Ot.prp. nr. 93 (2008-2009)

Om lov om endringar i menneskerettsloven mv. (inkorporering av kvinnediskriminerings­konvensjonen)

Til innhaldsliste

3 Kort oversikt over kvinnediskrimineringskonvensjonen

Kvinnediskrimineringskonvensjonen blei vedteken av FNs generalforsamling 18. desember 1979 og ratifisert av Noreg 21. mai 1981. Konvensjonen tok til å gjelde 3. september 1981. I samband med at Regjeringa bad om Stortingets sam­tykke til ratifikasjon, blei det i St.prp. nr. 72 (1980–81) lagt til grunn at norsk rett samsvarte med dei skyldnadene landet har etter konvensjonen, og at det ikkje var nødvendig med lovendringar. Konvensjonen blei derfor ikkje aktivt innar­beidd i norsk lovverk.

FNs generalforsamling vedtok 6. oktober 1999 ein valfri tilleggsprotokoll til kvinnediskrimineringskonvensjonen. Protokollen etablerer ei individklageordning, og han tok til å gjelde 22. desember 2000. Noreg ratifiserte protokollen 5. mars 2002.

Per 26. februar 2009 hadde konvensjonen 185 statspartar. Dette gjer han til ein av menneskerettskonvensjonane med breiast oppslutning. Per 26. februar 2009 var tilleggsprotokollen ratifisert av 90 statar.

Kvinnediskrimineringskonvensjonen med tilleggsprotokoll blei i 2005 inkor­porert i norsk lov gjennom likestillingsloven § 1 b. Konvensjonen gjeld derfor som norsk lov. Samtidig blei det gjort visse lovendringar for å tilpasse norsk lov til konvensjonen, blant anna ei endring i ekteskapsloven og diskriminerings­ombuds­loven (sjå punkt 3.3.2).

Dei materielle føresegnene i kvinnediskrimineringskonvensjonen er i stor grad utforma som handlingsplikter for statane, der statane skal setje inn «alle nødvendige tiltak» for å avskaffe diskriminering av kvinner på ulike område. Kva skyldnader statane har, er generelt og delvis vagt formulert. I motsetning til for eksempel den norske likestillingsloven § 3, som har eit nøytralt utforma diskrimi­neringsforbod, gjeld konvensjonen berre diskriminering av kvinner. Konven­sjonen vernar såleis ikkje mot diskriminering av menn.

I del I i konvensjonen er først omgrepet kvinnediskriminering definert slik det skal leggjast til grunn i konvensjonen, jf. artikkel 1. I artikkel 2 og 3 følgjer generelle reglar om at statane har plikt til å ta inn prinsippet om likestilling mellom menn og kvinner i den nasjonale lovgivinga og setje inn nødvendige tiltak for å forby og hindre diskriminering av kvinner. Artikkel 4 slår fast at mellombels særtiltak for å fremme faktisk likestilling mellom kjønna ikkje skal reknast som diskriminering. Artikkel 5 pålegg statane å setje i verk tiltak for å avskaffe fordommar og praksis som byggjer på stereotype manns- og kvinne­roller eller på førestellinga om at eitt av kjønna er mindre verdt enn det andre. Artikkel 6 pålegg statane å setje inn nødvendige tiltak for å motarbeide handel med kvinner og utnytting av kvinner i prostitusjon.

Del II i konvensjonen gjeld dei rettane kvinner har i det politiske og offentlege livet, retten til å representere regjeringa på internasjonalt nivå og like rettar til statsborgarskap (artikkel 7–9). Del III inneheld føresegner som skal sikre kvinner likestilling når det gjeld økonomiske og sosiale rettar, som retten til utdanning og deltaking i arbeidslivet og retten til helse (artikkel 10–13). Del IV dreier seg om likestilling på det privatrettslege området, inkludert ei plikt for statane til å stille menn og kvinner likt overfor lova og til å gi kvinner same rett til å inngå avtalar og forvalte eigedom (artikkel 15), og ei plikt til å setje inn nødvendige tiltak for å avskaffe diskriminering av kvinner i saker som gjeld ekteskap og familieforhold (artikkel 16).

Del V handlar om overvakingssystemet for konvensjonen. Konvensjonen etablerer ein komité – kvinnediskrimineringskomiteen – som skal føre tilsyn med at partane oppfyller pliktene sine etter konvensjonen. Etter artikkel 18 skal statane jamleg rapportere til komiteen om dei tiltaka som er trefte for å sikre gjennomføringa av konvensjonsrettane.

Kvinnediskrimineringskomiteen har utarbeidd generelle tilrådingar («general recommendations») til statane i tilknyting til ein del av føresegnene i konven­sjonen eller om generelle tema som er viktige for kvinners rettar. Så langt har komiteen utarbeidd 25 slike generelle tilrådingar.

Etter vedtakinga av den valfrie tilleggsprotokollen har komiteen også kompe­tanse til å handsame individklager. Komiteen har så langt avgjort ti slike saker. Av desse er tre klager avviste på det grunnlaget at ikkje alle nasjonale retts­middel har vore prøvde. Av dei andre fem sakene som er publiserte, har klagaren fått medhald i fire saker og den innklaga staten i den siste. Tre av sakene dreier seg om vald i heimen, ei gjeld sterilisering av ei kvinne frå romfolket i Ungarn, mens den siste, der det ikkje blei konstatert brot på konvensjonen, gjeld forsikringsutbetaling i samband med fødselspermisjon.

Til forsida