Ot.prp. nr. 99 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål (ankesum)

Til innhaldsliste

6 Vurderingar frå departementet

6.1 Anke til lagmannsretten

Høringa har vist at om lag ein tredel av høringsinstansane meiner ein bør vurdere framlegget om å endre ankesummen saman med resten av utgreiinga om ny tvistelov. Samstundes er fleirtalet av høringsinstansane positive til å heve ankesummen samanlikna med i dag.

Departementet står fast i synet på at det bør vere eit rimeleg forhold mellom dei ressursane partane og samfunnet bruker på tvisten, og den økonomiske verdien av dei tvistane ressursane blir brukte på. Dessutan bør ein ta omsyn til den generelle prisauken, som er om lag 25 % sidan 1991, då ein sist heva ankesummen.

Om ein hevar ankesummen, vil det føre til ei viss avlastning for lagmannsrettane (sjå nærmare om dette i kapittel 7). Det vil innebere kortare saksbehandlingstid, noko som er til fordel for publikum.

Omsynet både til proporsjonalitet, til å redusere arbeidsbyrda til lagmannsrettane og til prisauken taler derfor for at ein bør heve ankesummen. Etter departementet si oppfatning er det formålstenleg å heve beløpsgrensa no, før behandlinga av dei andre framlegga i utgreiinga om ny tvistelov.

Når det gjeld spørsmålet om kor mykje ein bør heve ankesummen, har høringa vist at om lag halvparten av høringsinstansane meiner det er for drastisk å endre ankesummen for anke til lagmannsretten frå kr. 20 000 til kr. 100 000. Fleire høringsinstansar gjer framlegg om at grensa skal vere kr. 50 000. Departementet ser argumenta mot å femdoble ankesumgrensa. Departementet foreslår derfor at ein hevar beløpsgrensa til kr. 50 000 i første omgong. Om resultatet av vurderinga kan bli eit anna når ein vurderer heile utgreiinga om ny tvistelov, er eit ope spørsmål.

Etter departementet si oppfatning kan ein enklast tilpasse endringa til dei gjeldande reglane i tvistemålslova om ankesummen framleis er eit konkret kronebeløp. Departementet vil vurdere på ny om ein bør knyte ankesummen til grunnbeløpet i folketrygda når ein får ei heilt ny tvistelov, på bakgrunn av høringsfråsegna til utgreiinga frå Tvistemålsutvalet.

Dersom ein hevar ankesumgrensa frå kr. 20 000 til kr. 50 000, meiner departementet at det ikkje er nødvendig å endre reglane om samtykke til å fremje ankar under beløpsgrensa, jf. tvistemålslova § 359. Reglane inneheld skjønnsmessige kriterium for om retten skal samtykkje til å fremje ein anke i enkelte tilfelle. Departementet meiner at dei gjeldande reglane er tilstrekkeleg fleksible til å fange opp dei tilfella der overprøving er særskilt nødvendig i praksis.

6.2 Anke til Høgsterett

Når det gjeld ankesummen for anke til Høgsterett, sluttar departementet seg til dei synspunkta som fleire av høringsinstansane, mellom anna Høgsterett sjølv (sjå kapittel 5.2), kom med i høringa. Etter departementet si oppfatning er det likevel ikkje nødvendig å heve beløpsgrensa for anke til Høgsterett. Det høvet Høgsterett har etter tvistemålslova § 373 tredje ledd nr. 4 til å nekte anken fremja dersom verken den betydning avgjerda har utanfor den konkrete saka eller andre forhold gir grunn til at anken blir prøvd av Høgsterett, inneber ei tilstrekkeleg avgrensing. Når beløpsgrensa for anke til lagmannsretten blir heva til kr. 50 000, vil dessutan fleire saker om mindre økonomiske verdiar stanse i lagmannsrettane. Departementet gjer derfor ikkje framlegg om endringar i beløpsgrensa for anke til Høgsterett.