Prop. 108 S (2012–2013)

Nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen

Til innhaldsliste

3 Resultatet av gjennomført forprosjekt

3.1 Innleiing

Forprosjektet starta med oppdragsbrev av mars 2009 til Statsbygg om å gjennomføra plan- og designkonkurransen, naudsynt reguleringsarbeid og forprosjektering fram til kvalitetssikra forprosjekt (KS 2). Ferdig forprosjekt vart levert til ekstern kvalitetssikring i mai 2012. Prosjektet vart vidareutvikla i perioden fram til desember 2012, medan ein venta på behandlinga av reguleringsplanen i Oslo kommune.

3.2 Plan- og designkonkurransen

Statsbygg kunngjorde ein open, internasjonal konkurranse i mars 2009. Konkurransen var organisert i to fasar. Fase 1 vart avslutta i september 2009, då juryen valde ut seks av 237 forslag, og desse seks vart inviterte til fase 2. I denne fasen skulle forslaga utviklast i samsvar med merknadene frå juryen. Juryen avslutta arbeidet sitt i april 2010 med ein konklusjon der tre forslag vart rangerte. Statsbygg gjennomførte deretter ein avsluttande konkurranse med forhandlingar med dei tre rangerte vinnarane. Denne prosessen vart avslutta i november 2010, der forslaget «forum artis», teikna av Kleihues + Schuwerk Gesellschaft von Architekten mbH (Napoli, Berlin), vart valt. Dette var i samsvar med rangeringa til juryen.

3.3 Presentasjon av prosjektet

Figur 3.1 Nybygget for Nasjonalmuseet på Vestbanen.

Figur 3.1 Nybygget for Nasjonalmuseet på Vestbanen.

Illustrasjon: Kleihues +Schuwerk Gesellschaft von Architekten mbH, MIR Kommunikasjon AS og Statsbygg.

I grunngjevinga for å velja vinnarprosjekt la juryen vekt på at prosjektet har ei enkel formoppbygging som viser stor respekt for dei freda Vestbanebygningane. Med langstrekte og låge lamellar er bygningskomplekset eit balanserande korrektiv til det litt brokete uttrykket som eksisterande kontorbygningar i området viser. Juryen framheva dessutan at «forum artis» har den i særklasse beste museumsløysinga.

3.3.1 Hovudpunkt i bygningsutforminga

I god avstand frå dei freda Vestbanebygningane trappar museumsbygget seg opp mot Munkedamsveien. I dei fremre, lågmælte delane av bygget er publikums- og utstillingsfunksjonar. Bibliotekfunksjonen har ein separat utgang mot Dronning Mauds gate. Utstillingane er fordelte over to etasjar og vert bokstavleg tala «krona» av den såkalla Alabast-hallen, der museet vil disponera om lag 2 400 rutemeter til skiftande utstillingar. Denne hallen formar på mange måtar det sentrale blikkfanget i ein langstrekt bygningsstruktur. Hallen vil vera synleg, anten som ein lys bygningskropp på dagtid eller som ein opplyst, langstrekt skulptur på kveldstid. Det er lagt opp til at museet kan la publikum koma ut på taket av den delen av bygningen som vender mot fjorden. Som del av takkonstruksjonen er det fleire utstillingsnisjar for skulpturar.

Bak utstillingsareala i første og andre etasje finn ein verkstader og magasinareal for dei omfattande samlingane av visuell kunst. I den bakre bygningslamellen er kontor og ein del verkstader lokaliserte. Dette gjev ei funksjonell tredeling av museumsverksemda; fremst mot dei freda bygningane og Aker brygge ligg publikums- og utstillingsareal; innanfor ligg verkstader og magasin, og bak på tomta, mot Munkedamsveien, ligg kontor og andre driftsfunksjonar i museet.

Mellom museumsbygget og rampe til Opera-tunnelen skal det byggjast gang- og sykkelveg som gjer det mogeleg å kryssa Vestbanetomta på ein heilt ny måte.

3.3.2 Dimensjonering

Nybygget har ei brutto arealramme på 54 600 rutemeter. Bruttoramma har vore styrande for prosjektet frå det tidspunktet rammene for plan- og designkonkurransen (arkitektkonkurransen) vart fastsette i mars 2009. Innanfor totalramma legg forprosjektet til rette for følgjande netto funksjonsareal, fordelt på museets hovudfunksjonar:

Funksjonar

Netto funksjonsareal i forprosjekt, desember 2012 (rutemeter)

Publikumsfunksjonar

3 338

Utstillingar

13 368

Formidling, bibliotek, bok på papir m.m.

3 522

Atelier, verkstader

3 493

Magasin

8 200

Mottak, utlevering

2 860

Administrasjon

3 311

Sum

38 092

Brutto arealramme på 54 600 rutemeter omfattar òg kommersielle areal til restaurantdrift på ca. 840 rutemeter. Dette arealet skal behandlast på same måten som i Opera-prosjektet, dvs. det kommersielle arealet skal vera fullt ut sjølvfinansierande i den meining at arealet ikkje inngår i den husleiga som skal dekkjast over museumsdrifta, jf. punkt 3.9 nedanfor. I utviklinga av forprosjektet har utstillingsarealet vorte auka; det har òg publikumsarealet og areal til administrasjon. På den andre sida har magasinarealet vorte litt redusert. Det same har arealet til mottak og utlevering. Ei medverkande årsak til at netto funksjonsareal har kunna aukast, er at ein teknisk mellometasje gjer det enklare å få på plass føringsvegar for omfattande tekniske anlegg utan negativ effekt på netto funksjonsareal.

3.4 Kvalitet

Det er ein føresetnad at Nasjonalmuseets nybygg skal ha ei levetid på mange generasjonar. I forprosjektet har ein difor vurdert materialeigenskapar i samsvar med dette.

I konkurranseprogrammet vart det framheva fleire kvalitative sider ved eit godt kunstmuseum. Materiala i representative areal skal ha høg standard. I publikumsareala skal materialval representera ein god standard både når det gjeld visuelt uttrykk og toleevne. Materiala i utstillingsareala skal vera solide og skal fremja ein variert og fleksibel utstillingsaktivitet. Materialval i andre delar av nybygget skal ha ein nøktern standard med stor vekt på enkelt vedlikehald.

3.5 Tilgjenge

Eit hovudproblem i noverande lokale er at dei er vanskeleg tilgjengelege for grupper som er rørslehemma, eller som treng ulike former for tilrettelegging for å kunne ha nytte og glede av utstillings- og formidlingstiltak i Nasjonalmuseet. Noverande lokale vart oppførde i ei tid der krav til universell utforming og tilgjenge ikkje var like viktige som i dag. Nybygget legg stor vekt på universell utforming, både i publikumsareal innandørs og utandørs og i lokale som hyser ulike arbeidsfunksjonar i museet. I prosjekteringa er det lagt stor vekt på at alle publikumsgrupper skal ha likeverdig tilgjenge til bygningskomplekset.

3.6 Tryggingstiltak

Nybygget får eit høgt tryggingsnivå. Fleire hendingar både her til lands og i utlandet dei seinaste åra har understreka kor avgjerande viktig det er å ta tryggingstiltak i museum på stort alvor. Fysisk skalsikring er den primære sikringa av Nasjonalmuseet. Denne sikringa vil avgjera kor lang tid det tek å trengja gjennom bygningsskalet og skal avgrensa skadeverknadene av uønskte hendingar. Dei konkrete tiltaka i prosjektet ligg på eit svært høgt nivå, utan at ein skal gå i detalj om kva som er planlagt. Omfattande fysiske skalsikringstiltak i sjølve bygningskroppen er supplerte med elektronisk skalsikring. Dessutan vil museet ha på plass organisatoriske tiltak for å ha eit godt sikringsnivå. Vidare vert det lagt til rette for objektsikring i dei tilfella der det er påkravd. Bygget vil ha eigne, interne transportruter for handtering av kunstsamlingane. I utstillingsareala vil sikringstiltaka vera utforma slik at dei så langt råd er, ikkje skal redusera opplevinga av kunstverka.

3.7 Klimatiltak i nybygget

Nasjonalmuseet er prosjektert med spesialklimatiserte rom for utstillingar og magasin. I desse romma er det krav om ulike temperaturintervall og ein relativ luftfukt (RF) på mellom 40 og 60 pst. heile året, tufta på ein internasjonal de facto standard for museum. Konkret inneber krava at det må tilførast vatn i klimaanlegga store delar av året for å sikra at klimaet i utstillingar og magasin held minimumskravet til relativ luftfukt. Dette vatnet skaper eit høgt damptrykk som i sterk monn vil påverka alle skiljekonstruksjonane mot uteklima og mot rom som har lægre luftfukt. Damptrykket kan føra til store bygningsskadar dersom ikkje bygningskroppen vert prosjektert og bygd på rett måte. Nasjonalmuseet er prosjektert slik at bygningen kan tola desse store fuktpåkjenningane.

3.8 Miljøprofil

Følgjande fire miljømål er definerte for prosjektet:

  • Lågast mogeleg klimagassutslepp i eit livsløpsperspektiv.

  • Energi: Bygget skal minimum tilfredsstilla passivhus-nivå. Det inneber energimerke klasse A minus 5 pst. = 100 kWh pr. rutemeter pr. år i levert energi.

  • Materialane skal:

    • vera solide med lang levetid og eldast på ein verdig måte

    • gje enkel dagleg drift og vera enkle å halda ved like

    • gje låg ressursbelastning og lågt CO2-utslepp og dermed redusera påkjenninga på det ytre miljøet

    • medverka til eit godt inneklima

    • ikkje gje frå seg gassar som bryt ned museumssamlingane.

  • Konsept og bygningstekniske løysingar: Det skal veljast robuste løysingar som hindrar fuktskadar og vasslekkasjar.

I det ferdige forprosjektet er dei fire miljømåla innarbeidde. Nybygget på Vestbanen er med i prosjektet FutureBuilt, som er eit tiårs program som skal utvikla klimanøytrale byområde og arkitektur med høg kvalitet. Bak programmet står Oslo kommune, Drammen kommune, Bærum kommune, Husbanken, Miljøverndepartementet, Enova, Transnova, Direktoratet for byggkvalitet, Grønn Byggallianse og Norske arkitekters landsforbund. Målet med programmet er å realisera ei rekkje prosjekt som førebilete. Det gjeld både byområde og enkeltbygg som skal ha lågast mogeleg klimagassutslepp, og som samstundes medverkar til å skapa eit godt bymiljø.

3.9 Kommersielle lokale

Som nemnt i punkt 3.3.2, inneheld nybygget ca. 840 rutemeter brutto kommersielle areal til restaurant- og butikkdrift. Statsbygg har rekna kostnadene for desse areala til ca. 44 mill. kroner. Nasjonalmuseet og Statsbygg skal inngå ei separat husleigeavtale for dei kommersielle areala. Departementet legg til grunn at museet betaler kostnadsdekkjande husleige til Statsbygg. Vidare er det ein føresetnad at museet anten driv sjølv eller leigar ut restaurantfunksjonen. I den ordinære årlege budsjettsøknaden til departementet skal kostnader til drift av dei kommersielle areala ikkje takast med.

3.10 Kunstnarleg utsmykking

Ved kongeleg resolusjon av 5. september 1997 er det vedteke ei ordning for kunst til statlege bygg. Ordninga omfattar reglar for å fastsetja ramma for kunstbudsjett for dei prosjekta som fell inn under ordninga, og føresetnader for produksjon og forvaltning av kunsten.

Formelt sett fell nybygget for Nasjonalmuseet inn under denne ordninga. Det kan likevel seiast at eit bygg som vert reist for å fyllast med visuelle kunstuttrykk av alle slag, kjem i ei særstilling i denne samanhengen. I tillegg er det tale om ein bygning med ein arkitektonisk kvalitet som har kunstnarleg verkshøgd i seg sjølv. Følgjeleg kan det hevdast at både bygningen og innhaldet meir enn oppfyller intensjonen som ligg i regelverket om at statlege bygg skal tilførast kunstnarleg utsmykking. Spørsmålet må difor vurderast nærare, og departementet vil koma attende til Stortinget med ei endeleg vurdering.

3.11 Reguleringsplanen

Parallelt med utviklinga av forprosjektet har Statsbygg også arbeidd med ny reguleringsplan for Vestbanetomta. Resultatet av plan- og designkonkurransen har lege til grunn for Statsbyggs forslag til reguleringsplan. Statsbygg la ut forslaget til offentlig gjennomsyn hausten 2011. På bakgrunn av høyringsfråsegnene og alternative forslag frå Plan- og bygningsetaten (PBE) i Oslo kommune, utarbeidde Statsbygg eit endeleg forslag til reguleringsplan, som vart sendt Oslo kommune til politisk behandling i mars 2012.

Statens vegvesen hadde motsegn mot delar av planforslaget. Det galdt den bakre delen av Vestbanetomta, mot Munkedamsveien. I eit meklingsmøte hjå fylkesmannen tidleg i september 2012 vart Oslo kommune, Statsbygg og Statens vegvesen samde om at dei delane av planforslaget som gjeld området bak nybygget mot Munkedamsveien, skal skiljast ut av reguleringsplanen. Statens vegvesen og Statsbygg skal i fellesskap finna ei føremålstenleg løysing for korleis dette området best skal kunna brukast. Dette skal gjerast i ein eigen reguleringsplanprosess. Det omforeinte forslaget til reguleringsplan for museumstomta vart lagt ut til avgrensa offentleg ettersyn med frist 16. november 2012. Reguleringsplanen for sjølve museumstomta vart stadfesta i Oslo bystyre 30. januar 2013.

Figur 3.2 Utsnitt av reguleringsplan for Vestbanen.

Figur 3.2 Utsnitt av reguleringsplan for Vestbanen.

Illustrasjon: Statsbygg.

3.12 Dei verna bygningane og Nasjonalmuseets nybygg

Det planlagde nybygget har eit arkitektonisk uttrykk som viser klar respekt for dei freda Vestbanebygningane, der Nobels fredssenter og Utanriksdepartementets senter for utviklingsarbeid held til. Mellom dei freda bygningane og nybygget vert det ein plass på ca. 2 000 rutemeter, og der vil museet kunna ha ulike former for aktivitetar. Dei fremre delane av nybygget held same høgd som Vestbanebygningane for ikkje å verka for dominerande. Nybygget trappar seg så oppover mot Munkedamsveien. Utvendig er det valt materialar i nybygget som i stor monn er tilpassa materialar og fargar i dei freda bygningane. Totalt sett er det lagt stor vekt på at nybygget og dei freda bygningane skal spela saman.

3.13 Tomtekjøp

Etter at Oslo kommune i 2007 kjøpte den statlege delen av Vestbanetomta, vart stat og kommune i 2008 samde om at staten skulle kjøpa attende Vestbanetomta frå Oslo kommune i samband med at kommunen endra lokaliseringsplanane for Deichmanske bibliotek. Arealet var litt større enn det som kommunen hadde kjøpt i 2007, og kostnadene var 160 mill. kroner. Etter at reguleringsplanen vart vedteken januar 2013, arbeider Statsbygg og Oslo kommune med å overføra i underkant av 1 300 rutemeter areal til staten slik at heile området kjem på statens hand.

3.14 Grunntilhøve

Grunnen består av fyllmassar, hovudsakleg av stein, sand og grus, som går 1,5 – 2,5 meter ned under terreng. Resultat frå miljøtekniske grunnundersøkingar indikerer at ein vil finna både reine og lett til moderat forureina massar i byggjegropa. Undersøkingane har også avdekt to soner med sterkt oljeforureina massar. Statsbygg legg til grunn at ein del fyllmassar må fraktast til godkjent deponi for forureina massar.

Fast berg ligg frå ca. 2 til ca. 22 meter under eksisterande terrengnivå. Berget kan somme stader vera svært bratt. Ein reknar med at grunnvasstanden i området ligg på same nivå som sjøen, det vil seia omkring kote 0.

I berget under tomta går det 2 tunnelar, høvesvis vest- og austgåande løp for E 18 (Opera-tunnelen), i tillegg til ein avløpstunnel (VEAS-tunnel). Sjølv om nybygget i avgrensa monn går under bakkenivå på tomta, vil underetasjar, i hovudsak for tekniske installasjonar, medføra byggjetiltak innanfor omsynssonene for både E-18-tunnelane og VEAS-tunnelen.

3.15 Nasjonalmuseets vurdering av forprosjektet

Nasjonalmuseet har frå første stund i planleggingsarbeidet vore sterkt involvert i dei ulike prosessane som har ført fram til ferdig forprosjekt. Dette har vore avgjerande viktig for å få ei løysing som kan oppfylla intensjonane om at museet skal vera ein markant institusjon for visuell kunst i Noreg. Styret i Nasjonalmuseet behandla konklusjonane i forprosjektet i møte 30. januar 2013, og i sin konklusjon seier styret m.a. følgjande:

«Norge trenger et nasjonalmuseum som har de nødvendige bygningsfasiliteter til å forvalte og formidle visuell kunst på en måte som er på høyde med emnets kulturelle og samfunnsmessige betydning. En stor internasjonal arkitektkonkurranse er gjennomført, og siden har vinnerutkastet vært igjennom en grundig prosess med bearbeidelse og kvalitetssikring. Dermed er nå grunnlaget lagt for løsningen av en oppgave som har ligget uløst i mange tiår.
Nasjonalmuseets nybygg på Vestbanen vil gi et løft for hele det visuelle kunstfeltet i Norge. Kunst, kunsthåndverk, design og arkitektur vil få en helt ny synlighet og bli bedre tilgjengelig for bredere lag av befolkningen. Nybygget vil bli et kultivert arkitekturverk på et høyt internasjonalt nivå og gi Norge muligheter til å få en langt tydeligere posisjon innen visuell kunst.
I motsetning til mange museer som bygges på sentrale og verdifulle tomter, vil Nasjonalmuseet på Vestbanen bli et komplett museumsanlegg med magasiner og konserveringsverksteder like ved utstillingsarealene. Dette reduserer faren for skader på kunsten, gir korte transportveier og en god driftssituasjon.
For publikum er den største fordelen at de vil få se en langt større del av museets samlinger. Det blir en ny dimensjon at publikum på ett sted vil få overblikk over hele det visuelle kunstfeltet. Dessuten vil de skiftende utstillingene bli mer ambisiøse og omfattende enn det har vært mulig tidligere.
Det vil bli nesten en fordobling av utstillingsarealet. I dag har Nasjonalgalleriet, Kunstindustrimuseet og Museet for samtidskunst til sammen i underkant av syv tusen kvadratmeter utstillingsflate. På Vestbanen vil det bli mer enn tretten tusen kvadratmeter. Dessuten blir det gode fasiliteter for ulike former for formidlingsvirksomhet.
Med Nasjonalmuseet på plass vil Rådhusplassen endelig få en klar avgrensning mot vest. Det store museet blir et overgangsledd mellom det nye sentrumsområdet ute ved fjorden og den eldre bykjernen.
Nasjonalmuseets bygning på Vestbanen konkurrerer ikke med Rådhuset og viser respekt for de gamle stasjonsbygningene. Det store huset har en kultivert selvfølgelighet og utstråler en ro og verdighet som står til institusjonens samfunnsrolle.
Nasjonalmuseets styre stiller seg bak det fremlagte forprosjektet og anbefaler på det sterkeste at det legges til grunn for realiseringen av museets byggeplaner på Vestbanen.»