Ot.prp. nr. 93 (2008-2009)

Om lov om endringar i menneskerettsloven mv. (inkorporering av kvinnediskriminerings­konvensjonen)

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Noreg er folkerettsleg forplikta til å oppfylle FNs kvinnediskriminerings­konvensjon, og konvensjonen er allereie inkorporert i norsk lov gjennom likestillingsloven. Det må leggjast til grunn at norsk lovgiving er i samsvar med krava i konvensjonen. Inkorporasjon gjennom menneskerettsloven med forrang framfor annan norsk lov medfører venteleg ikkje nokon større økonomiske eller administrative konsekvensar. Rettssaker der internasjonale rettskjelder står sentralt, blir gjerne større, dyrare og noko mindre føreseielege enn elles. Det er likevel ikkje noko som tilseier at denne effekten blir sterkare ved å overføre KDK til menneskerettsloven. Eventuelle meirutgifter vil bli dekte innanfor dei ordinære budsjettrammene.

Til forsida