Ot.prp. nr. 94 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova og alkohollova

Til innhaldsliste

3 Iverksetjing av delansvar for arbeidsgivar for sjukepengar i trygdeperioden – lov 17. desember 2004 nr. 85 om endringar i folke-trygdlova og i enkelte andre lover IV nr. 2

3.1 Innleiing

Eit sentralt mål i Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv er å redusere sjukefråværet. Det er formulert eit operativt mål om å redusere sjukefråværet med minst 20 prosent for heile avtaleperioden i høve til nivået for sjukefråvær i 2. kvartal 2001. Ved framlegging av budsjettet for 2005 var det usikkert om nedgangen i sjukefråvær som blei registrert for andre kvartal 2004 skulle halda fram. Regjeringa meinte difor at arbeidet med å redusere langtidssjukefråværet måtte intensiverast, og fremma forslag om endringar i regelverket for sjukepengar.

Regjeringa foreslo at arbeidsgivaren får eit delansvar for sjukepengar på 10 prosent i heile sjukepengeperioden. Det blei foreslått at arbeidsgivarane får delvis kompensasjon for dette ved å redusere dagane i arbeidsgivarperioden frå 16 til 14 kalenderdagar. Det vert foreslått at skjermingsordninga for personar med kroniske sjukdomar blei utvida til også å gjelde delansvaret for arbeidsgivarane i perioden med sjukepengar frå trygda. Vidare blei det foreslått at forsikringsordninga for mindre bedrifter blei utvida til å dekkje delansvaret for arbeidsgivaren, og at forsikringa skal gjelde bedrifter med ei samla lønnsutbetaling opp til 80 gonger grunnbeløpet (i dag 40 gonger grunnbeløpet).

Grunngjevinga for endringane var å gjere det meir lønnsamt for bedriftene å motverke lange sjukefråvær. I den gjeldande ordninga ligg det ingen direkte økonomiske grunnar for arbeidsgjevar til å motverke fråvær utover arbeidsgivarperioden.

Som ein del av budsjettforliket i Stortinget ble lova vedtatt med iverksetjing frå 1. juli 2005. I avtalen mellom regjeringspartia og Fremskrittspartiet heiter det:

”Ikrafttredelse utsettes til 1. juli 2005. Partene vil be Regjeringen foreta en ny vurdering av forslaget, dersom det viser seg at fraværet går ned mer enn forventet.”

På grunn av den seinaste utvikinga i sjukefråværet blir det fremma forslag om ikkje å setje i verk dette lovvedtaket 1. juli 2005 som tidligare vedteke.

3.2 Utviklinga i sjukefråværet

Det samla sjukefråværet blei redusert frå 8,5 til 6,4 prosent frå 4. kvartal 2003 til 4. kvartal 2004. Det legemeldte sjukefråværet blei redusert frå 7,4 til 5,5 prosent, medan det eigenmeldte fråværet var 1,0 prosent i begge kvartaler. Den prosentvise nedgangen frå 4. kvartal 2003 til 4. kvartal 2004 var på nærare 25 prosent. Det er nedgang i sjukefråværet i alle næringar og i alle fylke. Statistikken viser at også langtidsfråvær over 12 veker går ned, og at langt færre bruker opp heile sjukepengeperioden.

Som ein konsekvens av det reduserte sjukefråværet blir det nå lagt til grunn ei reduksjon i folketrygdas utgifter til sjukepengar på nærare 3 mrd. kroner, sjå Stortingsproposisjon til Revidert nasjonalbudsjett for 2005.

Utgiftene til sjukepengar og omfanget av sjukefråværet er nå monaleg mindre enn det som var venta i samband med budsjettvedtaka for 2005. Sjukefråværsreduksjonen registrert dei siste 9 månadene kan truleg forklarast av endringane i regelverket for sjukepengar som blei innført frå 1. juli 2004, sjå Ot. prp. nr. 48 (2003–2004) og Innst. O. nr. 81 (2003–2004). Desse reglane stiller større krav til aktivitet både frå lege, arbeidstakar og arbeidsgivar. Så tidleg som mogleg i ein sjukmeldingsperiode, og seinast innan 8 veker, skal arbeidstakaren prøve seg i arbeidsretta aktivitet for å motverke unødvendig lange sjukefråvær.

Status i forhold til måloppnåing vil bli gjort opp i samband med evalueringa av IA-avtalen hausten 2005. Dette vil bli gjort både i forhold til utviklinga i sjukefråværet og i forhold til å tilsetje langt fleire arbeidstakarar med redusert funksjonsevne og å auke den reelle pensjoneringsalderen.

3.3 Vurdering og forslag

På bakgrunn av utviklinga i sjukefråværet i den seinare tida vil Regjeringa ikkje setje i verk dette lovvedtaket, men avvente mellom anna resultata av evalueringa av IA-avtalen. I etterkant av evalueringa vil regjeringa i samråd med partane i avtalen drøfte grunnlaget for det vidare samarbeid om eit meir inkluderande arbeidsliv.

Departementet foreslår å oppheve iverksetjingstidspunkt 1. juli 2005 og gjer framlegg om at iverksetjingstidspunktet for lovvedtaket om delansvar for arbeidsgivar for sjukepengar i trygde­perioden skal fastsetjast ved særskilt lov.

Til forsida