Ot.prp. nr. 99 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål (ankesum)

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Ifølgje talmateriale som departementet har henta inn frå lagmannsrettane, vil ei heving av ankesummen til kr. 50 000 redusere talet på sivile saker der ein kan identifisere ankesummen med om lag 7,3 %. Reduksjonen i den totale mengda saker for lagmannsrettane vil bli ein lågare prosentdel, fordi straffesaker og sivile saker med ideell eller ikkje-økonomisk verdi utgjer ein betydeleg del av ankesakene.

Departementet understrekar at tala ikkje er absolutte eller sikre. Ein må sjå tala som overslag, ikkje som statistiske fakta.

For partar i sivile saker som handlar om formuesverdiar, inneber endringa ei tilsvarande avgrensing i høvet til å få overprøvd saker med ankesum under kr. 50 000.