Ot.prp. nr. 94 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova og alkohollova

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovforslaget

7.1 Endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd

Til § 9-6

Regelen gjeld tal på dagar med omsorgspengar ved barns sjukdom. Endringa inneber at foreldre med fleire kronisk sjuke eller funksjonshemma barn får utvida talet på dagar med omsorgspengar i høve til kor mange barn dei har som er kronisk sjuke eller funksjonshemma.

7.2 Endring i lov 17. desember 2004 nr. 85 om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover

I IV nr. 2 er iverksetjingstidspunktet for innføring av delansvar for arbeidsgivar for sjukepengar i trygdeperioden satt til 1. juli 2005. Ein foreslår at iverksetjingstidspunktet for lovvedtaket skal fastsetjast ved særskilt lov.

7.3 Endringar i lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk mv.

Til § 1-2

Heimelen til å gi føresegner om samanhengen mellom alkohollova og Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen presiserast, slik at det går klart fram at heimelen omfattar både å gi føresegner om i kva grad reglane i alkohollova skal gjelda på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen og å gi føresegner om kva eventuelle særlege reglar som, grunna forholda på staden, skal gjelda for omsetnad her.

Til § 1-7b

Forslaget er identisk med forslaget i Ot.prp. nr. 86 (2003–2004). Sjå denne proposisjonen, samt dei generelle merknadene i punkt 6 i proposisjonen her.

Til § 3-1

Første og andre ledd inneheld reglane om kven som kan selja alkoholhaldig drikk. Første ledd slår fast at sal av alkoholhaldig drikk med høgare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent berre kan skje frå AS Vinmonopolet sine utsal med kommunalt løyve. Andre ledd slår fast at sal av annan alkoholhaldig drikk berre kan skje frå utsal som har kommunalt løyve til slikt sal. Begge ledd får eit tillegg om at sal av alkoholhaldig drikk og kan skje på grunnlag av tillating som nemnd i § 3-3, dvs. tillating til avgiftsfritt sal gitt av toll- og avgiftsetaten. Sjå og merknadene til § 3-3.

Til § 3-3

I første ledd blir gjeldande rett om at tillating til avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved utreise frå norske flyplassar kan gis av toll- og avgiftsetaten presisert. I tillegg inneheld leddet den nye regelen om at tillating til avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar frå utland kan gis av toll- og avgiftsetaten. Det presiserast vidare at tillating til avgiftsfritt sal ikkje kan gis for sal til personar på reise til eller frå Svalbard, Jan Mayen og installasjonar på kontinentalsokkelen.

I andre ledd blir det presisert at regelen i § 3-1 sjette ledd, om at det berre kan seljast alkoholhaldig drikk som er levert av ein som har ein av dei nærare presiserte løyve eller tillatingar, gjeld tilsvarande for avgiftsfritt sal etter tillating frå toll- og avgiftsetaten etter første ledd.

Til forsida