Ot.prp. nr. 94 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova og alkohollova

Til innhaldsliste

2 Auke i talet på dagar med omsorgspengar for familiar med fleire kronisk sjuke eller funksjonshemma barn – folketrygdlova § 9-6 andre ledd

2.1 Innleiing

For at foreldre lettare skal kunne kombinere yrkesaktivitet og omsorg for fleire funksjonshemma barn foreslår departementet at retten til omsorgspengar for foreldre med fleire kronisk sjuke eller funksjonshemma barn blir utvida slik at kvar av foreldra får 10 stønadsdagar ekstra for kvart kronisk sjukt eller funksjonshemma barn ut over eitt barn.

2.2 Bakgrunn

Foreldre som får barn med nedsett funksjonsevne skal få tilstrekkeleg hjelp frå det offentlege for å kunne meistre ein vanskeleg livssituasjon og kunne fungere i arbeidslivet på lik linje med andre. Foreldre med fleire kronisk sjuke eller funksjonshemma barn har behov for fleire dagar med omsorgspengar for å ta seg av barna når dei er sjuke. Dette har vore peika på både av brukarorganisasjonar og trygdeetaten.

2.3 Gjeldande rett

Ein arbeidstakar med omsorg for barn kan få omsorgspengar i opptil 10 dagar ved barnets sjukdom til og med kalenderåret barnet fyller 12 år. Foreldre med tre eller fleire barn får 15 dagar kvar. Foreldre som er aleine om omsorga har rett til 20 dagar for opp til to barn og 30 dagar frå og med tre barn.

Foreldre med kronisk sjuke eller funksjonshemma barn kan få omsorgspengar med 20 dagar til kvar av foreldra til og med det året barnet fyller 18 år. Talet er 20 dagar for kvar av foreldra uavhengig av kor mange funksjonshemma eller funksjonsfriske barn dei har omsorg for. Foreldre som er aleine om omsorga har rett til 40 dagar med omsorgspengar. For å få utvida rett til fleire stønadsdagar, må trygdekontoret godkjenne at barnet er kronisk sjukt eller funksjonshemma. Arbeidsgivaren betalar dei første 10 dagane med omsorgspengar til kvar av foreldra. Omsorgspengar utover 10 dagar betalar trygda.

2.4 Departementet si vurdering og forslag

I dag tas det ikkje omsyn til kor mange kronisk sjuke eller funksjonshemma barn ein arbeidstakar har omsorg for. Ein familie kan ikkje få omsorgspengar for meir enn maksimalt 40 dagar totalt (samla for to foreldre eller for einsleg forelder). Med andre ord får familiar med tre eller fleire barn samla berre 10 dagar ekstra om eitt eller fleire av barna er kronisk sjuke eller funksjonshemma.

Tabell 2.1 viser at dagens reglar ikkje tar omsut til familiar med fleire sjuke eller funksjonshemma barn, da talet på dagar med omsorgspengar maksimalt er 40 dagar.

Tabell 2.1 Stønadsdagar med omsorgspengar ved barns sjukdom etter dagens reglar. Per arbeidstakar/per foreldrepar eller per einsleg forelder.

Barn totaltBarn med kronisk sjukdom/ funksjonshemming
0123
110/2020/40
210/2020/4020/40
315/3020/4020/4020/40

Departementet ønskjer endringar for betre å dekkje behovet for omsorgspengar til familiar med fleire kronisk sjuke eller funksjonshemma barn, da omsorga for desse barna ofte fører til behov for fleire stønadsdagar enn det som er mogeleg i dag.

Departementet foreslår derfor å endre ordninga slik at ho blir utvida med 10 stønadsdagar per forelder for kvart kronisk sjukt eller funksjonshemma barn i tillegg til det dei har krav på ut frå kor mange barn dei har (10 eller 15 dagar per forelder).

Foreldre som har eitt kronisk sjukt eller funksjonshemma barn får same rett som i dag, til saman 40 dagar. Foreldre med 2 friske og eitt funksjonshemma barn vil få til saman 50 dagar, og foreldre med 2 funksjonshemma barn vil få 60 dagar.

Tabell 2.2 viser at endringa inneber at kvart kronisk sjukt eller funksjonshemma barn vil utløyse fleire dagar med omsorgspengar. Skjemaet viser berre opp til tre kronisk sjuke eller funksjonshemma barn, men talet på dagar med omsorgspengar vil auke dersom det er fleire.

Tabell 2.2 Stønadsdagar med omsorgspengar etter endringa. Per arbeidstakar/per foreldrepar eller per einsleg forelder.

Barn totaltBarn med kronisk sjukdom/ funksjonshemming
0123
110/2020/40
210/2020/4030/60
315/3025/5035/7045/90

2.5 Ot.prp. nr. 49 (2004-2005) – arbeids­miljølova

I Ot.prp. nr. 49 (2004–2005) om lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) er det lagt fram forslag i § 12-9 om barns- og barnepassers sjukdom, at arbeidstakar i alle tilfelle har rett til permisjon når det blir ytt omsorgspengar, pleiepengar eller opplæringspengar frå folketrygda.

Forslaget i arbeidsmiljølova vil sikre rett til permisjon i samsvar med endringa om utvida rett til omsorgspenger.

2.6 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovendringa er foreslått å tre i kraft 1. juli 2005. Meirutgiftene for folketrygda er rekna til omlag 0,5 mill. kroner i 2005 og 1 mill. kroner på årsbasis. Administrative konsekvensar vil vere små.

Til forsida