Ot.prp. nr. 99 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål (ankesum)

Til innhaldsliste

5 Synspunkta frå høringsinstansane

5.1 Anke til lagmannsretten

Seks av høringsinstansane (Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, Den Norske Advokatforening, Hålogaland lagmannsrett, Agder lagmannsrett, LO og Tønsberg tingrett)meiner primært at ein bør vurdere framlegget om å heve ankesummen som ein del av den føreståande sivilprosessreforma med bakgrunn i Tvistemålsutvalet si utgreiing.

Berre tre høringsinstansar (Forbrukarrådet, Forbrukarombodet og LO)uttaler at dei er negative til sjølve framlegget om å heve ankesummen noko, samanlikna med den gjeldande grensa. Forbrukarrådet uttaler til dømes:

«Forbrukerrådet har forståelse for at det foreligger et behov om å heve ankesummen for anke til lagmannsretten. Forbrukerrådet mener imidlertid at en grense på 100 000,- kroner er alt for høy. Riktignok kan prosesskostnadene i mange tilfeller samlet sett komme opp i et slikt beløp, men dette kan etter Forbrukerrådets mening ikke være avgjørende for hvor grensen settes.»

Eit fleirtal blant høringsinstansane (Gulating lagmannsrett, Den Norske Dommerforening, Romsdal tingrett, Næringslivets Hovedorganisasjon, Frostating lagmannsrett, Borgarting lagmannsrett, Dommerforeningens utvalg for sivilprosess, Den Norske Advokatforening, Finansnæringens Hovedorganisasjon, Høgsterett, Tønsberg tingrett og Solør tingrett)er positive til å heve ankesummen for anke til lagmannsretten, sjølv om somme av dei meiner ein bør vente til den samla oppfølginga av utgreiinga om ny tvistelov. Når det gjeld kor mykje ein bør heve ankesummen, er høyringsinstansane ikkje samde.

Høgsterett, Solør tingrett, Finansnæringens Hovedorganisasjon og Den Norske Dommerforeningstøttar uttrykkeleg framlegget om å heve ankesummen til kr. 100 000. Borgarting lagmannsrettmeiner ankesummen bør vere 2 G. Gulating lagmannsrettskriv at om lagmannsrettane samstundes som at ankesummen blir heva, får høve til å sile ankar som klart ikkje vil føre fram, bør ankesummen vere kr. 50 000. Dersom det (førebels) ikkje blir gjort framlegg om siling, meiner Gulating lagmannsrett at ankesummen bør vere kr. 100 000.

Om lag halvparten av høringsinstansane meiner at ei grense på kr. 100 000 er for høg. Frostating lagmannsrettsynest kr. 75 000 er ei passande grense. Næringslivets Hovedorganisasjon og Oslo tingrettmeiner ein bør heve grensa til kr. 50 000. Tønsberg tingrett, Den Norske Advokatforening, Agder lagmannsrett og Hålogaland lagmannsrett,som alle primært meiner at ein bør vente med å følgje opp framlegget til oppfølginga av resten av utgreiinga om ny tvistelov, meiner subsidiært at om ein skal heve ankesummen no, bør han vere kr. 50 000. Agder lagmannsrett uttaler til dømes:

«Vi er uten videre enige i at någjeldende verdigrenser for anke til lagmannsrett og Høyesterett bør heves. Vi er imidlertid av den oppfatning at en hevning av ankesummen til kr. 100 000 for anke til lagmannsrett er for drastisk. Hvis det skal foretas en hevning av ankesummen nå, mener vi at verdigrensen for anke til lagmannsrett bør settes til kr. 50 000, slik førstelagmennene også gikk inn for i en rådgivende uttalelse til Tvistemålsutvalget av 15. mars 2001. Så får det bli et tema ved den senere behandling av NOU 2001:32 om det da - når spørsmålet om ankesum vurderes i sammenheng med andre endringer - anses riktig å forhøye beløpsgrensen ytterligere til for eksempel kr. 100 000.»

I høringsbrevet bad departementet også om synspunkt frå høringsinstansane på om ein bør knyte ankesummen til grunnbeløpet (G) i folketrygda eller til eit konkret beløp.

Få av høringsinstansane har uttalt seg om dette. Dei fleste ser ut til å gå ut frå at ankesummen framleis skal vere eit konkret beløp. Frostating lagmannsrettuttaler at ankesummen bør vere eit konkret kronebeløp, som i dag. Agder lagmannsrett og Hålogaland lagmannsrettskriv at dei ikkje har sterke synspunkt når det gjeld dette spørsmålet. Den Norske Advokatforening og Borgarting lagmannsrettmeiner ein bør knyte ankesummen til grunnbeløpet i folketrygda. Drammen tingrettmeiner ein bør knyte ankesummen til rettsgebyret, slik at ankesummen blir bestemt av rettsgebyret for det året ankefristen tar til å løpe.

5.2 Anke til Høgsterett

Når det gjeld heving av ankesummen for anke til Høgsterett, er desse instansane positive til forslaget: Næringslivets Hovedorganisasjon, Agder lagmannsrett, Hålogaland lagmannsrett, Frostating lagmannsrett, Finansnæringens Hovedorganisasjon, Tønsberg tingrett og Solør tingrett. Romsdal tingrett, Regjeringsadvokaten, Barne- og familiedepartementet og Drammen tingretthar ingen merknader til forslaget, medan Gulating lagmannsrett, Forbrukarombodet, og Borgarting lagmannsretthar ikkje sagt noko om dette. Dommerforeningens utvalg for sivilprosess, Forbrukarrådet, LO, Den Norske Advokatforening og Høgsteretter negative til å heve ankesummen til Høgsterett. Fleire av høringsinstansane ( Høgsterett, Advokatforeningen, Dommerforeningen og Forbrukarrådet)påpeiker at det ikkje er nødvendig å endre beløpsgrensa. Høgsterett sjølv uttaler:

«Derimot mener Høyesterett at det ikke er riktig å heve ankesumsgrensen for anker til Høyesterett. Konkrete saker om mindre formuesverdier vil stoppe i lagmannsrettene etter den ankesumsregel som er foreslått for anker fra tingrettene. Spørsmålet om anker til Høyesterett skal fremmes, bør ellers avgjøres etter den prinsipielle betydning saken har, og ikke etter det kronebeløp den gjelder. Konkrete saker som det ikke er grunn til at Høyesterett skal se på, vil kunne nektes fremmet etter tvistemålsloven § 373 tredje ledd, se særlig bestemmelsens nr. 4.»