngav valet om berre å inkorporere denne konvensjonen med at han står i ei særstilling i forhold til andre konvensjonar. Utvalet viste til at den europeiske menneskerettskonvensjonen er utprega juridisk, og at han gir materielle rettar som kan prøvast for ein domstol. Vidare eignar han seg godt for direkte bruk i intern rett, fordi føresegnene i konvensjonen er blitt konkretiserte gjennom praksisen i Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Sverige har ingen planar om å inkorporere kvinnediskrimineringskonvensjonen eller dei andre FN-konvensjonane.

5.4 Finland

I Finland er det vanleg at alle internasjonale konvensjonar av ei viss rekkjevidd blir inkorporerte i finsk lov, anten gjennom eit lovvedtak av Riksdagen eller gjennom ei kunngjering frå presidenten. Kvinnediskrimineringskonvensjonen er inkorporert ved lovvedtak, til liks med den europeiske menneskerettskonven­sjonen, FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, FNs torturkonvensjon og FNs barnekonvensjon. FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar og FNs rasediskrimineringskonvensjon er inkorporerte ved kunngjering.

Kvinnediskrimineringskonvensjonen gjeld dermed som finsk lov, men er ikkje gitt forrang framfor anna lovgiving. Dersom det skulle oppstå motstrid mellom kvinnediskrimineringskonvensjonen og anna finsk lovgiving, vil denne måtte løysast ut frå alminnelege tolkingsprinsipp.

5.5 Island

Island har inkorporert den europeiske menneskerettskonvensjonen ved lov nr. 62: 1994. Island har ikkje inkorporert andre menneskerettskonvensjonar, heller ikkje kvinnediskrimineringskonvensjonen.

Til forsida