Ot.prp. nr. 94 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova og alkohollova

Til innhaldsliste

5 Alkohollovas verkeområde – presisering – alkohollova § 1-2

Arbeids- og sosialdepartementet vil visa til at alkohollova § 1-2 lyder som følgjer:

”Loven får anvendelse på innførsel til, utførsel fra, og omsetning av alkoholholdig drikk i Norge.

Departementet kan gi forskrifter om lovens anvendelse på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen.”

Som varsla i høyringsbrev av 1. mars 2005, tar departementet sikte på å senda på høyring forslag om revisjon av føresegn 11. desember 1998 nr. 1300 om alkoholordningen for Svalbard. Tilsvarande gjeld føresegn 11. desember 2000 nr. 1543 om alkoholordningen for Jan Mayen.

I samband med førebuingane til revisjonen av føresegnene ser departementet at heimelen i alkohollova § 1-2 er noko uheldig utforma. Etter andre ledd kan det gis føresegner om ”lovens anvendelse” på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen. For å sikra ein klar heimel foreslår departementet at heimelen blir presisert. Sjå utkast til endring av § 1-2.

Forslaget vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår at endringa skal gjelda frå den tid Kongen fastset. Departementet reknar med at endringa vil kunna setjast i kraft 1. juli 2005.

Til forsida