Prop. 108 S (2012–2013)

Nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen

Til innhaldsliste

2 Innleiing

2.1 Samfunnsmål for eit nybygg for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design vart etablert i 2003 og er ei samanslutning av dei tidligare institusjonane Nasjonalgalleriet, Kunstindustrimuseet i Oslo, Museet for samtidskunst, Norsk Arkitekturmuseum og Riksutstillingar. Den sistnemnde institusjonen kom med i 2005.

Målet med nybygget på Vestbanen er å skapa eit vitalt, nasjonalt forskings- og formidlingssenter for dei visuelle kunstartane. Nasjonalmuseet skal vera ein nyskapande møteplass der eit breitt samansett publikum skal oppleva og få kunnskap om dei visuelle kunstartane. Nybygget på Vestbanen skal markera Nasjonalmuseet som ein utstillings- og formidlingsarena på internasjonalt nivå.

Nasjonalmuseets samfunnsfunksjonar kan konkretiserast med omgrepa samfunnsminne og møtestad. For Nasjonalmuseet er samfunnsminnefunksjonen knytt til å byggja samlingar, bevara og dokumentera visuell kunst i brei meining: biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design. Vidare omfattar samfunnsminneoppgåvene forsking på og om visuell kunst og – ikkje minst – forvaltning, sikring og bevaring av dei samlingane som museet skaper over tid. Minnefunksjonen omfattar òg omfang av og kvalitet på bibliotek og dokumentasjonsarkiv. Samfunnsminneoppgåvene må gjennomførast på ein fagleg solid måte slik at Nasjonalmuseet kan presentera eit representativt bilete av visuell kunst, både i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Møtestadfunksjonane omfattar Nasjonalmuseets samhandlingsaktivitetar med ei samansett gruppe av brukarar – frå den generelt interesserte gjesten som går på utstillingar, foredrag eller konsertar, og til kunstnaren og forskaren som brukar bibliotek, samlingar og museets fagpersonale i sitt eige utviklingsarbeid. Møtestadfunksjonane omfattar museets kapasitet og evne til å formidla kunnskap om visuell kunst gjennom utstillingsprogram, andre aktivitetsprogram, pedagogisk verksemd og publikasjonar, både i analog og digital form. Eit nøkkelomgrep i museets møtestadfunksjon er å vera tilgjengeleg; det gjeld lokalisering i bybiletet og tilrettelegging av museumssamlingane, publikumstilbod og tenester.

Nybygget skal som ein samla heilskap stetta følgjande behov:

  • Minnefunksjonen: fleksible og føremålstenlege lokale som kan setja museet i stand til å sikra og bevara samlingane. Konkret er det snakk om magasinlokale for samlingane i tillegg til funksjonelle konserverings- og verkstadfasilitetar. Samstundes skal det leggjast til rette for ei målretta FoU-verksemd om visuell kunst.

  • Møtestadfunksjonen: funksjonelle og fleksible publikums- og utstillingslokale som gjer det mogeleg for museet å kunna stilla ut eit representativt utval av visuell kunst. Dei nye utstillings- og publikumsareala skal gjera det mogeleg for Nasjonalmuseet å visa større delar av museumssamlingane enn i dag.

Nybygget til Nasjonalmuseet skal gjera museet synleg i bybiletet og understreka at museet er ein viktig samfunnsinstitusjon. Det samla museumsanlegget skal ha eit arkitektonisk nivå som viser at Nasjonalmuseet er ein ambisiøs og kvalitetsmedviten institusjon. Nybygget skal utformast på ein måte som tek omsyn til og samspelar med dei freda stasjonsbygningane på Vestbanen, Oslo Rådhus og Rådhusplassen. Totalt sett skal nybygget vera eit museumsanlegg som vert lagt merke til, både nasjonalt og internasjonalt.

Innanfor eit samla bygningskompleks skal museet kunna formidla ulike sider ved den visuelle kunsten både i eit historisk perspektiv og i eit meir reindyrka samtidsperspektiv. For første gong vil museet vera i stand til å visa publikum dei lange historiske linene i det visuelle kunstfeltet, og det på ein måte som kan kombinera ulike delar av dei rike samlingane. Det vil i seg sjølv vera eit stort formidlingsframsteg.

I utgreiingsarbeidet som ligg til grunn for forprosjektet, har det vore definert ei rekkje effektmål som prosjektet skal svara på, m.a. følgjande punkt:

  • Nasjonalmuseet skal få bygningsmessige rammevilkår som legg til rette for eit aktivitets- og utstillingsnivå som gjer det mogeleg å auka publikumstalet frå ca. 500 000 til 750 000 årleg.

  • Nasjonalmuseet skal setjast i stand til å visa 10-15 pst. av dei faste samlingane, samstundes som museet kan tilby publikum både nasjonale og internasjonale temporære utstillingsprogram. I dag er det berre nokre få prosent av dei faste samlingane som er tilgjengelege.

  • Museet skal kunna ta i mot fleire skuleelevar med målretta pedagogiske program.

  • Nybygget skal vera slik at museet kan bevara samlingane på ein museumsfagleg forsvarleg måte, der skadar/forfall på grunn av bygningsmessige tilhøve skal reduserast til null.

  • Nybygget skal utformast slik at det skal fremja ei rasjonell, tids- og kostnadseffektiv drift av alle museumsfunksjonane.

  • Nybygget skal styrkja Oslo sentrum som ein vital og publikumsvenleg tilhaldsstad.

2.2 Tidlegare stortingsbehandling av nybygg for Nasjonalmuseet

Heilt sidan ideen om Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design vart lansert i St.meld. nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving. Om arkiv, bibliotek og museum i ei IKT-tid og om bygningsmessige rammevilkår på kulturområdet, har Stortinget jamleg fått informasjon om prosjektet i dei årlege budsjettproposisjonane og i andre dokument til Stortinget, jf. trykt vedlegg 1. Dei vanskelege bygningstilhøva som museet strir med, har fått spesiell omtale.

Frå første stund har det vore ein føresetnad at museet måtte få heilt andre bygningstilhøve enn dei som museet rår over i dei eksisterande bygningane. I utbyggingsprosjektet har hovudkonseptet frå første stund vore at museet skal samla aktivitetane sine på éin stad, m.a. for å få til meir rasjonelle driftstilhøve og mykje betre sikrings- og utstillingstilhøve. I samsvar med kvalitetssikringsordninga for store, statlege investeringsprosjekt (KS 1 og KS 2) sette Kulturdepartementet i gang utgreiingsarbeid i 2004/2005. I budsjettproposisjonane har det vorte informert om framdrifta i utgreiingsarbeidet.

Stortinget har sidan St.meld. nr. 22 (1999-2000) gjeve klår støtte til at Nasjonalmuseet skal få nye, tilfredsstillande lokale; somme gonger gjennom merknader frå ein samla komité, andre gonger i fleirtalsmerknader.

Dei første åra vart det planlagt å byggja ut i Tullinløkka-området med utgangspunkt i dei eksisterande bygningane Nasjonalgalleriet og Historisk museum. Desse bygningane skulle oppgraderast og supplerast med eit stort nybygg som delvis skulle liggja på og under Tullinløkka og i Kristian Augusts gate. Dei utfordringane som vart avdekte i dette prosjektet, er omtala i St.prp. nr. 67 (2008-2009).

Då ei samla bygningsløysing på Vestbanen kom opp våren 2008 som eit alternativ til Tullinløkka-prosjektet, vart det sett i gang ei utgreiing der løysingsforslaga vart samanlikna og analyserte i samsvar med KS 1-ordninga. Stortinget vart informert i St.prp. nr. 1 (2008-2009) om at dersom kvalitetssikringa av utgreiingsmaterialet gav grunnlag for å gå vidare med eit utbyggingsprosjekt på Vestbanen, ville det verta utlyst ein arkitektkonkurranse om prosjektet så snart som mogeleg.

Som merknad til den framlagde informasjonen skreiv stortingskomiteen i Budsjettinnst. S. nr. 2 (2008-2009):

«Komiteen vil understreke at Nasjonalmuseets kjerneansvar består i å være en nasjonal kunnskapsbank og en serviceinstitusjon for de visuelle kunstartene i hele landet med ansvar for landsdekkende formidlingsprogrammer.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene Fremskrittspartiet, mener at det neste store nasjonale byggeprosjektet i hovedstaden, når operaen nå er ferdigstilt, skal være et nytt nasjonalmuseum. Flertallet viser til at Regjeringen arbeider med å forberede en arkitektkonkurranse. Samtidig er det viktig at Nasjonalmuseet sikres gode og forsvarlige forhold i årene før et nybygg er på plass.»

Utgreiingsarbeidet viste at ei samla løysing for Nasjonalmuseet på Vestbanen var det klårt beste konseptet, både museumsfagleg og økonomisk. Ekstern kvalitetssikrar støtta eintydig opp om den tilrådde løysinga i utgreiingsarbeidet.

Regjeringa valde å følgja tilrådinga som låg i utgreiingsmaterialet. Omsynet til samlingane, som er sjølve kjernen i Nasjonalmuseet, tilseier at dei får plass i eit nybygg, der det kan leggjast til rette for best mogelege utstillings- og sikringstilhøve. Utgreiingsarbeidet viste dessutan at alle former for delt løysing, der utstillingar og anna verksemd er delte på ulike bygningar, gjev monaleg høgare driftskostnader og større tryggingsrisiko, m.a. på grunn av høgare transportfrekvens av verdfulle gjenstandar mellom ulike bygningar.

Regjeringa vedtok å lysa ut ein internasjonal, open arkitektkonkurranse (plan- og designkonkurranse) våren 2009 med tanke på å realisera eit nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen. Statsbygg gjennomførde konkurransen. Det vart sendt inn 237 forslag. Resultatet var klart i november 2010, og det vart bestemt at prosjektet «forum artis» skal oppførast som nybygg for Nasjonalmuseet.

2.3 Om Nasjonalgalleriet

Statsbygg har sidan 2010 hatt i oppdrag å vurdera kva som kan vera aktuell aktivitet i Nasjonalgalleri-bygningen når Nasjonalmuseet flyttar ut. Etter at regjeringa våren 2012 konkluderte med at det ikkje er aktuelt å flytta vikingskipa og dei andre samlingane frå noverande lokale på Bygdøy, har Universitetet i Oslo vedteke at dei vil leggja bort planane om å flytta Kulturhistorisk museum til Bjørvika. Dei vil heller etablera ei vikingtidavdeling i tilknyting til Vikingskipshuset på Bygdøy og elles vidareutvikla Kulturhistorisk museum på Tullinløkka. Dersom det ligg til rette for det, ønskjer Universitetet i Oslo at Nasjonalgalleriet skal vera del av den bygningsporteføljen som skal liggja til grunn for det vidare utviklingsarbeidet for Kulturhistorisk museum. Regjeringa har enno ikkje teke stilling til dei nye planane frå Universitetet i Oslo. Dersom det ikkje vert aktuelt å nytta bygningen til funksjonar med tilknyting til universitetet, vil andre statlege behov verta vurderte.

2.4 Andre prosjekt i Vestbaneområdet

Som del av plan- og designkonkurransen for Nasjonalmuseets nybygg fekk ein illustrert i kva monn det er mogeleg å planleggja eit ev. statleg kontorbygg i bakkant av den tomta som Nasjonalmuseet skal bruka, dvs. i området mot Munkedamsveien. Ein mogeleg interessent i så måte kunne vera Utanriksdepartementet. Etter at konkurransen var avslutta, bestemte regjeringa at planarbeidet for eit ev. nybygg for Utanriksdepartementet skulle konsentrera seg om ein annan del av Vestbanetomta, den såkalla trekanttomta (tomt A1 i gjeldande reguleringsplan for området). Statsbygg har sett i gang reguleringsarbeid for eit statleg kontorbygg på trekanttomta, men arbeidet er enno ikkje er avslutta. Lokalisering av Utanriksdepartementet er dessutan eit tema i det arbeidet som er sett i gang med konseptvalutgreiing (KVU) for Regjeringskvartalet.