Ot.prp. nr. 94 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova og alkohollova

Til innhaldsliste

6 Retting – alkohollova § 1-7b

Arbeids- og sosialdepartementet vil visa til Ot.prp. nr. 86 (2003–2004), jf. Innst. O. nr. 19 (2004–2005), Besl. O. nr. 20 (2004–2005), jf. lov 17. desember 2004 nr. 86.

Ved ein inkurie er forslaget til ny ordlyd i alkohollova § 1-7b blitt endra i samband med trykking av Innst. O. nr. 19 (2004–2005). Dette inneber at det foreslåtte tredje ledd bokstav c er fallen ut og erstatta med det foreslåtte fjerde ledd, mens dei foreslåtte femte og sjette ledd er blitt fjerde og femte ledd. Endringa er vedteken, men ikkje treden i kraft. Det er ikkje noko haldepunkt i Innst. O. nr. 19 (2004–2005) som skulle tilseia at endringa er villa frå komiteen si side. Departementet legg derfor til grunn at endringa frå forslaget i Ot.prp. nr. 86 (2003–2004) ikkje er tilsikta.

Departementet foreslår derfor at alkohollova § 1-7b skal endrast i samsvar med det opphavlege forslaget i Ot.prp. nr. 86 (2003–2004).

Forslaget vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår at endringa skal gjelda frå den tid Kongen fastset. Departementet reknar med at endringa vil kunna setjast i kraft 1. juli 2005.

Til forsida