Ot.prp. nr. 99 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål (ankesum)

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

Etter tvistemålslova § 356 kan ein ikkje fremje anke til lagmannsretten utan samtykke frå retten når anken gjeld ein formuesverdi under kr. 20 000. For Høgsterett er det etter tvistemålslova § 357 eit tilsvarande krav om ankesum på minimum kr. 100 000. Reglane om ankesum gjeld ikkje når tvisten handlar om såkalla ikkje-økonomiske eller ideelle interesser.

Retten skal som regel berre samtykkje i at ankar under beløpsgrensa blir fremja når avgjerda har betydning utanfor den konkrete saka, eller når saka etter den ankande parten sine kår eller av andre grunnar har stor betydning for han, jf. tvistemålslova § 359 første ledd. Føresegna gjeld både for anke til lagmannsretten og til Høgsterett. Om retten skal samtykkje, avheng av ei konkret totalvurdering. Vilkåra er strenge, og i praksis er det ikkje lett å få samtykke.