Ot.prp. nr. 94 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova og alkohollova

Til innhaldsliste

4 Avgiftsfritt sal ved innkomst til flyplassar frå utlandet – alkohollova § 3-1 første og andre ledd og § 3-3

4.1 Innleiing

Departementet foreslår endringar i alkohollova som, saman med dei endringar som blei gjort i samband med budsjetthandsaminga for 2005, vil opna for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet.

4.2 Bakgrunn

I samband med budsjettframlegget for 2005 og handsaminga av dette blei det vedteke å opna for avgiftsfritt sal ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet. Sjå St.prp. nr. 1 (2004–2005) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, Ot.prp. nr. 1 (2004–2005) Skatte- og avgiftsopplegget 2005 – lovendringer, B.innst. S. nr. 1 (2004–2005) og Innst. O. nr. 10 (2004–2005) for nærare informasjon om bakgrunnen for saka.

I budsjettdokumenta varsla regjeringa at det stod att nødvendige avklaringar knytt til lovverket før ordninga kunne bli sett i kraft. Regjeringa legg her fram forslag til lovendringar i alkohollova. Desse lovendringane vil, saman med dei regelendringar som blei gjort i samband med budsjettframlegget for 2005 og handsaminga av dette, opna for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet.

4.3 Departementet si vurdering og forslag

4.3.1 Avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst – behov for endringar i alkohollova

I lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk mv. (alkohollova) § 1-2 første ledd heiter det at lova gjeld for ”innførsel til, utførsel fra, og omsetning av alkoholholdig drikk i Norge”. Dette inneber at avgiftsfritt sal på norske flyplassar i utgangspunktet er omfatta av reglane i alkohollova. Kapittel 3 i alkohollova inneheld reglar om at sal av alkoholhaldig drikk i Noreg krev løyve. Allereie i dag gjeld eit unntak frå dette: Det gjeld ikkje noko krav om løyve ved avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved utreise frå norske flyplassar. Avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar er derimot omfatta av kravet om løyve.

Vedtaket om å opna for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar krev derfor, viss ordninga skal gjelda på dei same premissane som det avgiftsfrie salet som i dag fins for personar som skal reisa ut frå Noreg frå norske flyplassar, at det blir gjort endringar i alkohollova.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår her å endra alkohollova slik at avgiftsfritt sal ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet blir unntatt plikta til løyve etter alkohollova.

Departementet foreslår at retten til slikt sal i staden blir knytt til tillating frå toll- og avgiftsetaten. Dette tilsvarer det unntaket og den ordninga som gjeld for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved utreise frå norske flyplassar til utlandet. Departementet legg til grunn at slike tillatingar, på same måte som dei tillatingane som i dag fins for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved utreise frå flyplassar i Noreg, berre skal gi rett til å selja den avgiftsfrie kvota.

Når det gjeld ordninga i dag for avgiftsfritt sal ved utreise, er det fast praksis for at tillating til slikt sal ikkje kan omfatta sal til personar som skal til Svalbard. Då det ikkje er tillete å oppbevara alkoholhaldig drikk på installasjonar i Nordsjøen etc., skjer det heller ikkje avgiftsfritt sal til personar som er på vei til slike installasjonar. Den nye ordninga med avgiftsfritt sal ved innkomst er meint å spegla ordninga for avgiftsfritt sal ved utreise. Departementet foreslår å presisera i lova at ordninga skal avgrensast mot reisande som kjem frå og skal til Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen. Dette inneber at det ikkje vil vera høve til å gi tillatingar til avgiftsfritt sal til personar som kjem frå eller skal til Svalbard, Jan Mayen og installasjonar på kontinentalsokkelen.

Sjå utkast til endringar i § 3-1 i alkohollova og utkast til ny § 3-3 i alkohollova.

Departementet har også vurdert unntaket for løyveplikta i eit EØS-perspektiv. Ein vil kunne bli møtt med påstandar om at ei utviding av dagens ordning for avgiftsfritt sal står i motsetnad til dei viktige helse- og sosialpolitiske omsyn som ligg til grunn for monopolordninga, og som er grunnlaget for at denne ordninga kan halda fram under EØS-avtalen. Det vil då kunne framhaldast at endringane på sikt vil føre til press på monopolordninga.

Departementet meiner at det ikkje vil vera hald i ein slik argumentasjon. Forslaget til unntak frå løyveplikta inneber ikkje noko prinsipiell endring i den eineretten som Vinmonopolet har i dag til sal av drikk som inneheld meir enn 4,7 volumprosent alkohol i Noreg. Særskilt vil departementet peika på dei klare avgrensingane som ligg til grunn for endringa. Det skjer ikkje noko utviding av det høve som ein alt i dag har til å ta ei avgrensa tollfri kvote inn i norsk tollområde. Ein vil framleis ha dagens kvoter og krav til reisefråvær utanfor Riket.

4.3.2 Finansdepartementet sine reglar om avgifter o.a.

På toll- og avgiftsområdet har Stortinget vedteke lov- og vedtaksendringar som gir høve til avgiftsfritt sal ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet, jf. B.innst. S. nr. 1 (2004–2005) og Innst. O. nr. 10 (2004–2005). Sjå tolltariffen innleiande reglar § 24 nr. 1 bokstav d nytt andre punktum og lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift (meirverdiavgiftslova) § 16 første ledd ny nr. 15.

Stortinget sine vedtak inneber ikkje endringar i den toll- og avgiftsfrie kvota. Dei avgiftsfrie utsala vil framleis ikkje ha rett til å selja meir enn kvota, og toll- og avgiftsetaten sin kontroll vil bli oppretthalden som tidlegare.

I medhald av tolltariffen § 24 nr. 1 bokstav d andre punktum kan toll- og avgiftsetaten avgjera om og i kva omfang det kan seljast varer frå avgiftsfritt utsal til reisande ved innkomst til norske flyplassar og som oppfyller vilkåra for toll- og avgiftsfritak, jf. tolltariffen § 11 nr. 10. Etter stortingsvedtaka om særavgift på mellom anna alkohol, tobakkvarer og sjokolade- og sukkervarer gjeld dei innleiande reglane i tolltariffen § 24 nr. 1 tilsvarande.

Meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 15 fastset at det ikkje skal svarast meirverdiavgift av omsetnad av alkoholhaldig drikk, tobakksvarer, sjokolade- og sukkervarer, parfymer, kosmetikk og toalettpreparatar i transitthall ved flyplass.

Tillating til avgiftsfritt sal på flyplass blir gitt av toll- og avgiftsetaten i form av løyve til tollager C, jf. føresegn 15. desember 1967 nr. 8962 til lov 10. juni 1966 nr. 5 om toll (tollova) punkt 7.5. Slike løyve kan gis på nærare vilkår, jf. tollova § 48. Slike vilkår kan til dømes vera krav til kor butikklokale blir plasserte og korleis dei blir utforma.

Føresegn 10. januar 2003 nr. 32 om toll- og avgiftsfri innførsel og forenklet fortolling av reisegods (reisegodsføresegna) er vedteke i medhald av dei innleiande reglane i tolltariffen § 11 nr. 10. Reisegodsføresegna fastset mellom anna den toll- og avgiftsfrie kvota som vil gjelda tilsvarande for varer kjøpt avgiftsfritt ved innkomst.

Det vil og bli vedteke endringar i toll- og avgiftsregelverket som presiserer at reisande frå Svalbard, Jan Mayen eller installasjonar på kontinentalsokkelen ikkje vil ha rett til å handla avgiftsfrie varer ved innkomst. Dette er i samsvar med gjeldande praksis ved utreise. Dei nye reglane vil ikkje gi rett til forenkla fortolling av avgiftsfrie varer kjøpt ved innkomst. Dei nye reglane vil dels bli fastsette i reisegodsføresegna og dels som vilkår i tollagerløyva. Det presiserast at det ikkje blir endringar når det gjeld den tollfrie kvota som reisande kan ta med seg frå Svalbard.

Departementet viser og til omtale av saka i St.meld. nr. 2 (2004–2005) om revidert budsjett for 2005.

4.3.3 Særskilt om avgiftsfritt sal ved utreise frå norske flyplassar

Som nemnd i punkt 4.3.1, er hovudregelen at sal av alkoholhaldig drikk i Noreg krev løyve. Unntatt frå dette er allereie i dag avgiftsfritt sal ved utreise frå Noreg. Unntaket er ikkje omtvista, men bør få ein klarare lovheimel. Regelen er i dag vanskeleg tilgjengeleg då det ikkje er lett å forstå korleis regelverket heng saman utan å konsultera forarbeida til alkohollova.

Av pedagogiske grunner foreslår Arbeids- og sosialdepartementet derfor at dagens unntak for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved utreise lovfestast på tilsvarande måte som det nye unntaket for avgiftsfritt sal ved innkomst til norske flyplassar, jf. punkt 4.3.1 og forslaget til endringar i alkohollova § 3-1 og ny § 3-3. Forslaget inneber ikkje realitetsendringar.

4.3.4 Generelt om tilknytinga til alkohollova

Arbeids- og sosialdepartementet vil presisera at forslaget om at avgiftsfritt sal ved innkomst til norske flyplassar frå utland ikkje skal omfattast av løyveplikta etter alkohollova kapittel 3, ikkje inneber noko generelt unntak frå alkohollova for slikt sal.

Forslaget inneber unntak frå dei av reglane i alkohollova som er knytt til løyve til sal av alkoholhaldig drikk. Til dømes vil ikkje reglane i §§ 1-7b Krav til bevillingshaver og andre personer, 1-7c Styrer og stedfortreder, 3-7 Tidsinnskrenkninger for salg og utlevering av øl (opningstidene) gjelda for dei tillatingar toll- og avgiftsetaten gir til slikt sal. Dette fordi desse reglane er kopla til løyve etter alkohollova kapittel 3 til sal av alkoholhaldig drikk, og ikkje til tillatingar frå toll- og avgiftsetaten.

På den andre sida vil dei andre (generelle) reglane i alkohollova gjelda for dette salet. At det blir gjort unntak frå løyveplikta for avgiftsfritt sal ved utreise frå og innkomst til norske flyplassar frå utlandet, inneber altså ikkje at alkohollova ikkje gjeld slikt sal. Alkohollova gjeld all omsetnad og såleis alt sal i Noreg. Dei reglane i alkohollova som ikkje er knytt konkret opp mot løyveordningane, vil derfor gjelda i tilknyting til tillating gitt av toll- og avgiftsetaten. Til dømes gjeld forboda mot reklame for alkoholhaldig drikk og mot å dela ut alkoholhaldig drikk med marknadsføring som siktemål fullt ut på norske flyplassar, medrekna i transittområde og i utsal der tillating til sal er gitt av toll- og avgiftsetaten. Slik er det i dag for utsal som sel avgiftsfrie produkt til personar som skal reise ut frå Noreg, og slik vil det og vera for den nye ordninga med avgiftsfritt sal til personar som kjem til norske flyplassar frå utlandet. Det skal og presiserast at unntaket gjeld reglane om løyve til sal av alkoholhaldig drikk, og ikkje reglane om løyve til skjenking av alkoholhaldig drikk. Med andre ord vil det framleis vera krav om kommunalt løyve til skjenking av alkoholhaldig drikk for verksemder som ynskjer å servera alkoholhaldig drikk til reisande som oppheld seg på norske flyplassar på veg til eller frå Noreg.

4.4 Iverksetjing og overgangsreglar. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at lova skal gjelda frå den tid Kongen fastset, og at Kongen kan setja i kraft dei enkelte delane av lova til ulik tid. Departementet vil arbeida for at lova skal kunna setjast i kraft 1. juli 2005.

Departementet foreslår vidare at Kongen kan fastsetja nærare overgangsreglar.

Som nemnd i Revidert nasjonalbudsjett for 2004 og i St.prp. nr. 1 (2004–2005) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kan forslaget om sal av avgiftsfrie varer ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet medverka til ei noko auka import av avgiftsfrie kvoter. Dette kan medføra ei noko lågare innanlandsk omsetnad av varer, til dømes alkoholhaldig drikk og tobakk, som det er lagt avgifter på i Noreg. Denne verknaden er truleg liten, slik at dei samla provenyverknadene av forslaget er små.

For toll- og avgiftsetaten vil ordninga kunna føra til noko auke i ressursbehovet knytt til kontroll. Det er sannsynleg at dei økonomiske og administrative konsekvensane vil bli minimale for toll- og avgiftsetaten, og at dei kan dekkast innafor den eksisterande budsjettramma.

Til forsida